Hopp til innhold

«Urd» har teke straumen frå 5.300 straumkundar

– Ein del må heilt sikkert måtte vere utan straum til tysdag morgon.

Urd på Fedje

SJØSPRUT: Salt frå sjøen har slått ut hovudforsyninga av straum til Hyllestad og Solund.

Foto: Alrik Velsvik

Det seier nettdirektør Asgeir Aase i Sogn og Fjordane Energi seint måndag kveld. Til saman har Sunnfjord Energi, Sognekraft og Sogn og Fjordane Energi 5.300 abonnentar utan straum.

– Kysten er hardast råka og Indre Sogn er uberørt. Framleis er det heftig vind og abonnentane vil oppleve blinking. Det vil i hovudsak skuldast salt på linja, seier han.

OPPDATERT TYSDAG MORGON: Over 500 personar er framleis utan straum etter stormen "Urd" sine herjingar i går.

Over 8.000 på det meste

Kundane i Sunnfjord Energi sitt område er hardast råka, med kring 4.600 utan straum. Sogn og Fjordane Energi har 450 utan straum, medan talet for Sognekraft er 240.

Til saman har over 8.000 vore råka av kortare eller lengre straumbrot. På landsbasis er over 30.000 utan straum på grunn av herjingane til ekstremvêret «Urd».

– Med tanke på vindretninga, så håpa eg det skulle gå betre, men eg frykta det verre. Det har vore heftig vind, så eg trur vi skal vere nøgde med at det ikkje gjekk verre, seier Aase.

Tilsette først og fremst

Dagleg leiar Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi seier at hovudforsyninga til Hyllestad og Solund er nede.

– Eit tre har lagt seg over hovudforsyninga. Feilrettinga er allereie i gang, men først når treet er fjerna får vi sett skadane. Vi ser også på alternativ forsyning, seier han.

Elles er det hovudsakleg kundar rundt Dalsfjorden som er råka. I tillegg skal det vere ein feil mellom Kyrkjebø og Høyanger som førebels ikkje er retta.

– Vi må ta omsyn til mørke og vinden. Når feilen er lokalisert, så tek ein stilling til om feilen lar seg ordne. Vi må ta omsyn til mannskapet først, seier Behrens.

47 basestasjonar ute

Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor slår fast at «Urd» ikkje har lamma telekommunikasjonen like hardt som «Dagmar» for fem år sidan.

I 2011 var kring 31.500 abonnentar utan fasttelefon under uvêret, medan 728 basestasjonar for mobiltelefoni vart slått ut.

– I Hordaland er 34 basestasjonar ute. Det utgjer kring fem prosent. I Sogn og Fjordane er 13 av 300 stasjonar ute. Totalt sett er ikkje det ille, seier Amundsen og ikkje kan seie sikkert kor mange mobilabonnentar som er råka. Til saman er kring 1.000 abonnentar i dei to fylka utan internett.