Hopp til innhold

Krev ni års fengsel for overgrepstiltalt SFO-assistent i Bergen

Aktor meiner mannen (28) utnytta stillinga si for å forgripe seg på åtte unge jenter medan han var på jobb. Forsvararen ber om ei fullstendig frifinning.

Politiadvokat Lillian Anderson Kleppe er aktor i SFO-saka.

AKTOR: Politiadvokat Lillian Anderson Kleppe før ho starta sin avslutningsprosedyre tysdag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Det er overhovudet ingen tvil om at tiltalte er skuldig, opna aktor Lillian Anderson Kleppe i sin prosedyre i Hordaland tingrett tysdag.

Ein 28 år gamal mann er tiltalt for valdtekt mot tre jenter og seksuelle handlingar mot fem andre jenter. Mannen jobba som assistent på SFO på to skular i Bergen.

– Tiltalte har utnytta sin posisjon som tilsett i skulefritidsordninga og har utnytta unge barn sin tillit og avhengigheit til han for å gjennomføre gjentekne seksuelle overgrep, heldt aktor Kleppe fram.

Den tiltalte møtte i retten i kvit, stripete skjorte og med ei flaske Coca-Cola. Under prosedyren til Kleppe hadde han blikket festa i bordet og noterte med kulepenn i ei skriveblokk.

Krev fengsel i ni år

Overgrepssaka vart kjent for politiet då tre jenter gjekk til helsesjukepleiaren på skulen og fortalde kva dei hadde opplevd.

Då hadde klassen deira sett ein episode om overgrep på NRKs program «Supernytt».

Les også: Varslet helsesykepleieren: – Vi ville stoppe han

Bistandsadvokatene Mari Brügger Villanger, Morten Kjensli og May Britt Løvik.
Bistandsadvokatene Mari Brügger Villanger, Morten Kjensli og May Britt Løvik.

I retten er det spelt av video av tilrettelagde avhøyr av jentene på Barnehuset. Fleire av dei fortel at dei vart utsett for valdtekt og overgrep gjentekne gonger.

– Det skjedde så mange gonger at eg ikkje klarer å telje dei, fortalde ei av jentene.

I sin prosedyre sa aktor Lillian Anderson Kleppe at det har vore vanskeleg å finne samanliknbare saker i rettssystemet i Noreg.

For dei tre tiltalepunkta som gjeld valdtekt, meiner Kleppe at åtte års fengsel er riktig straffenivå. Men i tillegg er mannen altså tiltalt for seksuelle handlingar mot fem jenter til.

– Etter ei samla vurdering, meiner eg at tiltalte må dømmast til ni års fengsel, avslutta Kleppe.

Bad om frifinning

I retten har mannen innrømma å ha tatt på barna, men han nektar straffskuld.

– Eg har kosa og stroke dei på ryggen. Dei sat på fanget i forbindelse med krangling, grining eller når dei slo seg, har mannen forklart i retten.

Forsvarar Erik Johan Mjelde sa i sitt avslutningsinnlegg at det at mannen har tatt på barna, ikkje har vore bevisste handlingar. Han bad om full frifinning for sin klient.

– Han var godt likt på SFO. Og blei herja med av barna, med bæring, løfting og leik. Elevane flokka seg rundt han. Han har erkjent å ha vore uforsiktig og sjølvsagt kan det ha skjedd berøring som har blitt misforstått, sa Mjelde.

Advokat Erik Johan Mjelde

FORSVARAR: Advokat Erik Johan Mjelde forsvarar den tiltalte SFO-assistenten.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

– Kan ha blitt påverka

Mjelde brukte også tid på å problematisere tilrettelagde avhøyr av barn og korleis omgrep brukt av vaksne kan ha blitt «spunne vidare» på.

– Poenget mitt er at barn si sanning kan kome på avvege, og bli påverka av vaksne eller at barna har påverka kvarandre. Dei kan få seg til å seie noko som ikkje er heilt riktig.

Den tiltalte 28-åringen har vore i varetekt sidan han vart pågripen 2. desember 2021.

Aktor Kleppe sa til retten tysdag at forklaringa til tiltalte i retten er heilt utan truverd.

– Dagen etter han vart pågripen, namngav han seks jenter som han hadde gjort overgrep mot. Dette var før jentene hadde vore i avhøyr med politiet, sa Kleppe.

Les også: Fekk den «nest verste beskjeden ein kan få» om døtrene: – Eg har aldri vore så sint

Far til to barn utsatt for overgrep av SFO-ansatt i Bergen
Far til to barn utsatt for overgrep av SFO-ansatt i Bergen

– Truverdige forklaringar frå barna

I dei første avhøyra med politiet forklarte mannen også at han vart «varm i hovudet, nesten svimmel» då barna sat på fanget hans.

I retten har altså tiltalte gått tilbake på dei forklaringane og erkjenningane han gav til politiet den gongen.

– Eg hadde røykt hasj. Eg var i sjokk og vart heilt sett ut, sa han.

– Eg meiner retten kan sjå heilt vekk frå det mannen har forklart her i retten, parerte Kleppe i dag, før ho la til at forklaringane til barna er sterke bevis.

– Dei har gitt nøkterne forklaringar til politiet. Dei forklarar seg relativt detaljert og har laga detaljerte teikningar om kva som skjedde og kva dei har opplevd.

Har vore redde og har hatt skuldkjensle

Bistandsadvokat May Britt Løvik bad om erstatning i storleiken 60.000–220.000 kroner for dei fem jentene ho representerer.

Dei har blitt redde, prøvd å komme seg vekk og har hatt det vanskeleg i ettertid, fortalde Løvik.

Ho argumenterte for retten at eitt av tiltalepunkta som gjeld seksuell handling, bør vurderast av retten om det kvalifiserer som seksuell omgang. Og for to andre jenter meiner ho også at retten bør vurdere ei oppjustering av tiltalepunktet.

Bistandsadvokatene Mari Brügger Villanger, Morten Kjensli og May Britt Løvik.

BISTANDSADVOKATAR: (frå venstre) Mari Brügger Villanger, Morten Kjensli og May Britt Løvik representerer dei fornærma og foreldra deira i retten.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Også ho angreip forklaringane til tiltalte i retten, der han har sagt at han ikkje hadde kontroll på barna som han meiner «hoppa og herja» på han og at han ikkje klarte å sette grenser.

– Forklaringa hans i retten er bortanfor all fornuft. Det er vaksne som har ansvar for å unngå å hamne i situasjonar som kan misforståast. Mitt inntrykk er at han skuldar på barna for det som har skjedd. At han ikkje erkjenner og beklagar her i retten, legg stein til byrda for barna og foreldra deira, sa Løvik.

Bistandsadvokat Morten Kjensli bad om erstatning mellom 275.000 – 300.000 kroner for den fornærma jenta som skal ha blitt valdteken gjentekne gonger gjennom skuleåret 2020/2021.

Mari Brügger Villanger er bistandsadvokat for dei to søstrene som er fornærma i saka. Ho bad om totalt 300.000 kroner i oppreisningserstatning til dei to.

– Den eldste jenta har, i tillegg til å bli utsett for overgrep, sett veslesøstera bli teken på av tiltalte. Ho har slite med skuldkjensle og har prøvd å halde tiltalte vekke frå veslesøstera. Det er utvilsamt ein ekstrabelastning, sa Villanger.

Oppjusterte tiltalepunkt

Dei åtte fornærma jentene var i alderen 6 til 8 år då overgrepa skal ha skjedd. Mannen var i utgangspunktet tiltalt etter paragraf 299 og 304 i straffelova.

Men for ei av dei fornærma er tiltalepunktet oppjustert etter at rettssaka starta.

Der er mannen no tiltalt for grov valdtekt av barn under 14 år, paragraf 301 i straffelova.