Hopp til innhold

Fekk den «nest verste beskjeden ein kan få» om døtrene: – Eg har aldri vore så sint

Begge jentene hans har fortalt om overgrep frå ein SFO-tilsett på skulen deira.

Far til to barn utsatt for overgrep av SFO-ansatt i Bergen

SINT OG FRUSTRERT: Mannen er far til to jenter som er fornærma i SFO-overgrepssaka i Bergen. Han er sint for det som har døtrene har opplevd og seier han i dag har null tillit til Bergen kommune.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Takk Gud for at eg ikkje skal i retten. Eg hadde mest sannsynleg flydd på han, seier tobarnsfaren til NRK.

I dag startar rettssaka der ein 28 år gamal mann er tiltalt for valdtekt mot tre jenter, og seksuelle handlingar mot fem andre jenter. Mannen var tilsett som SFO-assistent ved to skular i Bergen og overgrepa skal ha skjedd i perioden 2020 og 2021.

Jentene var i alderen 6–8 år.

Den tiltalte mannen nekta straffskuld på alle åtte tiltalepunkt då saka starta i Hordaland tingrett måndag føremiddag.

Rektor mista jobben

Rektoren ved den eine skulen fekk i vinter sparken av Bergen kommune. Han gjekk ikkje vidare med uromeldingar om mannen våren 2021.

«Å ikke melde fra om potensielt så alvorlige lovbrudd til din leder fremstår generelt som grovt brudd på din arbeidskontrakt med Bergen kommune», refererer BT frå eit skriv frå kommunen til rektoren.

Kring eit halvt år seinare vart SFO-assistenten pågripen av politiet.

Hordaland tingrett, Bergen

HORDALAND TINGRETT: Det er sett av sju dagar i retten til den store overgrepssaka.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Har aldri vore så sint

Tobarnsfaren som møter NRK, var på jobb då telefonen ringde i november 2021. Frå den eine kontaktlæraren fekk han det han skildrar som den «nest verste beskjeden ein kan få» om barna sine.

– Eg kan framleis huske kva eg kunne smake i lufta. Det var som om nokon tok tak i alt inni magen min og drog det ned i bakken. Etterfølgt av eit overveldande raseri. Så sint har eg aldri vore i heile mitt liv, fortel mannen.

Den eldste dottera (10) hans hadde då, saman med to andre jenter, gått til helsesøster og fortald.

– Eg er så utruleg stolt over at ho var modig nok til det. Og ho kan ha forhindra nye overgrep. Det er meir mot enn eg nokon gang kan ønske å ha sjølv, seier faren.

– Følte oss som dritforeldre

Etter kvart klarte også den yngste dottera (8) å fortelje kva ho hadde opplevd. Mannen er tiltalt for valdtekt mot den eldste dottera og seksuell handling mot den yngste dottera.

Faren fortel at det i løpet av skuleåret 2020/21 brått vart vanskeleg å få jentene til å ville gå på skulen. Særleg den eldste dottera hadde mykje vondt i magen og dei var også til legen for å prøve å finne ut av det.

Men svaret frå skulen var ifølge faren at «det måtte vere noko heime». Han føler skulda blei lagt på dei. Då han fekk vite at rektor på skulen, eit halvt år før dottera gjekk til helsesøstera, vart varsla om SFO-assistenten utan å ta saka vidare, vart han rasande.

– Vi merka at det var noko med begge jentene, men skjønte ikkje kvifor. Dei fekk oss til å føle oss som dritforeldre, men så hadde rektoren altså blitt varsla. Rasande er ei mild skildring av korleis eg følte det då eg fekk vite det, seier faren.

Skulebyråd Linn Katrin Pilskog (Ap) seier det er vondt å høyre at familien er blitt møtt på denne måten.

– Det er ikkje slik det skal vera. Vi skal gjere alt vi kan for å førebygge, avdekke og forhindre at overgrep mot barn og unge skjer. Det står høgt på min dagsorden å sørge for at dei som jobbar i barnehage og skule veit kva dei skal gjera dersom noko skjer eller nokon melder frå, seier Pilskog.

Byråd for barnehage, skole og idrett Linn Katrin Pilskog (Ap)

SKULEBYRÅD: Linn Katrin Pilskog (Ap).

Foto: Bergen kommune

Vil klage

Politiet har etterforska rektoren for brot på varslingsplikta, fordi han ikkje varsla vidare då dei første meldingane kom.

Tidlegare i november vart saka lagt vekk på bevisets stilling. Politiadvokat Farzad Izadi seier til NRK at ingen så langt har klaga på at saka vart lagt vekk.

Tobarnsfaren som NRK møter, har derimot bestemt seg for å klaga til Statsadvokatane.

– Dette er det grovaste brotet på tillit ein kan gjera og det kan ikkje gå ustraffa. Vi må kunne stole på at folk som skal passe på ungane, faktisk passar på. Det er ikkje nok å få sparken.

NRK har kontakta den aktuelle rektoren på telefon og SMS, utan å få svar.

I eit skriv til kommunen den gongen han mista stillinga, skal han ha forsvart seg med at informasjonen han fekk vart vurdert som ein «ikke-krenkelse» og at det også var andre som vurderte at uromeldinga ikkje skulle meldast til politiet, skriv BT.

Erik Johan Mjelde

FORSVARAR: Advokat Erik Johan Mjelde seier hans klient vil nekte straffskuld når saka startar i retten.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Ikkje seksuelt motivert

Advokat Erik Johan Mjelde er forsvarar for den tiltalte 28-åringen.

Han fortel at mannen i retten kjem til å erkjenne at han har tatt på barna, men at det har skjedd i situasjonar med leik og trøyst.

– Han erkjenner å ha hatt alle barna på fanget, stroke dei utanpå kleda, at han har løfta dei og vore borti stader som er uheldige og kan bli misforstått, seier Mjelde.

Men mannen nektar for at desse handlingane var seksuelt motiverte.

Derimot meiner mannen at det er innanfor arbeidsoppgåvene som omsorgsperson, ifølge forsvararen.

Mannen erkjenner også i eitt tilfelle å ha stroke eit barn på innsida av kleda, men at heller ikkje det var seksuelt motivert. Dei grovaste skuldingane derimot, nektar han for skal ha skjedd.

Forsvararen vil også trekke fram for retten at politiet ikkje har funne overgrepsmateriale på mobiltelefonar eller datamaskiner det er tatt beslag i. I tillegg har ikkje mannen sjølv søkt seg til SFO-jobbane, men blitt tilsett som lærling.

– Påtalemakta meiner vi kan bevisa at mannen har utført seksuelle overgrep mot åtte barn. Etterforskinga har vore grundig, mange barn er avhøyrt, samt andre tilsette på skulen, seier politiadvokat og aktor i saka, Lillian Anderson Kleppe.

Lillian Anderson Kleppe

AKTOR: Politiadvokat Lillian Anderson Kleppe skal føre saka for påtalemakta.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Krev handling

Sidan november 2021 har familien med dei to fornærma jentene prøvd å ta tilbake den normale kvardagen. Det går betre, dag for dag.

– Jentene kjenner seg ikkje trygge på skulen, men tryggare. Kontaktlæraren og den nye rektoren gjer ein fantastisk jobb, seier faren.

Han er likevel svært sint og frustrert over situasjonen døtrene hans har blitt sett i. SFO-overgrepssaka er berre ein av fleire overgrepssaker i skular og barnehagar i Bergen det siste året.

– Eg har bortimot null tillit til kommunen. Det er på tide med ein gjennomgang av rutinar og strengare vurderingar av kven som blir tilsett på skulane. Liv blir øydelagt og kommunen har ikkje god nok kontroll, seier faren.

Jentene hans har det siste året fått god oppfølging og gode verktøy frå Barnehuset.

– Å sjå endringa til barna som rett og slett var blitt eit skal av seg sjølve, til å sjå dei sakte komme tilbake til seg sjølv, det er utruleg deilig. Eg ser at dei begge har fått gnisten att i augo. Vi har ein veg å gå, men vi feirar dei små sigrane.

Kommunen: – Gjer sterkt inntrykk

Frode Nilsen er etatsdirektør for skule i Bergen kommune.

– Det gjer sterkt inntrykk å høyre korleis desse sakene råkar barn og familiane deira. Det er ikkje vanskeleg å forstå at denne familien har mista tilliten til kommunen, seier Nilsen til NRK.

Etaten jobbar no med å styrke kompetansen til dei tilsette på å følge med og handle om dei får mistanke om at noko er gale.

– Dette skal gjera tilsette tryggare på å kjenne att teikn på at barn kan ha blitt utsett for noko anten av vaksne eller andre barn, og vera trygg til å handla når dei får ein slik mistanke.

Les heile svaret til etatsdirektøren: