Hopp til innhold

2000 bønder inntek Oslo i protest mot Regjeringa

2000 bønder og 40 traktorar inntek gatene i Oslo i dag. Der skal dei syne si misnøye med landbruksoppgjeret.

Tre generasjonar Flatjord

TIL OSLO: Tre generasjonar Flatjord skal til Oslo for å protestera. Frå høgre: Inger Birgitte Flatjord, Marit Flatjord og bornebornet Ingeborg.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Frå Sogn og Fjordane reiser to busslaster med bønder til Oslo for å markere si misnøye med landbruksoppgjeret. Frå Stardalen reiser tre generasjonar bondekvinner, med Marit Flatjord i spissen.

Ho er bonde, og i lag med fire andre, investerte dei ni millionar kroner og starta Stardalen samdrift i 2007. Pågangsmotet har ikkje betalt seg økonomisk så langt. Men å kalle arbeidet i fjøsen dugnad, likar ikkje Flatjord.

– Det blir ikkje heilt rett å kalla det dugnad.

– Kva vil du kalla det då?

– Dårleg løn. Me har utbetalt 15 000 kroner i månaden som løn. Det er det ikkje mange som kan leva av.

– Vonbrot og frustrasjon

Flatjord er ein av om lag 80 bønder frå Sogn og Fjordane som skal aksjonere framfor Stortinget i dag. Totalt er det venta om lag 2000 bønder og 40 traktorar på Løvebakken i dag.

– Det er vonbrot og frustrasjon fordi ein føler at ein ikkje blir forstått, seier Flatjord.

Med seg har ho dottera, som også er bonde, og barnebarnet som er odelsjente.

Marit Flatjord

FRUSTRERT: Marit Flatjord tener lite på å ha kyr. Difor er frustrasjonen stor når ho meiner bøndene ikkje får det dei fortener.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

– Eg vil vera med fordi det er viktig å syna at det ikkje er greitt å behandla bøndene slik, seier barnebarnet.

– Forferdeleg skuffa

Aksjonen i Oslo er den siste i ei lang rekke protestar sist veke etter at bøndene braut landbruksforhandlingane. Tilbodet frå staten på 900 millionar vart motteke med vantru.

– Eg vart forferdeleg skuffa. Å seie i det eine augeblikket at me skal satsa på norsk landbruk, og so i neste augeblikk at me ikkje vil betala for det, det går ikkje an, seier dottera Inger Birgitte Flatjord.

Inger Birgitte Flatjord

SKAL PROTESTERA: Inger Birgitte Flatjord er ein av 80 bønder frå Sogn og Fjordane som skal syne si missnøye i Oslo måndag.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Ho driv ein gard i Stardalen i lag med mannen sin, om lag fem kilometer frå samdrifta til mora.

– Kunne fått meir

Køyr sakte-aksjonar, avsperring av møller og vegar og tome brødhyller i butikkane. Aksjonane har vore større om meir omfattande enn på mange år.

– Mange klagar på at me rammar tredjeparten. Men alle streikar rammar tredjeparten, slik er det berre, seier Flatjord.

Fleire har kritisert bøndene for å bryte forhandlingane. Landbruksminister Lars Peder Brekk seier bøndene kunne fått meir enn 900 millionar om dei hadde blitt verande ved forhandlingsbordet.

– Må akseptere aksjonar

Landbruksminister Lars Peder Brekk

LANDBRUKSMINISTER: Lars Peder Brekk.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

– Me gav eit godt tilbod som kunne vorte betre om dei hadde ønska å forhandla. Det låg betydelege forhandlingsmonn i dei rammene me hadde å jobbe med. Men me registrerer at det ikkje var mogleg å få til, og då må me akseptere at det blir aksjonar.

Brekk vil møte bøndene under aksjonen, men lovar ikkje anna enn at saka vert handsama i Stortinget.

– 2000 bønder midt i Oslo sentrum: det blir spanande å få med seg, seier Flatjord.