Hopp til innhold

Retten slår fast på ny: Det er lov å ta bilete av denne garden

Selja forlag har for andre gang fått medhald i spørsmålet om dei kan omtale ein fjellgard i ei turbok.

Fossen gård

YNDA TURMÅL: Familien som eig Fossen gard tok Selja Forlag til retten etter at eigedomen vart omtalt i turbok.

Foto: Harald Halvorsen

Fjellgarden i Sunnfjord har ført til ei to år lang runde i retten, men no er dommen frå lagmannsretten klar. Heller ikkje her fekk eigarane medhald.

– Denne saka har blitt mykje større enn eg først tenkte, seier dagleg leiar i forlaget, Torkjell Djupedal.

Eigarane av garden meinte forlaget krenka retten til privatliv då garden vart omtala som eit turmål i boka.

Dette er andre runde i rettssystemet, og i den samrøystes dommen meiner retten at forlaget ikkje har gjort noko ulovleg.

– Det var ei bør som letta frå skuldrene då domen kom, seier Djupedal.

Eigaren av garden må også betale sakskostnadane til forlaget, som samla sett har passert 600.000 kroner.

Advokaten til eigarane ynskjer ikkje å kommentere saka.

Mykje merksemd

Saka har fått mykje merksemd også i forkant av rettssaka.

Turgåarar som har teke bilete frå garden og publisert dei i sosiale media, har fått oppringingar frå familien og blitt bedne om å fjerne dei.

Familien har også plassert eit skilt ved eigedomen der det står at det ikkje er lov for folk å kome inn på tunet deira, og at det heller ikkje er lov til å ta bilete av det.

Dette har ført til reaksjonar lokalt, og fleire har gitt uttrykk for at dei synest det er ubehageleg å gå forbi eigedomen.

Synfaring på Fossen gard.

Hit men ikkje lenger.

Foto: Astrid S. Korsvoll / NRK

– Saka burde aldri vore anka

NRK snakka med eit knippe ekspertar på publiseringsrett i forkant av den første domen. Ingen av dei trudde søskenparet ville få medhald.

– Dette er ikkje overraskande, og det stadfestar berre det som var konklusjonen i tingretten, seier Bjørnar Borvik, som er professor i rettsvitskap ved UIB.

Han legg til:

– Etter mitt syn burde saka vore stogga der. Den burde aldri vore anka til lagmannsretten. Slik eg kjenner saka var det heilt openbert kva som kom til å bli utfallet.

Borvik meiner forlaget ikkje kan lastast for at turgåarar bryt med friluftslova og går heilt inn på tunet på garden.

– Du kan ikkje ansvarleggjere forlaget for at folk brukar norsk natur. Mange vil nok og kjenne til dette området utan at dei har lese boka også.

– Stor påkjenning

I Selja forlag seier Djupedal at den to år lange rettsprosessen ha vore ei stor påkjenning.

Torkjell Djupedal

Torkjell Djupedal er dagleg leiar i Selja Forlag.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det har vore ubehageleg, sjølv om eg også har fått svært mykje støtte under vegs. Tvilen er jo alltid der, kjem domen til å gå i vår favør eller ikkje? Å ha dette hengande over seg så lenge er sjølvsagt ei påkjenning.

Dette var andre rettsrunden i saka, der forlaget har fått medhald begge gonger.

Djupedal håpar siste ord er sagt.

– Det er jo mogleg å anke også til Høgsterett, men eg håpar og trur at det no endeleg avgjort.