Svein (65) skal laga verdas grønaste sink: – Stas å få vera med på

Fabrikken i Odda var med på å gjera fjorden til ein av verdas mest forureina. No blir den gjort om til verdas mest moderne og miljøvennelege sinksmelteverk.

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det skjer eit omfattande arbeid på fabrikken som ligg på den karakteristiske halvøya som speglar seg i Sørfjorden like utanfor Odda sentrum.

Inne på fabrikken er det bygging av ny elektrolysehall, nytt støyperi, nytt røysteanlegg og ny svovelsyrefabrikk.

På det meste har det vore rundt 1000 personar i arbeid samtidig inne på fabrikkområdet for at ein skal koma i mål.

Den 21. juli 2021 kom nyheita om at dei svenske eigarane i Boliden skulle investera 850 millionar euro og nesten dobla produksjonen på sinkverket inst i Hardanger.

Alt skal stå ferdig i 2024. Då er det akkurat 100 år sidan verket såg dagens lys.

Då skal sinksmelteverket bli det mest grøne, miljøvennelege og avanserte i verda.

Vil dei klare å bli ferdige til jubileet?

Odda

Sinkverket Boliden ligg på ei halvøy like utanfor Odda sentrum.

Foto: Tale Hauso / NRK
Utbygging Boliden Odda

Inne på fabrikken er det bygging av ny elektrolysehall og nytt støyperi.

Foto: Kai-Inge Melkeraaen / Boliden Odda
Utbygging ved Boliden i Odda.

I tillegg til nytt røysteanlegg og ny svovelsyrefabrikk.

Foto: KAI-INGE MELKERAAEN / Boliden Odda
Utbygginga hos Boliden Odda.

På det meste har det vore rundt 1000 personar i arbeid samtidig inne på fabrikkområdet for at ein skal koma i mål.

Foto: Tale Hauso / NRK
På Boliden er det 1000 tonn med stillas i byggeperioden.

Det er i bruk 1000 tonn med stillas i byggeperioden.

Foto: Tale Hauso / NRK
Mykje arbeid på fabrikkområdet til Boliden.

Det er eit stort arbeid som går føre seg for å utvida og modernisera fabrikken.

Foto: Tale Hauso / NRK
Lektere med leilegheiter som ligg ved fabrikken Boliden.

Fabrikken måtte henta inn flytande hotell, såkalla «flotell». Tre lange lekterar på 100 meter med brakker over to etasjar er plassert tett i tett, som ein eigen by. Med til saman 1001 sengeplassar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Arbeidsplass i 50 år

Boliden eller «zinken» som oddingane kallar fabrikken, har vore arbeidsplass for mange i Hardanger. Og det er ein mann som kjenner verket spesielt godt.

Det er Svein Øyre (65).

Han er noko som blir kalla driftsoperatør av avgass-systemet på verket. Det vil seie at han passar dagleg på at alt fungerer som det skal på gassreinseanlegga.

Han kjenner kvar krok av fabrikken som si eiga bukselomme. Han tar oss med inn i støyperiet kor sinken blir produsert.

Han går med raske steg forbi smelteomnane medan han forklarar entusiastisk.

Flytande sink med ein sølvfarge som glinsar i lyset, kjem nedover renna med ein temperatur på rundt 540 grader.

– Eg har halde på ganske lenge. Eg håpar eg rekker å vera med og starta opp dei nye anlegga til våren.

Til neste år har Øyre jobba her inne på fabrikken i 50 år.

Han starta opp som bod på kontoret på fabrikken i 1974. To veker før han vart 16 år. Då han vart 18 år fekk han lov til å byrja på rundskift på støyperiet.

Sidan har han vore på fabrikken.

– Du må ha ei god helse om du skal orka 50 år, seier Øyre.

Boliden med Svein Øyre utanfor støyperiet.

Svein Øyre har snart jobba på fabrikken samanhengande i 50 år. Her står han utanfor gassreinseanlegga han har ansvaret for.

Foto: Tale Hauso / NRK

Gamle synder

Sink er eit viktig metall som mellom anna blir brukt i bilindustrien, i it-industri, fly, i helsebransjen. Eigentleg til alt mogleg.

Sink blir mykje brukt til galvanisering av jarn og stål for at det ikkje skal løysa seg opp eller rusta. Då blir gjenstandane gjerne dyppa i smelta sink.

Zink frå Boliden i Odda.

Ferdig produsert sink som er klar for å bli frakta vidare til kjøparane.

Foto: Tale Hauso / NRK

Men resultatet av produksjonen har og hatt ei bakside.

Når ein tar ut sink får ein eit miljøskadeleg restmateriale, som kan ha store verdiar av tungmetall som bly og kvikksølv.

Sørfjorden har tidlegare blitt kalla ein av verdas mest forureina fjordar grunna utslepp frå industrien. Ein av dei var frå Zinken.

I avisa Hardanger i 1972 viste resultat frå miljøundersøkingane at det var tungmetallkonsentrasjonar som var 900 gonger høgare enn normalt på botnen.

Øyre hugsar godt at heile vågen var raud av slam som gjekk ut i Eitrheimsvågen.

Åvaring mot komsun av blåskjell
Faksimile: Hardanger Folkeblad

Men så blei det gjort ein stor innsats med å pakka inn «den gamle moroa», som Øyre kallar det.

I 1986 vart ein jubeldag i Odda, då fabrikken stansa utslepp av industriavfall til Sørfjorden for godt. Dei miljøskadelege restmaterialane blei no lagt inn i store hallar som var sprengt inn i fjellet.

Året etter fekk Norzink miljøpris for å ha brukt 85 millionar kroner til reine miljøtiltak.

Industriutsleppa har blitt kraftig redusert dei siste 20–30 åra, og tilstanden i Sørfjorden har betra seg noko, viser rapport frå Miljødirektoratet.

No har fabrikken eit nytt mål. Å bli meir miljøvennleg og grønare. Sjølv om det har i utbyggingsperioden kome klager om både støy og støv av naboane.

– Det er ein kraftkrevjande industri vi jobbar under, men å gjera ein slik kraftkrevjande industri så grøn som mogleg er glimrande, seier Øyre.

Boliden i Odda hausten 2023

Det raude slammet er for lengst borte og vegetasjonen er tilbake.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ligg i genane

Øyre tar oss med vidare inn i fabrikken og ned ein etasje og til pauserommet sitt. Her har han forstørra fleire svart-kvitt bilete frå fabrikken opp gjennom tidene, og hengt opp på veggen.

Fabrikken har vore og er ei hjørnesteinsbedrift i indre Hardanger.

Øyre tar ned eit bilete som betyr ekstra mykje for han.

Det er bilete av morfaren som står med ryggen til fotografen. Han står og støyper sink. Biletet er tatt like etter krigen.

– Det er bilete av besten min. Den gongen brukte dei kaps i staden for hjelm, og ingen brukte briller, seier Øyre som står i fullt verneutstyr frå topp til tå.

Morfaren jobba frå 1929 til 1970. Det er same skiftet han var på når han slutta, som Øyre starta på seks år seinare.

No er Øyre glad for at fabrikken investerer og rettar seg for framtida.

– Det er fantastiske greier dette. Det var veldig viktig, spesielt for samfunnet, at eigarane ville investera så mykje i bedrifta.

Svein Øyre med bilete av bestefaren sin som jobba på zinkverket før han.
Foto: Tale Hauso / NRK

Satsar på 100 nye år

Administrerande direktør Helene Seim ser ut over anleggsområdet der det er full aktivitet. Ho trur det er ei unik moglegheit og er viktig for å sikra hundre nye år for fabrikken.

Ho er sjefen som skal gjera fabrikken om til å produsera grøn sink og bli det mest moderne sinkverket i verda.

– Vi produserer eit metall som er enormt viktig for det grøne skiftet, og den sinken vi lagar her har det lågaste CO2-avtrykket i forhold til dei andre sinkprodusentane, seier Seim.

Ho viser til at dei har fått ei langsiktig avtale med fornybar energi i vasskraft, slik at fabrikken vil ha lågt avtrykk.

Adm.dir ved Boliden Odda, Helene Seim.

Helene Seim er administrerande direktør ved Boliden Odda og har ansvaret for den store utbygginga.

Foto: Tale Hauso / NRK

Utsleppet hos Boliden av CO2 pr. kg sink er på rundt 1 kg, medan gjennomsnittet er på 3,6 kg.

– Men kor grøn kan sink bli?

– Det blir ikkje så mykje grønare enn slik vi har fått det til her i Odda, seier Seim.

På fabrikken vil dei og få eit såkalla bly-sølv-anlegg. Der skal dei ta ut ca. 40000 tonn årleg av eit restprodukt som elles ville gått i fjellhallane.

Her er det både bly, sølv og litt gull. Det skal bli henta ut og selt vidare til andre anlegg, og på den måten får sinkverket nytta meir av råstoffet.

Oljefondet er verdas største statlege investeringsfond, og har ei investering på om lag 623 millionar kroner i Boliden.

I fjor gjekk Oljefondet ut med ein klimahandlingsplan som viste viktigheita av at selskapa dei satsar på tenkjer klima og miljø.

Eit av dei viktigaste måla i planen er at alle selskap dei investerer i skal ha eit mål om netto nullutslepp innan 2050.

Julian Rødal er akkurat ferdig som lærling og har fått jobb på Boliden.

Julian Rødal har fått fast jobb på fabrikken og er med i prosjektet med å gjera fabrikken grønare.

Foto: Tale Hauso / NRK

Nye krefter

Julian Rødal er 21 år gamal og er automatikar.

Han har fått fast jobb på fabrikken etter å ha vore lærling der, og skal jobba i den nye elektrolysehallen som er under bygging.

– Det er utruleg spennande og kult å få vera med på eit så stort prosjekt. Det er ikkje så ofte det skjer på landbaserte anlegg, seier Rødal.

Han synest det er bra at fabrikken har så stort fokus på å bli grønare.

– Det er veldig viktig, meiner Rødal.

Både Rødal og Øyre er viktige brikker i arbeidet med å få fabrikken klar til sommaren.

Øyre er spent på dei neste månadane før utvidinga skal vera ferdig, og om det blir ny jubileumsfest.

– Eg var faktisk på jubileumsfesten då bedrifta var 50 år. No manglar eg berre nokre månadar, før det er 100 års jubileum, seier Øyre.

– Men det blir sikkert så travelt med oppstarten av den nye fabrikken, at eg trur ikkje vi rekker nokon fest i forbindelse med jubileet eg, legg Øyre til med eit smil.

Svein Øyre og Julian Rødal jobbar ved sinkfabrikken Boliden i Odda.
Foto: Tale Hauso / NRK