Harald la ut dette biletet på Instagram – så ringde gardseigaren

Harald Halvorsen fekk klar beskjed om å slette biletet på Instagram, då han tok bilete av ein gamal gard som ligg ved ein populær tursti. Men jusekspertar meiner han har rett til å publisere.

Fossen gard

VART RINGT OPP: Då Harald Halvorsen tok dette biletet frå fjellgarden Fossen i Erdalsdalen, ringde grunneigaren opp og ba han om å fjerne biletet frå Instagram.

Foto: Harald Halvorsen

– Det er meiningslaust.

For ei stund sidan vart Harald Halvorsen ringt opp, etter at han la ut bilete frå fjellgarden Fossen i Erdalsdalen, rundt åtte kilometer frå Førde. Ein gard med lange historiske tradisjonar, der bygningane er tekne godt vare på i ettertid.

– Så ringde eigaren og ba meg fjerne bileta fordi dei var blitt plaga med folk som kom opp.

Harald Halvorsen

FJERNA BILETE: Harald Halvorsen valde å fjerne bilete frå Instagram då grunneigar ringde, men er usikker på om han ville gjort det same i dag.

Foto: Harald Halvorsen

Halvorsen valde å etterkome oppmodinga frå gardseigaren, sjølv om han omtalar biletet som «nøytralt». For han var poenget å vise bygningane på gardstuna, omgitt av flott natur.

– Eg vart overraska over kvifor dette skulle vere eit problem, så lenge det ikkje er med folk på bileta, seier han.

Saka vart først omtalt i Firda, som har ført til diskusjon i sosiale media om kva som er tillate å publisere.

NRK har vore i kontakt med grunneigaren, som ikkje ønsker å kommentere saka.

NRK har i sommar skrive om spenninga mellom tilreisande og grunneigarar i Lodalen, Hoddevik, Hasvik og i Ervik. Alle stadar er allemannsretten innskrenka.

Turomtale i forliksrådet

Saka i Erdalsdalen er ytterlegare aktualisert ved at forlaget bak dei populære Opptur-bøkene, Selja forlag, er klaga inn for forliksrådet av den same familien. I ei av bøkene er turen til Fossen skildra. Sjølve garden blir omtalt som «ein imponerande fjellgard».

Bildepresentasjon av fjellgarden Fossen i Erdalen

FASADE: I turboka Opptur indre Sunnfjord er fjellgarden Fossen omtalt som turmål.

Foto: Håvard Heggen / NRK

I boka er det teke bilete av bygningane frå utsida.

– Vi har laga Opptur-bøker i 15 år. Der har vi omtalt mange tusen fotturar på Vestlandet på ein positiv og hyggeleg måte for å få folk på tur i landskapet vårt. Eg har aldri vore borti noko liknande, seier forlagssjef Torkjell Djupedal.

Torkjell Djupedal

FØRSTE GONG: Forlagssjef Torkjell Djupedal i Selja forlag seier han aldri tidlegare har fått liknande tilbakemeldingar på omtale av eit turmål.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Denne sommaren har grunneigaren hengt opp plakatar ved garden, der turgåarar blir åtvara mot omtalen i ein av Opptur-bøkene (turmål 03-01).

Advarsel om turmål

ÅTVARING: Denne plakaten møter turgåarar som besøker Fossen i Erdalsdalen.

«Ingen adgang til turmål 03-01», «Gården er privat», «Eierne har hverken vært forespurt eller informert om tur 03–01 eller andre turguider», «Dette har gjort denne plakaten nødvendig», skriv grunneigar.

I tillegg står det nedst på plakaten: «Fotoforbud av folk, hus og hage.»

Fossen har vore fråflytta i meir enn 50 år, og eigarane bur ikkje sjølve på garden, men nyttar han som fritidsbustad.

Advokat Marianne Albretsen representerer familien i forliksrådet, men vil ikkje kommentere saka ytterlegare. Ho skriv at ved å førehandsprosedere saka i media vil dei risikere å auke tvistenivået i saka, og auke avstanden mellom partane.

Lov å ta bilete av bygg

Ekspertar på jus og offentlegheit seier ein normalt har stor fridom i å ta bilete av bygningar. Og at ein også kan dele det på ulike sosiale medium.

– I utgangspunktet er det tillate å ta bilete og publisere bilete av husfasadar og bygningar. Det skjer heile tida at folk tek bilete av setrar, gardar og bygningar som ein elles passerer. Det er tillate så lenge ein ikkje blir for nærgåande, seier generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening.

Arne Jensen, leder Norsk Redaktørforening

STOR FRIDOM: Arne Jensen, generaldirektør i Norsk Redaktørforening, meiner turgåarar har stor fridom i å publisere bilete av bygningar.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Advokat Christoffer Johnsen skriv at utsida av ein bygning normalt ikkje blir rekna som eit privat forhold.

– Utgangspunktet er at du fritt kan ta bilete av det som er synleg frå stadar du fritt kan opphalde deg, anten dette er på offentleg område eller på privat grunn i medhald av allemannsretten.

Men, han legg til, at ein kan ikkje fritt kan ta bilete av andre personar. Ein kan heller ikkje fritt publisere bilete på ein måte som gjer at ein bringar private forhold inn i det offentlege rom, utan samtykke.

Saka mellom grunneigaren og Selja forlag skal opp i forliksrådet onsdag 9. september.