- Folk grein av glede ved målgang

Det er dei tøffaste av dei tøffe som deltek på Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon. Bestemann kom i mål etter seks timar og 44 minutt.

Wolfgang Seidl vann AXTRI i Aurland

VINNAR: Wolfgang Seidl kom først i mål på ei vinnartid som imponerte arrangørane. Andre var så slitne då dei gjekk i mål at tårene kom trillande, av glede.

Foto: AXTRI

Det har blitt rekna som eit av dei tøffaste i verda og då startskotet gjekk i går var det med 130 løparar frå 21 land på startstreken.

- Dette var rett og slett artig. Og vinnaren skal ha skryt for ein vanvittig prestasjon, seier Michael Grasdalsmoen som er ein av arrangørane.

Det var Wolfgang Seidl som vann konkurransen med ei totaltid på 6:44:12. Han starta med å symje 1900 meter på 29 minutt, sykleetappen var over på 3:48:37 medan landevegsløpet tok 2:21:29.

- Ekstreme prestasjonar

Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon gjekk av stabelen laurdag og tek utgangspunkt i den flotte naturen i og rundt Aurland. Etter ein symjetur i fjorden syklar utøvarane nesten 100 kilometer fram og tilbake til den vesle bygda Erdal før dei til slutt spring opp Aurlandsdalen og i mål på Østerbø.

Med ei totalt stigning på 4200 meter er konkurransen både tøff og krevjande. Arrangør Michael Grasdalsmoen er imponert over bestetida.

For å samanlikne bestetida på landevegsløpet opp Aurlandsdalen seier han at vinnaren sprang på eit tid som nesten er betre enn den tida skikongen Bjørn Dæhli sprang på for fleire år sidan.

- Og Seidl brukte berre nokre minutt meir, men det var etter at han hadde sykla i nesten fire timar, så det seier sitt, seier Grasdalsmoen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sliten deltakar på Aurland Xtreme Triathlon

SLITEN: Ein sliten deltakar går i mål. Nokre skal ha vore så slitne at dei grein etter målgang.

Foto: AXTRI

– Grein av glede då dei kom i mål

Sjølv om dei tøffaste av dei tøffe deltek, er det også plass til dei som ikkje er fullt så tøffe også. Blant internasjonale stjerner var det også mosjonistar som ville teste deg sjølve. Det var til dømes fleire kameratgjengar som sette både kropp og sjel på prøve.

- Det var fleire som grein av glede då dei gjekk i mål, seier Grasdalsmoen.

Men for nokon vart den tøffe løypa hakket for krevjande. Av dei 130 som starta var det 12 som ikkje kom i mål.

- Det var for eksempel med ein stor amerikanar. Då han hadde sykla til Erdal hadde han ikkje sjanse til å kome seg over fjellet tilbake, så han måtte vi ta i bil, seier Grasdalsmoen.

Rangert blant topp ti

Det var etter eit testløp i fjor at arrangørane for alvor begynte planlegge konkurransen. Etter testløpet har Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon blitt omtala i fleire ulike sportsmagasin.

Mellom anna vart dei i bladet USA-Triathlete rangert blant dei ti hardaste triatlon i verda, uansett distanse. Slike omtaler har gjort konkurransen populær og det har vore stor pågang av folk som ville vere med.

- Det var masse folk frå utlandet med i går og for dei var det ei heilt spesiell oppleving. Alle som ikkje har sett desse fjella, fjorden og Aurlandsdalen før vart heilt overvelda, seier Grasdalsmoen.

- Blir dette eit årleg arrangement frå no av?

- Garantert!

Aurland Xtreme Triathlon

STARTEN: 130 deltakarar sette ut frå startområdet. Berre 118 av dei hadde krefter til å kome seg heilt til mål.

Foto: AXTRI