– Vi har fått utruleg mange meldingar om tre over vegen, og ein del stadar slit vi framleis med å få rydda opp. Men veldig mykje har blitt rydda i løpet av natta, seier Stian Rosnes, som er vaktoperatør på Vegtrafikksentralen i Bergen.
Desse vegane er framleis stengde:
- Fylkesveg 1 mellom Brekke og Instefjord er stengd på grunn av opprydding
- Fylkesveg 57 er stengt mellom Nordgulen og Rutledal på grunn av velta tre
På desse vegane ventar entreprenøren på dagslys for å få rydda.
Det er viktig å merke seg at det kan òg vere tre og anna som framleis sperrar vegar, men som ikkje har blitt oppdaga enno.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
SJÅ VIDEO: Fotograf Truls Kleiven har vore ute i Florø i natt, der brannmannskap og andre sjekka forholda etter uveret.
Mange fjellovergangar er stengde
Av fjellovergangane er det berre Filefjell og Hemsedalsfjellet som det er mogleg å ta seg over med personbil.
- E16 Filefjell: Vegen er open (snø- og isdekke)
- Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Vegen er open
- Riksveg 13 Vikafjellet: Stengd, blir ikkje opna i dag
- Riksveg 15 Strynefjellet: Stengd, ny vurdering klokka 19
- Fylkesveg 50 Hol–Aurland: Kolonnekøyring
- Fylkesveg 53 Tyin–Årdal: Stengd, blir ikkje opna i dag
I tillegg er dei første avgangane på alle flyplassane i Sogn og Fjordane er innstilt, ifølge Widerøe sine nettsider.
Ferjesambanda er tilbake i drift
På fjordane er det normal ferjetrafikk på alle ferjesambanda. Lavik-Oppedal hadde ferjeavgangar frå klokka 22.30, måndag kveld.
På sambandet Mannheller-Fodnes gjekk ferjene i rute utan problem heile kvelden.
– Det er framleis ein del ferjesamband som er innstilt. Vi har ikkje fått tilbakemelding frå ferjeselskapa på alle ferjesambanda, så vi veit ikkje når dei innstilte sambanda er tilbake i drift, sa Rosnes før klokka 06 i dag.