Hopp til innhold

Nytt regelverk kan bety slutten for sykkelritt

Frå 1. januar 2018 må alle vaktar under sykkelritt på offentleg veg ha kursing. Arrangørar og forbund fryktar det er kroken på døra for mange ritt.

Nordfjordrittet 2017

SISTE GONG?: I strålande sol vart den femte utgåva av Nordfjordrittet arrangert 3. juni 2016. Men no vurderer arrangøren å legga ned rittet, trass i ny deltakarrekord.

Foto: Vidar Eide / Nordfjordrittet

Jørgen Bergset og Gro Pleym Iversen

SKEPTISK: Jørgen Bergset i Sandane sykkelklubb likar intensjonen om den nye læreplanen, men meiner den vert for omfattande for små sykkelklubbar og ritt.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– At det vert fokus på sikkerheita er bra, men for små klubbar som oss vert det vanskeleg å få til opplæring av alle vaktene vi treng, seier Jørgen Bergset, styremedlem i Sandane sykkelklubb.

Dei står bak Nordfjordrittet, som i år hadde ny deltakarrekord med 299 deltakarar. Men for å arrangera det 125 kilometer lange rittet treng dei om lag 100 frivillige. Med det nye regelverket må alle på kurs.

Og situasjonen deira er ikkje unik. I 2016 vart det vedtatt ny forskrift om sykkelritt på veg som tredde i kraft i juni 2016, for sykkelritt i heile landet, men først 1. januar neste år vert den praktisert.

Heile læreplanen kan du lesa her (ekstern lenke).

  • Saka fortsett under faktaboksen.

Påverkar alle

Årleg er det tusenvis av syklistar på alle nivå som syklar frå Bergen til Voss, Oslo-Trondheim eller i andre mindre lokale ritt. Fleire tusen er frivillig under desse ritta og Norges Cyckleforbund fryktar obligatorisk kursing vil påverke breidda i sykkelsporten.

– Alle ritt vil bli påverka, men dei vi er mest bekymra for er barne- og ungdomsritt, samt eliteritt der inntektsgrunnlaget er avgrensa, seier Per Erik R. Mæhlum, arrangementsansvarleg Norges Cyckleforbund.

– Vi håpar vi kan halda oppe aktiviteten rundt om i landet som vi har i dag, for mange er sykkelritt eit viktig treningsmål og eit tiltak for folkehelsa, seier Mæhlum.

For no jobbar forbundet med å få til eit elektronisk kurs for frivillige kan ta på nettet, men for Nordfjordrittet er det likevel utfordrande.

– Vi har ikkje alltid dei same vaktene kvart år og då må vi kanskje læra opp nye heile tida. Intensjonen med kurset er bra, men for oss vert det vanskeleg, seier Bergset.

Bergen - Voss

POPULÆRT: Fleire tusen syklar årleg i norske sykkelritt. Her frå ei tidlegare utgåve av Bergen-Voss.

Foto: Pål Bentdal

I overkant

I Hordaland har klassikaren Bergen-Voss samla tusenvis av syklistar sidan oppstarten i 1977 og førre helg var det om lag 2000 som sykla turen, som er arrangert av Bergen Cyckleklubb.

Nils Olaf Solberg Bergen Cykleklubb

STØTTEORDNING: Leiar i Bergen CK, Nils Olaf Solberg, trur det vert dyrare å arrangere sykkelritt med det nye regelverket, men håpar det vert oppretta støtteordningar for arrangørane frå det offentlege.

Foto: NRK

– Eg håpar endringa er positiv og at vakthaldet vert betre, men eg ser at det er utfordringar i omstillingsfasen, seier Nils Olaf Solberg, leiar i Bergen CK, Nils Olaf Solberg.

– Kva utfordringar?

– I tillegg til å jobba dugnad er det nok mange som vil føla at det å skulla ta eit kurs før ein skal gjera dugnad, er litt i overkant, seier han.

Vegdirektoratet har laga læreplanen vaktar no må gjennom.

– No kan private vaktar regulera trafikken på same måte som politiet og på lang sikt trur vi arrangørane kan spara pengar. Det vert også betre trafikktryggleik, seier Anne Lise Lehne i seksjon for trafikantåtferd i Vegdirektoratet.