Torsdag
, og både barnehagar, sjukeheimar, fengsel og kommunar blir råka.- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
For kort tid sidan
. Men streik er i praksis ikkje noko alternativ for å nå fram med sine krav mot staten.– Etter brotet i jordbruksforhandlingane aksjonerte bøndene mot staten, men å leggje ned arbeidet ville berre ha råka bøndene sjølve, seier Martin Braanaas Kleppe, leiar i småbrukarlaget i Sogn og Fjordane.
Ville forverra
lambinga er i full gang på garden, og arbeidet er noko fylkesleiaren i småbrukarlaget må gjere.
MISNØGD: Martin Braanaas Kleppe.
Foto: Sondre Dalaker / NRKUansett om bøndene meiner dei får for lite tilskot frå staten eller ikkje.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Ein streik for oss ville innebere at eit samla jordbruk måtte lagt ned sin aktivitet for eit visst tidspunkt, og ikkje ville fått seld varene sine. I botn og grunn ville vel det først og fremst forverra økonomien til bøndene, seier han.
(Artikkelen held fram under TV-saka)
SJÅ TV-SAK: Bønder stoppa trafikken over Utvikfjellet.
Skeptisk til måten
Aksjonerte var også noko bøndene gjorde.
Dei viste si
, og .- LES OGSÅ:
– Eg byrjar å bli meir og meir skeptisk til heile jordbruksforhandlinga på den måten der, for det viser gang på gang at jordbruket ikkje har noko reell makt eller noko reell moglegheit til å seie kva vi meiner og nå fram med det, seier Braanaas Kleppe.
Tek lengre tid
STREIK: Offentleg tilsette i Førde streikar.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRKOgså dei kommunetilsette i Førde er misnøgde med det som det offentlege vil tilby dei i lønn. For dei streikande er papirarbeid bytt ut med kaffi og vaflar.
Elles i landet er barnehagar allereie stengde, innsleppte slept ut frå fengsel og eldreheimsbebuarar råka.
– Folk vil nok merke at ting tek lengre tid. Dei vil kanskje ikkje få svar like fort som dei elles ville, seier fylkesleiar i Fagforbundet, Solveig Løvik Norevik.
Nyttar ikkje å streike
Ein av dei som streikar i Førde, Kåre Åsnes, trur ikkje det vil nytte for bøndene å bytte ut arbeidet med kaffi.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Det er ikkje noko som ser om ein bonde set seg utanfor fjøset sitt og ikkje gjer noko. Bøndene er nøydde til å aksjonere for å vise seg fram. Vårt siste våpen er å gå ut i streik, og det er eit våpen som ein ikkje bør bruke utan at det er naudsynt. Men når ein ikkje vinn fram med krava sine, så er det ein måte å vise at ein er usamd, seier han.
(Artikkelen held fram under TV-saka)
SJÅ TV-SAK: Bøndene aksjonerte i Førde sentrum.
Har ikkje reelt pressmiddel
– Vi kan demonstrere og markere oss som vi har gjort no og fått veldig godt fokus på landbruket generelt, men det er eigentleg ikkje godt nok når vi veit at det tilbodet vi har kasta frå oss det vil gå til stortinget og truleg bli banka igjennom.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
På garden til Braanaas Kleppe kjem sauene når han tuslar mot dei med kraftfôret. Dei vil få mat og pleie av bonden, uansett om Staten aukar tilskotet eller ikkje.
– Har de eigentleg noko press overfor staten i forhandlingar?
– Nei, vi har eitt krav som vi legg fram. Så er det opp til statens gode vilje kva vi får i tilbod.