Hopp til innhold

Retten har konkludert: Fossen gard må finne seg i å vere turmål

Søskenpar gjekk til sak då fjellgarden deira dukka opp i turbok. No har retten konkludert: Det må dei akseptere, og dei må betale sakskostnadane.

Synfaring på Fossen gard.

TUNG SAK: Familien som eig Fossen gard opplevde at fjellgarden deira plutseleg hamna som eit turmål i ei bok frå Selja forlag. Dei tok forlaget for retten. Under rettssaka var partane ved eigedomen.

Foto: Astrid S. Korsvoll

Bakgrunnen for saka er boka «Opptur i Indre Sunnfjord» der fjellgarden til søskenparet er ført opp som eit turforslag.

Garden ligg i pittoreske omgjevnader med utsikt til fjord og fjell i Sunnfjord.

Spørsmålet retten skulle ta stilling til var kor vidt forlaget har krenka privatlivets fred ved å liste opp fjellgarden som eit mogleg turmål.

No har retten konkludert med at forlaget har sitt på det tørre.

I dommen heiter det at «det er ikkje påvist et rettsleg grunnlag for å innskrenke forlagets ytringsfridom, verken i form av marknadsføringsloven, friluftsloven eller vernet av privatlivets fred. Omtalen er såleis ikkje ulovleg.»

I praksis betyr det at Selja Forlag, som gav ut turboka, er frifunne.

Og at søskenparet må betala sakskostnadane til forlaget. Til saman 329.000,- kroner.

– Dette er som ein julegåve. Vi er veldig letta og har fått blomar og gratulasjonar frå mange kantar. Dette er ein viktig dom for mange, seier Torkjell Djupedal, dagleg leiar i Selja Forlag.

NRK har og vore i kontakt med Marianne Albertsen, som representerer familien. Ho har ingen kommentar.

Synfaring på Fossen gard

PÅ TUNET: Retten tok turen opp til den mykje omtalte garden og fekk med eigne auge sjå korleis den ser ut. Dommar Gjertrud Bøhn Mageli (til venstre), advokat Marianne Albertsen og forleggar Torkjell Djupedal i Selja forlag var med på synfaringa.

Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

Forklarte seg gråtande i retten

Saka har vekt stor merksemd, og i retten forklarte fleire familiemedlemmer om turgåarar som spaserte rett inn på eigedomen deira.

– Det verkar som at dei trur dei har ein rett til å vere her, fordi garden vår er å finne i boka, sa den eine.

Ein annan familiemedlem forklarte seg gråtande om belastninga det har vore for familien med alle turgåarane som har kome inn på eigedomen deira.

Han sa pulsen gjekk opp med ein gong han såg det kom folk oppover lia, og at nokre turgåarar gjekk inn på sjølve tunet.

– Familien har fått sin private og gard og private sfære omgjort til eit offentleg turmål. Det er ein krenking av eigedomsrett og privatlivet, sa Marianne Albertsen.

Advokat Marianne Albertsen under synfaringa på Fossen gard.

IKKJE GREITT: Under den to dagar lange rettssaka var partane på Fossen gard. Her er advokaten til familien, Marianne Albertsen, ved eigedomen. – Turgåarane som kjem hit, ser inn i vindauga deira.

Foto: Astrid S. Korsvoll / NRK

Meiner turen var godt kjent før boka kom

– Det er truleg ein ganske beskjeden ferdsel som er ved eigedomen, så det er nok eit avgrensa tal krenkingar, sa advokat Merete Tollefsen, som representerte forlaget.

Forlaget meinte også at turen var godt kjent frå før, og viste mellom anna til turbloggar og omtale i lokalhistoriske bøker.

NRK snakka med eit knippe ekspertar på publiseringsrett i forkant av dommen. Ingen av dei trudde søskenparet ville få medhald (sjå faktaboks).

Selja forlag har gitt ut opptur-bøkene frå ulike stader sidan 2005. Det er Stig Roger Eide som har skrive boka som no hamna i retten. Han seier han ikkje ante at det kunne bli eit problem.

Motpartens advokat Marianne Albertsen, viste derimot til at familien ved eit tidlegare høve har sagt nei til den same forfattarens ønske om å skrive om eigedomen i ei anna bok.

Synfaring på Fossen gard.

MYKJE HISTORIE: Fossen gard har vore i bruk sidan 1600-talet og kom inn i familien Fosse på 1800-talet. Eigedomen står av åtte bygg på sjølve tunet, og eigarane fortel at dei er her ofte.

– Ei veldig spesiell sak

Saka har fått mykje merksemd også i forkant av rettssaka. Turgåarar som har teke bilete frå garden og publisert dei i sosiale media, har fått oppringingar frå familien og blitt bedne om å fjerne dei.

Familien har også plassert eit skilt ved eigedomen der det står at det ikkje er lov for folk å kome inn på tunet deira, og at det heller ikkje er lov å ta bilete av det.

Dette har ført til reaksjonar lokalt, og fleire har gitt uttrykk for at dei synest det er ubehageleg å gå forbi eigedomen no.

Selja forlag og forleggar Torkjell Djupedal sa i retten at dersom det kom eit nytt opplag, ville dei av den grunn droppe å ta med turen.