Hopp til innhold

Fann alvorleg sjukdom på rømt oppdrettslaks

Det er påvist smitte på tilnærma all fisk som er analysert etter den største lakserømminga i Noreg på fleire år.

Fangar rømd laks med garn og harpun

SJUK: Tilnærma all fisk som er analysert etter lakserømminga i Vadheim er alvorleg sjuk.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

I dag presenterte Norges Jeger- og Fiskerforbund og Universitet i Bergen funna etter at 35.000 laks rømte frå Aller Aqua sitt anlegg i Vadheimsfjorden i slutten av oktober.

På over 100 fisk som er fanga og analysert har det blitt påvist fleire alvorlege sjukdommar.

Pankreas sjukdom (PD), hjarte- og skjelettmuskelbetennelse (PRV) og piscint myokarditt virus (PMCV) er funnen på fisken som er tatt i elvane i Vik, Hyllestad og Sogndal.

Fagfolk er uroa for følgjene.

– Resultatet viser at det er veldig stor fare for villfisken i heile Sognefjorden. Det er veldig alvorleg, spesielt for yngelen som kan bli smitta, seier Alv Arne Lyse, prosjektleiar villaks i Norges Jeger- og Fiskerforbund.

I Sogndalselvi blei det tatt prøver av tre kjønnsmoden hannfisk som alle var smitta med virusa.

Professor Are Nylund ved UiB presenterte funna.

Eg har aldri sett så mykje sjukdom på fisk som på prøvene frå rømminga i Vadheimsfjorden.

Are Nylund, professor ved UiB

– Det er dramatisk og all grunn til å vere bekymra, seier Lyse.

NRK har ikkje lukkast å få ein kommentar frå Aller Aqua etter gjentekne forsøk.

Sturle Skeidsvoll, dagleg leiar i Aller Aqua, sa etter hendinga at den frykta laksesjukdomen PD ikkje var påvist i merden der fisken rømde frå.

20 000 laks framleis på rømmen

Rømminga vart oppdaga 29. oktober i samband med at fisk smitta med pankreas sjukdom skulle slaktast ved anlegget. Sjukdomen er ikkje farleg for menneske.

Årsaka til rømminga var truleg at ein båt tok borti nota til ei merd.

Av kring 50.000 laks rømde 35.000 gjennom holet i nota. Fiskeridirektoratet opplyser at over 12.000 fisk er rapportert fanga inn av selskapet.

Dermed er 23 000 laks framleis på rømmen.

Fangar rømd laks med garn og harpun

Lakserømminga utløyste fleire aksjonar i elvane for å hente ut fisk som seinare har vist seg å vere sjuk.

Foto: ARNE STUBHAUG / ARNE STUBHAUG

Bekymra for yngelen

Norges Jeger- og Fiskerforbund er bekymra for at yngelen i elvane kan bli smitta av virusa, som går til åtak på hjarte og skjelettet til fisken.

– Det er dokumentert at villaksen kan bli smitta. Det var mange sjukdommar på fisken og vi manglar kunnskap på kva som kan skje vidare. Vil det bli ein naturkatastrofe eller ikkje? Det er ingen som veit og det gjer det veldig skummelt, seier Alv Arne Lyse.

Virusa smittar frå fisk til fisk, og yngel er mest utsett då dei ikkje har bygd opp immunitet, men og gyteklar fisk kan bli smitta.

Lakserømminga er den største i Noreg på fleire år og førte til at fleire kasta seg i båten for å fange laksen, som trass sjukdom ikkje skal vere farleg for menneske å ete.

Les også: 40.000 laks kan ha rømt frå oppdrettsanlegg

Rømt oppdrettslaks i Vadheim. Svein Rune Kyrkjebø er ute på fjorden.
Rømt oppdrettslaks i Vadheim. Svein Rune Kyrkjebø er ute på fjorden.