Hopp til innhold

Gir jordbrukstilbodet skulda for dårleg Sp-måling

Senterpartibonde Jan-Ove Flaten i Jølster gir det dårlege jordbrukstilbodet skulda at partiet hans er under sperregrensa.

Jan-Ove Flaten

BØNDER I OPPRØR: Bonde og Senterpartipolitikar Jan-Ove Flaten er mellom fleire bønder som er i opprør mot Senterpartiet. – Vi følte vel det at då partileiar gjekk ut og bad oss vise måtehald, så trakka ho oss stygt opp på leggen, seier han.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Bondelagsorganisasjonane sette seg ikkje ein gong til forhandlingsbordet då staten kom med sitt tilbod til bøndene.

Dei reagerte med dagar med aksjonar, og framleis viser banner langs vegane bøndene si misnøye til regjeringa. Torsdag vakna Senterpartipolitikarane til ei meiningsmåling som viser oppslutnad på 3,5 prosent .

– Eg tenkjer at denne situasjonen skal vi ta på alvor og så skal vi diskutere det. Det handlar ikkje om tillit og ikkje tillit. Det handler kanskje mest om at vi må bli meir offensive både kvar for oss og gjerne saman med regjeringa, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Karen Marie Hjelmeseter.

Ikkje overraska

Banner i Jølster.

BANNER: Banner som dette kan sjåast mange stadar langs vegane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I den tradisjonelt sterke senterpartikommunen Jølster meiner Jan-Ove Flaten at den dårlege meiningsmålinga skuldast tilbodet frå regjeringa i jordbruksforhandlinga.

Sjølv er han både bonde og lokalpolitikar for Senterpartiet. Han er ikkje overraska over ei meiningsmåling på 0,5 prosent under sperregrensa på 4,0 prosent.

– Eigentleg ikkje. Det er urovekkjande, men kan vere ein direkte konsekvens av landbrukstilbodet at vi reagerer så spontant og straffar dei hardt. Men eg får håpe at ein kjem seg opp og over sperregrensa og blir representert, men eg er ikkje sikker.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video SP tilbake.

SJÅ TV-SAK: Slik ville stortingsmandata vore fordelt dersom dagens meiningsmålinga var eit stortingsval.

I tvil om Sp i regjering

Senterpartiet fekk 6,2 prosent ved stortingsvalet i 2009. Dersom meiningsmålinga frå NRK og Norstat hadde vore eit stortingsval i dag, ville partiet gått frå 11 til eitt fattig mandat på Stortinget.

Det same ville også SV ha gjort. Den store vinnaren ville blitt Høgre som går fram 12,3 prosent til 29,5 – noko som ville gjeve partiet 55 mandat på Stortinget. 25 fleire enn i dag. Flaten er i sterk tvil om partiet bør halde fram i Regjering.

– Eg føler kanskje det blir mykje fagre ord og lite gjennomslag. Det er klart at det er kjøtvekta som rår innan regjeringa også. Då veit vi kven som er størst og mektigast, og dei brukar jo makta si. Det ser ein jo, seier Flaten.

– Bør bli i regjering

Ei undersøking avisa Nationen har gjort, viser at fylkesleiarane i partiet har tillit til leiinga. Fleire seier også at regjeringa er prega av slitasje.

I partileiar Liv Signe Navarsete sitt heimefylke, er fylkesleiaren i partiet derimot ikkje i tvil. Hjelmeseter er samd i at politikken til Senterpartiet kjem for lite fram, men vil likevel ikkje ut av regjeringa.

– Det er slike tanker ein gjer seg ofte, men eg meiner det at i regjering får vi drive og utøve senterpartipolitikk kvar dag. Er vi i opposisjon så er i alle fall det mykje, mykje vanskelegare, seier ho.

– Får ikkje flytta kroner

Knut M. Olsen

SEKRETÆR: Knut M. Olsen.

Foto: NRK

Det meiner også partiets generalsekretær, Knut M. Olsen. Også han bonde i Jølster.

Han ser samanhengen mellom jordbruksoppgjeret og den dårlege meiningsmålinga.

– Vi gjer kvar dag ein god jobb for samferdsle, eldre og landbruk. I opposisjon får vi ikkje flytta ei krone, seier han.