Arrangørane må ta eit pauseår for å få på plass naudsynt kursing av sine nær 80 vakter og frivillige frå Aurland Idrettslag og Røde Kors Hjelpekorps.
Frå 1. januar gjeld nye reglar for vakthald for ritt på offentleg veg.
- Les også:
– Det er så pass krevjande at vi treng meir tid til å klare det. Vi vil ikkje komme i hamn før neste år er omme. Difor må vi avlyse arrangementet neste år, seier Børge Sivertsen i arrangørstaben.
300 deltakarar
Det 102 kilometer lange triatlonløpet vart arrangert første gang i 2010. Den flotte naturen i og rundt Aurland har siste åra lokka kring 300 deltakarar frå inn- og utland.
- Les også:
Etter ein symjetur i fjorden syklar utøvarane nær 100 kilometer tur retur den vesle bygda Erdal, før dei spring opp Aurlandsdalen og i mål på Østerbø.
Med ei total stigning på 4.200 høgdemeter er løpet tøft og krevjande. I 2018 blir det altså ikkje noko av.
– Vi må bruke året til å finne ut kva som ligg i regelendringane, så må vi i dialog med idrettslag og lokalsamfunn. Vi håpar å vere tilbake i 2019, seier Sivertsen.
– Bra fokus, men ...
NRK fortalde i sommar om Nordfjordrittet som av dei same regelendringane tel på knappane. I korte trekk inneber regelendringane at alle vakter under sykkelritt på offentleg veg må ha kursing frå 1. januar 2018.
125 kilometer lange Nordfjordrittet hadde i år deltakarrekord med 299 deltakarar.
– At det vert fokus på sikkerheita er bra, men for små klubbar som oss vert det vanskeleg å få til opplæring av alle vaktene vi treng, sa Jørgen Bergset, styremedlem i Sandane sykkelklubb.
Møter utfordringar
Også Sivertsen i Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon meiner det er bra å fokusere på tryggleiken. Samstundes tel fleire mindre arrangørar på knappane.
- Les også:
– Utfordringa er når ein nyttar seg av lokale krefter, som gjennom jobb har kompetansen ein treng, men ikkje har gått kursa som tilfredsstiller krava, seier han.
– Det blir ei stor belastning for lokale frivillig krefter å år etter år gjennomføre arrangement om ein må under strenge krav til formell kursing, legg han til.
Har fått reaksjonar
Sivertsen at dei allereie har fått tilbakemelding frå deltakarar som tykkjer det er trist at det ikkje blir noko av arrangementet neste år.
– Det er blitt eit veldig spesielt arrangement som har etablert seg som noko heilt unikt. Vi har veldig mange gjengangarar som har dette som sitt store mål og ynskjer å halde fram, seier han.
– Trur du 2017 var siste året?
– Eg trur ikkje det, men heilt avklara er det ikkje.