Hopp til innhold

Fleire Sogndal-spelarar skadde

Mange sentrale Sogndal-spelarar er ute berre få dagar før seriestarten søndag.

Ahyee Aye Elvis

SKADD: Ahyee Aye Elvis måtte få behandling av Håvard Flo under dagens trening.

Foto: Arve Uglum / NRK

For i helga brakar det laus i eliteserien. Sognalaget skal møte Odd Grenland i serieopninga. Men sentrale spelarar som Per Egil Flo, Hannu Patronen og Eivind Daniel Røed er alle ute.

Patrnonen har fått ein skade i skuldra si og Ahyee Aye Elvis halta etter treningsøkta i dag.

– Hannu blir ikkje klar til søndag. Det er synd, for han har vore ein av våre beste i vinter, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson til Sogn Avis.

Elvis seier til avisa at han fekk ein smell i leggen tysdag og at det gjorde vondt då han prøvde seg på bana i dag. Han veit enno ikkje om han blir klar til søndagens kamp.

Eirik Bakke er heller ikkje heilt skadefri, men satsar på å spele kampen søndag.

Sogndal jaktar framleis ei ny midtstoppar, men det ser ikkje ut til at dei får inn ein ny spelar den første seriekampen.

– Det ser ut til at vi må klare oss med dei vi har, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson.