Hopp til innhold

Målte «Urd» til orkan i kasta

FLORØ (NRK): – Han var frisk i dag, seier skipper Vidar Johannessen på redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen.

Vidar Johannessen, skiper Kristian Gerhard Jebsen

BEREDSKAP: Vidar Johannessen og redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen ligg i beredskap i Florø. – Dersom nokon slit seg kan vi ta tak i det. Dersom nokon går ned til sjøen og dett på havet så må vi ut å søke, seier han.

Foto: Arne Stubhaug

«Urd» ser ut til å ha herja frå seg, utan at det har ført til dei heilt store skadane i Sogn og Fjordane.

Mats Kirkedelen t.v.

PATRULJE: Mats Kirkedelen og kollegaen passer på at folk ikkje set seg sjølve i fare i den kraftige vinden i Florø.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Politiet har fått ein del meldingar om trevelt og lause leidningar. Også takplater skal ha losna.

– Det har eigentleg vore lite i forhold til det vêret som har vore her i dag. No seier dei at det skal roe seg utover kvelden, seier politibetjent Mats Kirkedelen.

Ei bølgje slår over kaien i Ervik i Selje.

SJÅ: Ei bølgje slår over kaien i Ervik. (FOTO: BJØRN ERIK SJÅSTAD)

Politibetjenten er ute for å sikre at personar ikkje set seg i fare på grunn av den kraftige vinden og veldige sjøgangen. Redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen ligg til kai i beredskap.

Skipper Vidar Johannessen seier at dei målte vindkast på 40 meter i sekundet.

– Det er ganske kraftige vindkast, seier han og minner om at grensa for orkan går på 32,7 meter i sekundet.

Både Johannessen og Kirkedelen oppmodar folk om å halde seg vekke frå sjøen.

– Folk bør halde seg langt vekke frå der bølgjene bryt. Folk bør haldee seg heime. Det er veldig skummelt å bevege seg ned på svaberga. Ein skal ikkje langt ut i fjorden før vi har havdønningar, seier han