I løpet av sommaren har nokon gjort skadeverk ved helleristningane på Vangdal i Kvam herad.
Helleristningane på berget ved Hardangerfjorden består av tre menneskefigurar, tre hjortar og to elgar, samt fleire linjer som er vanskeleg å tyda.
Dei er rundt 6000 år gamle.
«Hærverket er no meldt til politiet i Kvam, med krav om at gjerningspersonen/-ane blir tiltalt og straffa», skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding måndag morgon.
Den raude ringen syner kor på berget hærverket er gjort.
– Uoppretteleg skade
Initialane «R+N» er rissa inn i berget, heilt inntil ein av dei mest sentrale helleristningsfigurane.
– Her har nokon gjort uoppretteleg skade på eit 6000 år gamalt åndsverk. Moderne innristningar som dette er nær sagt umogleg å fjerne utan å gjere meir skade på bergflata, seier avdelingsdirektør for kultur i Vestland fylke, Per Morten Ekerhovd.
– Dei vil såleis bli ståande som sterkt skjemmande framandelement og øydelegg opplevingsverdien av den gamle bergkunsten, held Ekerhovd fram.
Politiet i Kvam opplyser til NRK at dei er orientert om saka i dag, men at dei førebels ikkje har starta etterforsking.
Det er lett tilkomst til helleristingane på Vangdalsberget i Kvam herad. Rasteplassen like ved vart oppgradert i 2021.
Foto: Vestland fylkeskommuneRasteplass opna i 2021
Vangdalsberget ligg like ved fylkesveg 576, kring ti kilometer sør for Norheimsund. Som ein del av Nasjonale turistvegar, vart ristningsfeltet og ny rasteplass tilrettelagt og opna i oktober 2021.
Det er bygd trapper, rampe og platå slik at publikum kan sjå helleristningane på berget på ein trygg måte.
Ifølge Ekerhovd er berget godt besøkt. Det var også slik dei vart gjort merksame på skadeverket.
– Vi fekk tips i løpet av sommaren. Vi er ofte ute og inspiserer sjølv, men her har nokon hjelpt oss og gitt beskjed, seier Ekerhovd til NRK.
– Har de nokon teori om kven som står bak?
– Nei, men vi håpar nokon har vore tankelause og ikkje planlagt eller gjort dette med vilje. Vi politimelder fordi det er store verdiar som er sett i spel.