Hopp til innhold

Frå ultralokalt til multinasjonalt - stadig fleire utlendingar i Sogndal

Unge lokale spelarar har alltid vore ein suksessfaktor i Sogndal Fotball. Men i sin andre eliteseriesesong på rad, er fylkesprofilen kraftig svekka.

Video Frå ultralokalt til multinasjonalt

SJÅ TV-SAKA: Denne sesongen har Sogndal sju utanlandske spelarar.

Hannu Patronen

FRÅ FINLAND: Hannu Patronen

Foto: Rune Sjøberg
Jasmin Mecimovic

FRÅ MAKEDONIA: Jasmin Mecimovic

Foto: Rune Sjøberg
Taijo Teniste

FRÅ ESTLAND: Taijo Teniste

Foto: Rune Sjøberg / Sogndal Fotball
Ahyee Aye Elvis

FRÅ ELFENBENSKYSTEN: Ahyee Aye Elvis

Foto: Oddleif Løset / NRK
Malick Mane

FRÅ SENEGAL: Malick Mane

Foto: Øystein Fossum
Stephane Badji

FRÅ SENEGAL: Stephane Badji

Foto: Rune Sjøberg
Tonny Brochmann

FRÅ DANMARK: Tonny Brochmann

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Etter at Jasmin Mecimovic frå Makedonia skreiv under for klubben i dag, har Sogndal no sju utanlandske spelarar. I tillegg er trenaren svensk. Då fjorårssesongen starta, var det berre tre utlendingar i troppen.

Trenar Jonas Olsson seier det viktigast er å behalde plassen i eliteserien.

– Vi har mange dyktige lokale spelarar, men alle er ikkje heilt klare for tippeligaen enno. Dei kan bli det om ikkje så lenge, difor er det viktig med kortsiktige løysingar for å behalde plassen vår, seier han til NRK.no.

Men framleis er 13 av 23 av spelarane i stallen fødde i Sogn og Fjordane. Det er stadig mange, men Sogndal har byrja å likne dei andre klubbane på elitenivået når det gjeld importspelarar.

– Viktig å gjere norsk fotball betre

Etter tre sesongar i eliteserien med stadig færre utanlandske spelarar, er no trenden snudd igjen. Tre dagar før seriestart var det 106 importspelarar i den øvste divisjonen, viser tal som VG Sport har henta inn. Før seriestart i fjor var talet 94. I 2009 var talet 139.

Toppfotballsjef Nils Johan Semb seier dei lever godt med desse tala og meiner det var meir urovekkjande dersom det hadde vore ein større auke.

– Talet vil variere ut frå klubbøkonomi i Norge og resten av verda. For klubbane er det viktig å treffe på importane og hente spelarar som gjer norsk fotball betre, seier Semba til avisa.

Mange som reiste

Tilbake i Sogndal seier dagleg leiar Egil B. Mundal at 2011 var eit spesielt år med ei stor gruppe lokale spelarar som hadde vore i klubben i mange år.

I ein kamp mot Rosenborg i fjor, var sju av spelarane på bana frå Sogn og Fjordane. Så mange blir det neppe i år.

– Når til dømes Mads Solheim og Even Hovland heldt fram karrierane sine ein annan stad, måtte vi hente inn nye referansespelarar, seier han til NRK.