Hopp til innhold

Bøndene sperra parkeringsplassane

Staten sine folk i Sogn og Fjordane vart i morgontimane tysdag regelrett sperra ute frå parkeringsplassane framfor arbeidsplassane sine. Med store traktorar aksjonerte bøndene for å vise si misnøye med staten sitt tilbod i landbruksoppgjeret.

Bøndene sperra parkeringsplass

SPERRA: Parkeringsplassane vart sperra med store traktorar og folk måtte parkere langs vegen i staden.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Vi vil vise vår vreide. No gjer vi beskjed til staten sine tilsette i fylket, og så håpar vi at dei kan gje beskjed vidare, seier Renate Rendedal som er leiar av Balestrand Bondelag.

Ho er ein av dei mange bøndene som tysdag morgon aksjonerte utanfor Statens hus og Fylkeshuset på Leikanger i Sogn. Her jobbar både Fylkesmannen, ei rekkje offentlege etatar og dei fremste politikarane i fjordfylket.

Men denne morgonen var det mange som vart forseinka til jobb. Det var nemleg umogleg å komme seg inn på parkeringsplassane.

– Det er nok fare for at det kan bli litt kaos, seier Rendedal til NRK.no litt før klokka 08.

Aksjonane held fram

At bøndene ikkje er nøgde med tilbodet frå Staten er noko folk flest no får merke. Dei siste dagane har bøndene vist kva dei meiner ved å aksjonere.

Mellom anna har dei køyrd sakte med traktorar i rushtrafikken og «kidnappa» ordførarar. Tysdag blokkerer bøndene utkøyringa av mjøl frå fleire store møller i Norge, og i Sogn og Fjordane er det staten sine tilsette som i dag får merke sinnet til bøndene.

Bøndene har kravd 2,2 milliard kroner i auka løyvingar gjennom jordbruksforhandlingane, men fekk 900 millionar kroner.

– Aksjonar må til for å få fram bodskapen

I Førde held bøndene stand der dei stengjer dei tilsette ved landbruksavdelinga til Fylkesmannen vekke frå parkeringsplassane sine.

Bente Axelson som er leiar i Jølster Bondelag har teke turen til fylket sin største by for å vere med på aksjonen.

– Vi prøver å få fram bodskapen vår som er at bonden tener for lite. Fleire gonger har vi prøvd å kome med fakta og informasjon, men når vi såg kva tilbod vi fekk frå staten så opplever vi at dette ikkje har kome tydeleg nok fram, seier Axelson til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kø etter at bønder sperra parkeringsplass

KØ: Utover morgontimane danna det seg ei lang kø på vegen som går forbi Statens Hus. I staden for å parkere på parkeringsplassen måtte folk finne andre plassar å setje frå seg bilen.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Kan vidarebringe bodskapen

At bøndene no aksjonerer er den måten dei kanskje kan nå fram med sine krav på, meiner Axelson. Utanfor kontoret til dei som resten av året talar bøndene si sak inn mot Staten, står det tysdag morgon elleve traktorar og ei rekkje kampklare bønder.

– Kanskje har dei som jobbar her kontaktar oppover og kan vidarebringe bodskapen vår, seier Axelson.

– Men 11 traktorar, er det mykje?

– Det synst eg faktisk. Bonden er ikkje ein typisk aksjonist, og det er heller ikkje sunnfjordingane, seier Axelson.

– Bonden har fått nok

Ho meiner bøndene har stilt mannsterke opp på aksjonane og viser til at det mellom anna var 30 traktorar med under aksjonen som seinka trafikken i Førde under rushtrafikken måndag.

– Dette er eit signal om att sunnnfjordbonden har fått nok.

Axelson seier folk er positive til aksjonen og at mange har forståing for at ei årsløn på mellom 180 000 og 200 000 ikkje er godt nok.

– Men kva seier du til dei som meiner de rammar ein tredjepart og ikkje set på pengesekken?

– Eg forstår at det blir oppfatta slik, men det er dessverre ofte slik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bønder aksjonerer i Førde

AKSJON: Bøndene håpar at dei tilsette ved landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Førde kan tale deira sak inn mot Staten.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Vil ikkje vere talerør for bøndene

Ein av dei som arbeider på landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Førde er assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær. Han serverer kaffi til det han reknar som gjester på parkeringsplassen.

– Dette er ein alvorleg situasjon for bøndene, så då er vi til stades, seier Haugsvær medan han skjenker i kaffi til bøndene som aksjonerer.

Bøndene framfører sine argument overfor Haugsvær og vil at han skal tale bonden si sak inn mot Staten. Men det vil ikkje den assisterande landbruksdirektøren i Sogn og Fjordane gjere no.

– Vi er bøndene sitt talerør 11 månader i året, men ikkje den månaden det er landbruksforhandlingar, seier Haugsvær som seier dei elles i året nyttar høve til å fortelje om bonden sin situasjon både overfor departementet og sentrale politikarar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bønder sperrar parkeringsplass

SPERRA: Med store traktorar sperra bøndene parkeringsplassen ved Statens hus på Leikanger tysdag morgon.

Foto: Arve Uglum / NRK

Skeptisk til aksjonsform

Tilbake på Leikanger er parkeringsplassen framleis tom. Den store blå traktoren er umogleg å kome forbi, og i staden for å setje bilen på parkeringsplassen har fleire tilsette måtte finne seg plass lenger oppe i lia.

– Det står vel ei rekkje på 30 bilar der oppe etter kvart, seier Marit Lunde som er ei av dei tilsette på Statens hus som blir råka av bøndene sin aksjon.

Ho trur aksjonen kan føre til kaos, og er ikkje heilt sikker på om set pris på måten bøndene viser at dei ikkje er nøgde med staten sitt tilbod i landbruksoppgjeret.

– Skapar dette sympati?

– Eg er litt i tvil akkurat no, ler ho.

– Men eg skjønnar kampen deira og lønskrava, men eg er litt usikker på kor mykje det skal gå utover tredjepart, seier Lunde.

– Trur ikkje det blir verre

Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Per Hilleren, er godt nøgd med aksjonane bøndene i fylket har gjennomført dei siste dagane. Måndag sperra dei fylkesveg 60 over Utvikfjellet, i tillegg til at dei laga trafikkaos i både Førde og Sogndal og «kidnappa» fleire ordførar i Nordfjord.

– Vi har fått veldig positiv tilbakemeldingar. Sjølvsagt er nokre negative, men det er veldig lite av det, seier Hilleren.

At nokre kanskje vil meine at aksjonane til bøndene i fylket er heller pinglete er ikkje Hilleren umiddelbart samd i. Han meiner aksjonsmåtane bøndene har valt er gode.

– At det blir verre enn dette, det trur eg ikkje. Vi er sindige folk i dette landet og ein meiner vi på ein god måte får vise fram vår frustrasjon over at signala i landbruksmeldinga ikkje blir følgd opp i tilbodet frå staten, seier bondelagsleiaren.