Hopp til innhold

Med sauebjøller i Oslo-gatene

80 bønder frå Sogn og Fjordane brukte sauebjøller for å få merksemd då dei saman med 2000 bønder frå heile landet inntok gatene i Oslo i dag.

Bønder aksjonerer i Oslo

LURVELEVEN MED SAUEBJØLLER: Delegasjonen frå Sogn og Fjordane i toget gjennom Oslo-gatene.

Foto: Merete Støfring

Klokka 12.45 starta dei marsjen frå Landbrukets Hus via Stortinget til statsministerens kontor for å syne kor misnøgde dei er med tilbodet dei frekk frå Staten i årets landbruksoppgjer.

(Artikkelen held fram under biletet).

Bondeaksjon i Oslo - tre generasjonar Flatjord

Tre generasjonar Flatjord frå Stardalen: Inger Birgitte, Marit og Ingeborg med plakatar i Oslo.

Foto: Merete Støfring

Med sauebjøller som særpreg

Mellom dei som tok turen var tre generasjonar Flatjord frå Stardalen i Jølster, Marit Flatjord, dottera Inger Birgitte Flatjord Kjøsnes og dotterdottera Ingeborg. Inger Birgitte fortel på telefon frå toget at dei blir godt mottekne av folk i Oslo.

– Dei smiler og viser tommelen opp, vi har ikkje sett mange sure ansikt enno. Her er det bra liv, alle bøndene frå Sogn og Fjordane stiller med sauebjølle, og det merkast i Oslo-gatene akkurat no.

(Artikkelen held fram under biletet).

Bondeaksjon i Oslo

AKSJONERER: Sogn og Fjordane-delegasjonen på plass i Oslo.

Foto: Merete Støfring

– Trur du det har noko effekt at de går og demonstrerer i Oslo-gatene?

– Det er vanskeleg å seie, men det viser iallfall igjen, vi er mange, og vi viser at vi meiner det vi seier. Det er viktig å få seie det på ein skikkeleg måte.

Toget passerte Stortinget klokka 13.30, for så å ende opp ved statsministerens kontor. der er det eit program på rundt ein time med appellar og musikalske innslag.

Bondeaksjon i Oslo - frukost

MÅTTE ETE FØRST: Før marsjen styrka aksjonistane seg på skikkeleg bondekost.

Foto: Merete Støfring