Hopp til innhold

Prosjektet blei ulønsamt då Vegvesenet la 50 kr literen til grunn: – Ein «shit in, shit out»-rapport

Vegvesenet har rekna ut at Hordfast ikkje blir lønsamt likevel, dersom Noreg skal kutta klimagassutsleppa kraftig. Frp meiner skyhøg bensinpris er ein uaktuell føresetnad.

Hordfast-bru

JUBEL OG SLAKT: Reaksjonane er svært delte på at Vegvesenet meiner tiltak for å nå klimamåla gjer Hordfast ulønsamt for samfunnet.

Foto: Statens vegvesen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

NRK fortalde måndag at Statens vegvesen meiner nødvendige klimatiltak gjer Hordfast og andre store vegutbyggingar mindre nyttige for samfunnet enn tidlegare anslått.

Bakgrunnen var at Samferdselsdepartementet no har bede Vegvesenet ta omsyn til at dei totale klimagassutsleppa frå vegsektoren i Noreg skal kuttast med 55 prosent innan 2030.

Derfor har Vegvesenet rekna ut samfunnsnytten av elleve planlagde prosjekt på nytt. Der har dei lagt til grunn tiltak som ein antar gir dei ønska utsleppskutta. Dei to viktigaste:

  • Ein drivstoffpris på 50 kroner per liter diesel og bensin
  • Auka bompengar som gir nullvekst i biltrafikken i storbyane

Konklusjonen er at den samfunnsøkonomiske nytten blir då markert mindre for nesten alle utbyggingane.

Dette er ein klassisk «shit in, shit out»-rapport. Føresetnadane er så ekstreme at samfunnsnytten sjølvsagt blir påverka.

Det meiner stortingsrepresentant Helge-André Njåstad (Frp).

Les også Nye klimaberekningar viser negativ samfunnsnytte for motorvegen

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

Frp og Høgre kritisk til rapporten

Særleg går nytten kraftig ned for gigantutbygginga Hordfast på E39 mellom Bergen og Stavanger.

Dette er eitt av svært få prosjekt som Vegvesenet tidlegare meinte hadde positiv samfunnsøkonomisk nytte. No er den endra til negativ nytte.

Høgre og Framstegspartiet er kritiske til at regjeringa har bede Vegvesenet legga til grunn så høge bensinprisar og bompengar at ein «skremmer vekk bilistane».

Det kan verka som at det sit folk i departementa og leitar etter snubletrådar mot at staten skal bruka pengar på å bygga veg på Vestlandet, seier Njåstad i Frp.

Stortingsrepresentant Liv-Kari Eskeland (H) meiner den nye analysen til Vegvesenet ikkje har stor verdi for den politiske prioriteringa av nye vegprosjekt.

– At me skal ta klima- og miljøomsyn på alvor, er udiskutabelt. Men svaret er ikkje 50 kroner per liter og å skru bompengane kraftig opp. Skal me få dette landet til å fungera, må me ha mobilitet. Det er jo derfor me bygger vegar og ønsker Hordfast, seier ho.

Helge Andre Njåstad (Frp)

For Frp er det uaktuelt å berekna samfunnsnytte for vegprosjekt med ein bensinpris på 50 kroner/liter og auka bompengar, seier Helge-André Njåstad.

Foto: Jon Bolstad

Ap: – Tenker klima og heilskap

På den andre sida jublar motstandarane av Hordfast.

– Det mest brukte argumentet til Hordfast-tilhengarane har vore at prosjektet er samfunnsøkonomisk lønsamt. No er det argumentet vekke, seier Roald Kvamme i Norges Miljøvernforbund

– Sjølv Vegvesenet sine utrekningar viser at Hordfast ikkje har livets rett. Håpar dette betyr kroken på døra, skriv leiar Truls Gullowsen i Norges naturvernforbund.

I Arbeidarpartiet vil ikkje samferdselspolitisk talsmann Nils Kristian Sandtrøen seia kva følger denne analysen vil få.

– Klima er noko me styrer etter i alle saker, men desse nye, oppdaterte tala er jo berre éin av fleire ting me ser på. Me prioriterer ut får heilskapen i politikken: Klima og natur, næring og eksport, trafikktryggleik, liv og helse.

– Er Arbeidarpartiet for eller mot å bygga Hordfast?

– Det er viktig for denne regjeringa å lytta til kva fylka set øvst på si prioriteringsliste. Så skal me laga ein realistisk økonomisk plan. Svaret på kva Ap vil prioritera, kjem når Nasjonal transportplan skal bli vedtatt neste år, seier han.

Sofie Marhaug

– Den nye nytteanalysen må bli kroken på døra for Hordfast, meiner Sofie Marhaug i Raudt.

Foto: SIMON S. BRANDSETH

MDG: – Absurd

Partia som arbeider mot nye motorvegar generelt og Hordfast spesielt, helsar dei nye utrekningane frå Vegvesenet velkommen.

«Det er så irriterande når ein må rekna inn vår tids viktigaste spørsmål», skriv tidlegare SV-leiar Audun Lysbakken sarkastisk på Twitter.

Klima burde sjølvsagt vore rekna inn frå starten. Eg har som mange andre reagert på at Vegvesenet har prioritert Hordfast så høgt, seier han til NRK.

Det meiner også partileiar Arild Hermstad i MDG.

Me kan ikkje tillata at offentlege etatar lagar sminka utrekningar som strir mot det regjeringa hevdar er sitt miljøpolitiske mål. Det er absurd at Vegvesenet til no har rekna ut samfunnsnytten av slike «spinndyre» milliardprosjekt utan å legga inn som føresetnad at me skal nå klimamåla våre, meiner han.

Stortingsrepresentant Sofie Marhaug i Raudt meiner den nye nytteanalysen må bety at Hordfast blir skrinlagt.

– No kan dei ikkje ein gong bruka det vesle halmstrået dei tidlegare har tydd til, om at det liksom skal vera meir klimavenleg enn andre prosjekt. Det var grønvasking av ein motorveg som raserer naturen og øydelegg for klimaet, meiner ho.

Marhaug oppmodar særleg SV til å legga press på regjeringa i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett.

– Dette er eit høve til å kutta ut Hordfast, ikkje minst når det nyleg vart kjent at det i tillegg blir dyrare enn antatt.

Les også Vegvesenet: – Motorvegbrua meir klimavenleg enn el-ferjer

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.