Hopp til innhold

Avviser at 35.000 rømt laks går opp i elvane

Det danske oppdrettsselskapet stadfestar no at 35. 000 laks er på avvege i verdas lengste fjord. Men avviser at mykje fisk har gått opp i elvane.

Fangar rømd laks med garn og harpun

GARN OG HARPUN: Det blir fanga rømd laks på fleire måtar.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

– Det er utruleg dårleg for oss, og vi beklagar alt som har skjedd, seier Sturle Skeidsvoll, dagleg leder i Aller Aqua Norway AS.

Det totale rømmingstalet frå Aller Aqua sitt anlegg i Vadheim i Høyanger kommune er 35.000 oppdrettslaks.

Rømminga vart oppdaga 29. oktober i samband med at fisk smitta med pankreassjukdom skulle slaktast. Totalt var det 50.000 laks i merden, men ikkje all fisken hadde rømt.

Etter ei oppteljing søndag kveld kom det endelege rømmingstalet.

Selskapet og frivillige har til no fiska opp 5000 av den rømte laksen og fiskinga går føre seg framleis.

Frykta oppdrettslaks på ferde i Vik

UFRIVILLIG FRIVILLIG: Det har blitt lagt inn ein formidabel innsats for å unngå at laksen skal gå i elva, fortel Morten Jacobsen i Vik jakt- og fiskelag.

Foto: Odd Inge Gjeraker

– Totalt feil

Vik jakt- og fiskelag har funne laks i elva Vikja som dei meiner stammar frå lakserømminga i Vadheim og som var gytemoden.

– Skal vi ha fisk til nye generasjonar må vi få rydda opp i driten, seier Morten Jacobsen, leiar i Vik jakt- og fiskelag.

Dei har fiska opp om lag 120 fisk frå elva, 70 prosent av den er gyteklar og resten er sokalla blank fisk som ikkje enno er kjønnsmoden, fortel han.

Les også Jakter med harpun og garn på rømd oppdrettsfisk

Fangar rømd laks med garn og harpun

Men Aller Aqua avviser at oppdrettslaksen kjem frå deira anlegg.

– Kva veit de om omfanget av fisk som har gått opp i elvene?

– Det er totalt feil å seie at det har kome mykje fisk opp i elvene, so vidt eg veit er det ingen som har kome opp i elvane, seier Skeidsvoll i Aller Aqua.

Han hevdar fisken ikkje var gyteklar, og at fisken som rømte var såkalla blankfisk, som då går ut i havet.

Urovekkande

Tore Wiers, forskar i Norce var i Vikja før helga.

– Det var urovekkande. Av 30 fisk som blei fanga var alle unntatt éin kjønnsmoden.

Forskaren forventar å finne fisk frå anlegget til Aller Aqua når dei no skal gjennomgå ei rekke av elvene rundt Sognefjorden for å kartlegge rømminga.

Fiskeridirektoratet har nemleg gitt Aller Aqua pålegg om å overvake elleve vassdrag etter rømminga. Dette motsette selskapet seg først.

Etter slike rømmingar går laksen oppi elvar. Det er ein del av biologien deira, seier forskaren.

Storleik og alder på fisken gjer at Norce knyt den mot rømminga, fortel Wiers.

I Daleelva i Høyanger har det vore nokre sporadiske observasjonar av oppdrettslaks etter rømminga.

– Men heldigvis ikkje i dei store mengdene som vi frykta. Vi har vore heldige så langt, seier Jan Henrik Øyehaug i Høyanger jakt- og fiskelag.

Fryktar konsekvensane

– Vi følger nøye med. Ei slik rømming kan få store konsekvensar, seier Leni Lisæter, regiondirektør i Fiskeridirektoratet.

– Selskapet avviser at oppdrettslaksen har gått opp i elvene. Kva tenkjer de?

– Vi tek det til etterretning, men vi følger opp. Dette vil bli avdekka under fangst. Det er funne laks med melke i oppi Vikja, seier Lisæter.

Rømt oppdrettslaks i Vadheim

IKKJE ALLE KOM LANGT: I Vadheimsfjorden blei det eit heftig laksefiske i dagane etter rømminga.

Foto: Steinar Lote / NRK

Kjenner årsaka til rømminga

Fisk på Aller Aqua sitt anlegg i Vadheim var smitta av den frykta laksesjukdomen PD. Men Skeidsvoll i Aller Aqua seier at merden som rømte ikkje hadde fått påvist denne sjukdomen.

Kor mykje dei taper på rømminga er ukjent, men det blir «nokre kroner», seier han.

Saka er politimeld av Miljøvernforbundet.

Både fiskeridirektoratet og politiet etterforskar hendinga.

– Truleg var er det propellen til slaktebåten som laga holet som fisken rømde frå, seier Ingrid Lefdal, politibetjent i Høyanger.

Aller Aqua seier dei slit med å forstå kva som har skjedd.

– Dette skulle ikkje skje, seier Skeidsvoll og fortel at slaktebåten hadde vern på alle propellar.