Hopp til innhold

Meiner nok er nok - no vil bonden legge ned gardsdrifta

– Nok er nok, til hausten legg vi ned drifta av garden vår, seier Bente Axelsson, som dei siste 13 åra har drive gard i Sanddalen i Jølster saman med mannen, Ole-Johan Norddal.

Bente Axelsson

GIR SEG SOM BONDE: Bente Axelsson.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Denne våren har frustrasjonen til norske bønder nådd nye høgder, då tilbodet frå Staten i landsbruksforhandlingane kom valde bondeorganisasjonane å bryte forhandlingane. Det handlar om vi skal ha matproduksjon her i landet eller ikkje. Og ekteparet Axelsson/Norddal har no valt å kaste korta.

Dei er begge veterinærar, men dei har og landbruksutdanning og var begge svært innstilte på livet som bønder. Målet var at dei skulle greie å utvikle garden slik at helst begge, men iallfall ein av dei kunne vere på garden på heiltid.

– Vi visste at vi i starten måtte ha ei inntekt utanom garden, men trudde vi skulle kunne leve av gardsdrifta på lengre sikt. Slik gjekk det ikkje.

– Vi ser ikkje lenger noka framtid i det, økonomisk er det altfor dårleg. Det er eit utruleg flott arbeid, og det gjekk greitt så lenge vi var toåleine. Men då vi fekk barn vart arbeidskapasiteten til gardsarbeidet mindre.

Torde ikkje investere

For seks år sidan talde dei på knappane om dei skulle byggje og investere for framtida.

– Men vi torde rett og slett ikkje å gjere det. Hadde vi gjort det hadde vi hatt eit framtidsretta bruk, men samstundes hadde vi ikkje hatt det valet vi har no. Men det er frykteleg vanskeleg for oss å leggje ned drifta.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jostein Angedal

FÅ LEVER BERRE AV GARDEN: Jostein Angedal veit det meste om økonomien til bøndene.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Nøkterne bønder overlever

Nøkterne bønder har størst sjanse for å overleve, meiner Jostein Angedal, rekneskapsførar for mange bønder i fylket.

– Dei som har forholdsvis rimelege driftsbygningar og varsame med investeringar utgjer ei lita gruppe som greier seg bra.

Dei dukkar opp kvart år. Rasande bønder som klagar på regjeringa og landsbruksoppgjeret. I år var kravet deira over to milliardar, tilbodet var like under ein milliard.

Og i dag legg Stortingets næringskomite fram si innstilling om oppgjeret. Bøndene står på sitt - dei tener ikkje nok, dei kan ikkje leve av garden sin og dei trugar med å legge ned.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jostein Angedal gir dei delvis rett.

Bondeaksjon i Oslo

BONDEAKSJONAR: Bønder frå Sogn og Fjordane var i Oslo for å fortelja kva dei meinte om landbruksoppgjeret.

Foto: Merete Støfring

– Det er litt vanskeleg å seie at det ikkje er liv laga, for det kjem inn mykje inntekter på mange bruk, men skal dei ha att ei god inntekt til ein familie så toler det ikkje store investeringar.

Etter nærare 40 år i rekneskapsbransjen veit Jostein Angedal mykje om reknestykka bøndene klagar over.

På nittitalet førte Angedal statistikk over inntektene og utgiftene til eit utval bønder, både

– Det er ytterst få som kjem opp i inntekt som gjer at dei får toppskatt, dvs over 470.000 kroner. Når dei tener så mykje veit vi ofte at det ligg stor arbeidsinnsats bak og at det gjerne er med inntekter utanfrå garden.

slike som hadde arbeid ved sidan av garden, og dei som levde berre på drifta av garden.

– Då var det veldig mange som var heiltidsbønder, no treng du ikkje ta i bruk begge nevane for å telje dei som berre lever av produksjonen på garden.

Utviklinga har gått ein veg. Skal ein overleve som bonde må ein ta anna arbeid i tillegg, og færre meiner det er attraktivt å drive som bonde, meiner Angedal.

– Neste år kanskje for seint

Bente Axelsson har dei siste dagane gjort mange forsøk på å få statsminister Jens Stoltenberg i tale. Ho meiner politikarane må forstå at det er alvor når ho og mange andre bønder legg ned drifta.

– Enkelte snakkar om at det skal skje noko, at neste år skjer det noko som vil vere positivt for landbruket. Men neste år er kanskje for seint for mange, slik det er for oss.