Hopp til innhold

Turistvert ber om meir pengar: – Det er fullstendig krise

Dei sesongbaserte turistbedriftene hevdar dei fell mellom to stolar når Stortinget deler ut pengar til kriseråka bedrifter.

Lovatnet

KJENT TURISTMÅL: Mange turistar tek den populære båten på Lovatnet og inn til Kjenndalstova. No er det usikkert om båten vert sjøsett i sommar.

– Eg tykkjer det er tragisk at reiselivet ikkje har fått meir hjelp, seier Ingvill Tronrud, som driv Kjenndalstova i Lodalen.

Krisepakka til regjeringa for norsk næringsliv dekkjer nemleg ikkje tapet til bedrifter som berre har ope deler av året. Mange av desse baserer nesten heile inntekta si på utanlandske turistar, som truleg ikkje kjem i år.

– Uforståeleg

Det har vore ein annleis vår for Tronrud. Saman med ektemannen driv ho ein kafé, og arrangerer båtturar for tilreisande i Lodalen. Bedrifta ligg ved Kjenndalsbreen, som er ein arm til Jostedalsbreen.

Til vanleg på denne tida plar det å gå slag i slag til langt ut på hausten. Slik blir det ikkje i år.

– Me skulle hatt full fart med cruisegjester, der me skulle kokt kaffi og servert vaflar og tatt dei med på båttur. I år veit me ikkje om det er vits i å ta ut båten.

Ingvill Tronrud

TURISTVERT: Ingvill Tronrud er redd for at ho vil tape stor deler av inntekta i år

Foto: PRIVAT

Bedrifta baserer 80 prosent av inntektene på utanlandske turistar. Tronrud er oppgitt over regjeringa som ikkje vil gi kompensasjon til sesongbaserte bedrifter. Ho trur mange vil gå dukken.

– Kompensasjonsordninga trefte jo ikkje oss. Rett og slett. Me fell mellom stolane.

– Eg er uroa

Også Geiranger Skywalk ved Dalsnibba i Geiranger er i same situasjonen. Dagleg leiar Ann Kristin Mossberg forventar at regjeringa kjem opp med ein god økonomisk ordning.

– I utgangspunktet ser det jo ikkje så lovande ut for sommaren. Så eg er bekymra for kva som skjer dersom ei god ordning ikkje kjem på plass.

Departementet set si lit til norske turistar

Næringsdepartementet viser til Finansdepartementet på spørsmålet om detaljar kring kompensasjonsordninga.

Jan-Christian Kolstø i Venstre

HÅPAR PÅ NORDMENN: Statssekretær Jan Christian Kolstø i næringsdepartementet håpar norske turistar vil berge sommaren for norske turistbedrifter.

Foto: Mona Lindseth / Mona Lindseth

Samstundes seier statssekretær Jan Christian Kolstø i næringsdepartementet at regjeringa har bede Innovasjon Norge rette meir av marknadsføringa mot norske turistar.

– Det vil truleg ikkje kompensere for all utanlandstrafikk, men det hjelper forhåpentlegvis ein god del. Samstundes er det ei god mogelegheit for å inspirere nordmenn til å «oppdage» Noreg som ferieland også om sommaren.

NHO: – Vi jobbar med å få til betre ordningar

Kristin Krohn Devold i NHO reiseliv meiner krisepakkane frå regjeringa ikkje er breie nok, og at utsette bedrifter – som dei sesongbaserte – er spesielt råka.

– Me jobbar med å sikre at ordninga betre hjelper sesongbedriftene.

Mange bedrifter har også fått utsett betaling av skattar- og avgifter og avdrag på lån. Dette meiner Devold hjelper lite, så lenge mange må halde stengt.

– Mange kan ikkje betale skattar og avgifter om nokre månader. Det er berre ein gjenopning som vil gje nødvendig omsetnad og få dei permitterte tilbake, seier ho.

Kristin Krohn Devold

JOBBAR MED SAKA: Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv seier ho jobbar med å betre støtteordningane.

Foto: Alexander Nordby / NRK