Hopp til innhold

Denne båten skal gjere sjøen tryggare

FLORØ (NRK): Røde Kors vil investere millionar i nye båtar. Målet er å assistere folk som ferdast på sjøen og treng hjelp. Dei blir det stadig fleire av.

Flora Røde Kors sin båt

STØRRE BÅT: Slik ser båten hjelpekorpset ønsker seg ut.

Foto: Flora Røde Kors Hjelpekorps

– Dette vil styrkje beredskapen. Vi skal ikkje erstatte Redningsselskapet, men vere eit tillegg, seier Espen Aldeholm Rysjedal, leiar i hjelpekorpset i Flora Røde Kors

Flora Røde Kors Hjelpekorps har gått frå 11 til 17 oppdrag frå 2015 til 2017. Størst auke er det i oppdrag på eller ved sjøen.

Fram til no har dei hatt ein open rib. No er planen å kjøpe ein lukka båt. I tillegg har dei to mindre båtar.

– Til denne båten håpar vi å rekruttere personell med maritim bakgrunn, slik at vi får høg kompetanse på båten, seier han.

Røde Kors

FRIVILLIG: Leiar i hjelpekorpset, Espen Aldeholm Rysjedal, ønskjer seg ny båt for den frivillige redningstenesta.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Ved fleire oppdrag har hjelpekorpset opplevd at dagens båt ikkje er optimal, til dømes ved ein aksjon i Høydalsfjorden då vêret var svært dårleg.

Vaffelsal er ikkje nok

– Båttenesta er noko vi aukar i takt med at stadig fleire er på sjøen. Vi ønskjer å styrke beredskapen der det er behov, og det er planar om fleire båtar. Utfordringa ligg i økonomien, seier Kjersti Løvik, leiar i landsråd hjelpekorps i Norges Røde Kors.

Den gamle RK-båten i Florø

RIB: Det er denne båten som no skal ut av teneste.

Foto: Jostein L. Bergset

Røde Kors har 182 båtar i landet. Åtte av desse er større, hurtiggåande båtar. Båten i Florø blir den niande.

– Det kostar mykje å investere i denne typen beredskap. Det klarer vi ikkje berre med flaskepant og sal av vaflar, seier Løvik.

Glade for satsinga

Leiar for felles eining for operative tenester i Vest politidistrikt, Morten Ørn er positiv til planane. Han seier dei vil gå i dialog med Røde Kors for at politiet skal kunne nytte båten til meir enn berre leiteaksjonar.

Morten Ørn

BETRE BEREDSKAP: Morten Ørn, leiar for felles operativ eining i Vest politidistrikt sett pris på dei frivillige som satsar.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Alle ressursar vi kan ha tilgjengeleg på sjøen er vi særs godt nøgd med, seier han.

Politiet og Redningsselskapet blei 31. januar einig om ei beredskapsavtale. Frå og med 1. februar skal Redningsskøytene kunne brukast av politioperativt personell. Førsteprioriteten skal framleis vere søk- og redningsberedskap koordinert av hovudredningssentralane.

Redningsleiar Nils Ove Sunde hos Hovudredningssentralen gler seg over satsinga til Røde Kors.

– Vi ser at Røde Kors får stadig betre båtar i storleiken små redningsskøyter. Dette er eit løft for beredskapen, seier Sunde.

Røde Kors båten Hordaland i Kinsarvik øvelse

ÅTTE BÅTAR: I Hordaland har Røde Kors eigen redningsbåt. Per no har dei åtte av denne storleiken.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vil hjelpe fleire

Leiaren i lokalforeininga Flora Røde Kors, Arnt Harry Hellevang, seier dei lyttar til hjelpekorpset når dei no investerer i betre båt.

– Dette vil gje dei frivillige betre og tryggare arbeidsforhold under aksjonar, seier Hellevang.

Det økonomiske er sjølvsagt ei utfordring, men Hellevang meiner dette er investeringar som kjem godt med.

– Vi opplever at vi stadig oftare assisterer hjelpekorpsa i nabokommunane. Med betre båt håpar vi å kunne hjelpe fleire.