Hopp til innhold

Støre om kommuneoppløysingar: – No har vi sett strek

Statsminister Jonas Gahr Støre seier at regjeringa ikkje vil endre fleire kommunegrenser. – No skal vi ha ro.

Statsminister Jonas Gahr Støre i Politisk kvarter

NOK NO: Statsminister Jonas Gahr Støre lover at det ikkje blir fleire endringar i kommunegrensene.

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

– No har vi sett strek og vi skal ha ro. No skal kommunane løyse oppgåvene sine og gjere jobben dei er sette til, seier statsminister Jonas Gahr Støre på Politisk Kvarter i dag.

Regjeringa lova innbyggarane i Songdalen og Søgne ei folkerøysting om dei ville framleis vere ein del av storkommunen Kristiansand eller ikkje, stikk i strid med vedtaket i kommunen sjølv.

Støre vedgår at etterverknadane av kommunereforma har vore krevjande for regjeringa.

– Saker som dette er leie. Det går inn på meg når eg ser gode partifellar bli skuffa, seier Støre.

Lytta ikkje til Forsand

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har understreka kor viktig det er å lytte til innbyggarane i dei to tidlegare kommunane på Sørlandet.

Litt lengre vest, i Rogaland, har det også vore liknande innbyggarinitiativ som dei i Søgne og Songdalen.

Her ville tidlegare Forsand kommune bli del av Strand kommune, og ikkje Sandnes som dei er del av i dag. Statsforvaltar i Rogaland, Bent Høie, gjekk god for endringa.

Les også Ap-ordfører raser - stiller spørsmål ved regjeringssamarbeidet med Sp

Jan Oddvar Skisland

Her valde regjeringa å ikkje lytte til innbyggarinitiativet. Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) grunna vedtaket i ei pressemelding med at det her har vore fleire grenseendringar på kort tid, og at initiativet ikkje gjekk ut på å føre grensene tilbake.

– Viss vi spør folk om råd, bør rådet bli følgd. Kor er det blitt av partiet som lyttar til folk og tar dei på alvor? sa gruppeleiar for Senterpartiet i Forsand, Alf Heggheim.

– Kvifor vil regjeringa lytte til folk i Søgne og Songdalen, men ikkje til folk i Forsand?

– Dette er to ganske ulike saker. Alle desse sakene har forskjellig opphav. Her ville det ikkje vere å endre grensene tilbake, men gjere ei ny grensedraging, seier Støre.

– Er de ferdige med å høyre på folk som ønskjer endringar i kommunegrenser?

– Ja, no skal vi ha ro. Vi stor overfor ei usikker tid og då får vi sette strek, seier Støre.

Statsminister Jonas Gahr Støre i Politisk kvarter

Jonas Gahr Støre meiner kommunesakene i Rogaland og i Agder er ulike. Her med statssekretær Siri Hytten.

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

Var ikkje ein hestehandel

Vedtaket om folkerøysting i dei tidlegare kommunane på Sørlandet har vore tøff for dei lokale Ap-politikarane i Kristiansand.

I Rogaland var det Ap-ordførar Stanley Wirak som kom sigrande ut av kommunestriden.

Støre avviser at det skulle vere ei hemmeleg avtale mellom regjeringspartia om å trasse lokaldemokratiet og gå inn for folkerøysting i dei tidlegare kommunane på Sørlandet, i strid med Hurdalsplattforma.

– Det er mange slike teoriar. Sit du i ei regjering er det ein heilskap som må gå opp, seier han.

– Var det Arbeidarpartiet eller Senterpartiet som fekk vilja si om Forsand?

– Kommunalministeren har levert si avgjerd. Denne står vi saman om, seier Støre.

– Folk i distrikta er haldne for narr

I Strand er ordførar Irene Heng Lauvsnes (H) provosert over at Støre legg lokk over nye endringar i kommunegrenser.

– Dette er så udemokratisk. Folk i distrikta er haldne for narr, seier ho til NRK.

Lauvsnes meiner Støre manglar grunnleggande kunnskap om geografien og kvardagen i Ryfylke i Rogaland. Argumentasjonen til Støre held ikkje mål, seier ho.

– Det er eit kameratoppdrag. I denne saka har Støre berre høyrt på ein person, og det er Ap-ordføraren i Sandnes. No må han og Trygve Slagsvold Vedum kome og rydde opp, seier ho.

Statsminister Støre hadde ikkje høve til å kommentere utsegna frå Strand-ordføraren.

Irene Heng Lauvsnes

Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes (H) er provosert over at Støre vil legge lokk over kommunestridar.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Trur ikkje det blir ro

Også Støres partikollega og ordførar i Kinn kommune, Ola Teigen (Ap), trur Støres utsegn er uheldig.

– Støre seier det skal bli ro framover. Det trur eg ingenting på, seier Teigen.

Kinn kommune er ofte omtala som Noregs raraste kommune og har bestilt ei utgreiing av kommuneoppsplitting til Kommunal- og distriktsdepartementet.

– Vi kjem til å seie tydeleg ifrå om at det som skjer no er særs uheldig for oss, seier han.

AKTUELT NÅ