Hopp til innhold

Sauebøndene fortvilar over ei timeløn på 57 kroner

Nye tal viser at sauebønder på Vestlandet har ei bruttoløn på 57 kroner timen. Gjennomsnittsbonden på Vestlandet tener 107 kroner timen.

Bønder aksjonerer i Oslo

LURVELEVEN MED SAUEBJØLLER: Delegasjonen frå Sogn og Fjordane i toget gjennom Oslo-gatene. Bøndene protesterte mot tilbodet dei fekk frå staten.

Foto: Merete Støfring

Dette viser tal frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking. Håvard Øyrehagen i Norsk sau og geitalslag i fylket er fortvila over situasjonen.

– Ei slik timeløn går det ikkje an å leve av. Driftseiningane blir større og større og det blir færre og færre sauebønder, seier han.

Låg lønsemd

Bøndene var så skuffa over årets tilbod frå den raudgrøne regjeringa at dei braut jordbruksforhandlingane. Staten sitt framlegg om eit årleg lønshopp på 12 000 kroner vart dermed vedteke utan endringar.

Regjeringa viste til at bøndene har hatt ei historisk bra lønsutvikling dei siste åra. Men ser ein på den reelle situasjonen, er ikkje lønsnivået mykje å rope hurra for.

Heidi Knudsen i Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forsking seier det er spesielt innan saueproduksjonen at timeløna veldig låg.

– Den er knappe 57 kroner i timen. Sauehald har hatt låg lønsemd i ei årrekkje, seier ho.

3000 timar i året

Mjølkebøndene tener ein god del betre enn sauebøndene, men ei brutto timeløn på litt over 100 kroner er heller ikkje noko å bli feit av. Fleire og fleire vil ikkje jobbe for så låg løn. Ei av ei som sluttar er mjølkebonde Bente Akselsen frå Jølster.

– Vi ser ikkje nokre framtidsutsikter, økonomien er altfor dårleg.

Arbeidsinnsatsen på eit gjennomsnittleg vestlandbruk ligg på om lag 3000 timar i året og lønsnivået er ein god del lågare enn landsgjennomsnittet. Heidi Knutsen seier det er ulike årsaker til dette.

– Det er mange små og tungdrivne, bratte einingar på Vestlandet, seier ho.