Hopp til innhold

Penis-sabotasje på helleristing: Ekspertane grublar for å få det bort

6000 år etter kulturminnet vart skapt må forskarar finne ut korleis få vekk ein penis frå ein hohjort.

Penis på ein hohjort.

Det er rundt 6000 år mellom hohjorten og penisen. Fagfolk jobbar no med å fjerne ein av dei.

Foto: Julie Haugen / NRK

Det skjedde spanande ting ved Ausevika i Kinn kommune for lenge sidan, det vil seie rundt 4000 år før kristus og 5000 år før Olav den Heilage kristna Noreg.

Den gongen, ein stad på Vestlandet, fekk menneska som budde her uttrykt kva dei var opptekne av gjennom helleristingar – bilete som er hogde eller skorne inn i stein og fjell.

Det dukka opp motiv etter motiv, av menneske og dyr.

Veldig mykje hjort.

Men også diverse figurar som fortel om rikt, indre sjelsliv og at menneska likte abstrakt kunst den gongen også.

Helleristning - teikningar i Ausevika

Helleristingane i Ausevika består av dyr, menneske og ulike abstrakte figurar.

Foto: Julie Haugen / NRK

Spol så fram 6000 år, til sommaren 2023.

Då har ein (eller fleire) funne ut at det er ein god ide å lage nokre ekstra teikningar og innrissingar på det som blir omtalt som eit av Noregs største helleristingsfelt.

Dei rundt 300 figurane som feltet består av, har altså fått selskap frå nokre andre «gøyale» motiv frå 2023.

– Kunnskapslaust

Tidleg ein morgon denne veka er førsteamanuensis Trond Lødøen ved Universitetsmuseet i Bergen på plass, saman med fagfolk frå kommunen og fylkeskommunen.

Dei skal dokumentere hærverket og sjå om noko kan gjerast.

Det første Lødøen stoppar ved er ein tydeleg hjortefigur som nokon møysommeleg har rissa inn, fleire tusen år før Kheopspyramiden vart bygd i Egypt.

6000 år etterpå fann ein eller annan på å teikne ein erigert penis på hjorten, med etterfølgande prikkar som viser ei form for utløysing.

Førsteamanuensis ser på hærverk.

Teikninga av penisen er ikkje så stor, men likevel godt synleg i helleristingsfeltet.

Foto: Julie Haugen / NRK

Hærverket i seg sjølv er ille nok, ifølge forskaren, men førsteamanuensen legg merke til ein annan detalj.

– Her er det altså nokon som har teikna ein penis på eit hodyr. Kor kunnskapslaus kan ein eigentleg vere, spør Lødøen resignert og ristar på hovudet.

Trond Lødøen, Universitetsmuseet i Bergen

Trond Lødøen er førsteamanuensis ved Universitetsmuseet i Bergen.

Foto: Julie Haugen / NRK

Vanskeleg å fjerne

Kanskje tenkte dei som utførte hærverket at det er lett å vaske vekk penisen, men så enkelt er det ikkje.

Det har nemleg blitt meir strengt kva kjemikaliar ein kan bruke for å fjerne det som truleg er ein form for lakk.

– Vi håpar likevel, på ein eller annan måte, at vi skal klare å handtere det.

Verre er det med bokstavane som dukkar opp ein annan stad på feltet.

Her har nokon – ikkje teikna – men rissa inn det som ser ut som initial, med store bokstavar.

EHT.

EHT - hærverk på helleristingsfelt.

Er dette initiala til nokon? Eller betyr det noko anna? Politiet har lagt vekk saka.

Foto: Julie Haugen

Fagfolka diskuterer om det i tillegg er eit 23-tal, som så vidt kan skimtast bak initiala.

Forskaren tillèt seg å spekulere litt:

Er det ein Eirik Hans som har vore på ferde? Eller Even Henrik? Eller nokon heilt andre med EH til fornamn og T til etternamn?

Saka vart meldt til politiet i sommar, men vart ganske raskt lagt bort.

Dette hærverket er uansett langt verre enn penisen, ifølge forskaren, fordi det truleg er umogleg å reparere.

Når nokon rissar i eit helleristingsfelt, er det ikkje berre å slipe vekk. Då vil ein fort slipe vekk dei opphavlege figurane også.

– Det vil sjå veldig brutalt og ille ut.

Dermed er feltet litt meir forureina enn det var før sommaren 2023.

Den moglegheita du og eg hadde til å få eit glimt av førhistorisk tid, er litt meir forringa.

Per Christian Burhol, seniorrådgjevar, Vestland fylkeskommune

Det kan bli aktuelt å sette opp overvakingskamera for å hindre hærverk, seier seniorrådgjevar Per Christian Burhol i Vestland fylkeskommune.

Lurer på motivet

Det har skjedd fleire gongar no, at hærverk har blitt utført på ulike helleristingsfelt.

I sommar vart det utført nytt hærverk på eit helleristingsfelt i Nordland.

I fjor sommar vart det rissa inn bokstavar på eit felt i Hardanger.

Gjennomgåande er fagfolk samde om at kulturminnekriminalitet blir for lågt prioritert, etter at sakene blir melde til politiet.

I Ausevika blir det no vurdert å sette opp overvakingskamera for å hindre nye hendingar.

Men kvifor det skjer, skulle Trond Lødøen gjerne visst svaret på.

Han trur at enkelte kan bli «inspirert» av figurane og sjølv ønske å bli ein del av historia.

Om det ein elles gjer i livet er forgløymeleg, så har ein i alle fall blitt ein del av eit 6000 år gamalt helleristingsfelt.

Men han nektar å tru at dei som har utført hærverket er klar over krevjande det er å få reparert det.

– Eg trur det er total ubetenksomheit.

Eller som dei som levde for 6000 år sidan kanskje ville sagt det: Rett og slett dårleg hjort.