Hopp til innhold

Fortvila etter nytt hærverk: – Dette er skjøre greier

Kvart år blir fleire eldgamle bergkunstverk ripa og teikna på. Det er ein aukande trend, seier forskar.

Herverk  på helleristning av en delfin. Der har noen tegnet et ansikt på.
Helleristning av en nise.

Før og etterbilde viser ei helleristning av ei nise (raud ring). Etterbilde viser nisa med ein figur ved sidan av seg.

Nordland fylkeskommune

I juni rissa ein britisk turist namnet på kjærasten sin inn i det historiske amfiteateret Colosseum i Roma.

Tidlegare i juli hadde nokon rissa inn ein penis ved dei 6000 år gamle helleristningane i Ausevik i Kinn.

Og no har også helleristingar på Leiknes i Nordland blitt teikna på.

Det er andre år på rad at dei 9000 år gamle helleristningane blir utsette for hærverk.

– Vi blir så fortvila. Dette er skjøre greier. Vi prøvar så godt vi kan å passe på, men det er avgrensa kva for moglegheiter vi har til å kontrollere ferdselen, seier arkeolog i Nordland fylkeskommune, Trine Johnson.

Det var sist torsdag ho og ein kollega oppdaga teikninga, då dei var på staden for å setje opp eit mellombels skilt på parkeringsplassen.

– Eg håpar ikkje at det er permanente skadar, men teikningane vil nok synast i mi levetid iallfall.

Johnson trur det er ungdommar som har vore på ferde, men understrekar at ho ikkje veit nøyaktig kven som har gjort det.

Fylkeskommunen kjem likevel til å melde hærverket til politiet.

Helleristningar av tre niser

Slik såg helleristningane ut før det vart rissa inn eit ansikt på berget.

Foto: Nordland Fylkeskommune

Ikkje første gong

Det er heller ikkje første gong helleristningane nord i Nordland er utsette for hærverk.

– I fjor var det mykje typiske ungdomsytringar i bileta, seier Johnson.

Dei siste fire åra har det vore tre episodar med hærverk på akkurat dette feltet, ifølge arkeologen.

Les også Høysesong for hærverk: Anmelder ødeleggelser på flere tusen år gammel bergkunst

Hærverk helleristning Tysfjord

– Dette er noko av det flottaste Nordland har av gamal kunst. Det er klart at det er fortvilande å ikkje klare å få bukt på dette.

Det er også fleire skilt på vegen opp til helleristingane som seier at ein ikkje skal etterlate seg spor.

– Det er så mange åtvaringar på veg opp at dei bør få det med seg.

Trine Johnson, arkeolog i fylkeskommunen

Arkeolog i Nordland fylkeskommune, Trine Johnson er fortvila over alle øydeleggingane på bergkunsten på Leiknes.

Foto: Amanda Åsberg / NRK

Aukande trend

Seniorforskar og arkeolog i Nordområdeavdelinga ved Norsk institutt for kulturminneforsking i Tromsø, Jan Magne Gjerde, seier at slik øydelegging av bergkunst er ein aukande trend.

– Det har blitt meir og meir hærverk dei siste åra. Det er ei utfordring at folk ikkje klarer å slutte med det. Det er ein aukande trend både i Noreg og internasjonalt, seier Gjerde.

Her viser han til namnerissinga i Italia, og seier han har kollegaer frå Australia, Sør-Afrika og USA som ser at dette skjer med jamne mellomrom.

Jan Magne Gjerde

Seniorforskar og arkeolog Jan Magne Gjerde seier slik kulturminnekriminalitet ikkje blir teke seriøst nok.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Men vi ser mykje av det i Noreg.

Gjerde reknar med at det blir rissa noko i nærleiken av eller på bergkunst mellom ti til 20 gangar i året her til lands.

Kvifor gjer folk dette?

– I hovudsak trur eg det er tankelause, at folk ikkje skjønar at dette kan øydelegge eit kulturminne for alltid.

Les også Rissa inn penis ved 6000 år gamle helleristingar

Skadar på bergkunstverket i Ausevika i Kinn kommune.

Vil setje opp overvakingskamera

Forskaren syns det er bra at slike øydeleggingar blir meldt til politiet, men han ønskjer at slik vandalisme blir teke meir seriøst.

– Det her er kulturminnekriminalitet, og slikt hærverk blir ikkje teke seriøst nok, seier Gjerde.

Bilete av den innrissa figuren ved sidan av bergkunsten

Med eit par solbrille som målestokk, kan ein sjå kor stor figuren faktisk er.

Foto: Nordland Fylkeskommune

Tilbake i Nordland trur arkeolog Trine Johnson at ho må ty til overvakingskamera for å få bukt på dette.

– Det er litt trist. Vi vil jo ha minst mogleg forstyrringar rundt helleristningane slik at folk for ei oppleving av korleis det var å vere der den gangen, avsluttar ho.