Hopp til innhold

Skal søkje 230 kvadratkilometer etter sakna

Røde Kors og politiet har starta opp att søket etter ein sakna mann i 50-åra i Flora. – Det er eit veldig krevjande søk, seier aksjonsleiar Espen Rysjedal.

Leiteaksjon etter sakna i Flora

KREVJANDE: Eirik Myrstad og Jason Peter i gang med som er venta å bli eit krevjande søk etter den sakna mannen i Flora.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Kring 20 personar fordelt på seks båtar skal utover laurdagen søkje etter gjennom eit stort område etter den sakna mannen i 50-åra i Flora.

Mannen vart sist sett tysdag 21. mars, men meldt sakna to dagar seinare då skjergardsjeepen hans vart funnen drivande ved Osstrupen bru i Høydalsfjorden.

Røde Kors

STARTAR OPP: – Det er ikkje sikkert vi klarer å søkje over heile området, men då må vi ta ei ny vurdering i kveld, seier leiar for leiteaksjonen, Espen Rysjedal.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Det er mange bratte og glatte svaberg og mykje straum i området. Heilt yttarst bles det liten kuling og det er krevjande å navigere i området, seier aksjonsleiar Espen Rysjedal.

20–30 avhøyr

Politiet meiner mannen fall på sjøen i samband med at han skulle gjere arbeid på seglbåten som han hadde ved Osstrupen bru.

20–30 personar er avhøyrde, men ingen har sett eller høyrt frå mannen sidan 21. mars.

– Det er eit stort område som skal søkjast igjennom, med 29 ulike søketeigar fordelt på 230 kvadratkilometer, seier stasjonssjef ved Flora politistasjon, Wenke Hope.

Fleire lokallag

Kystvakta avslutta søket sitt tysdag utan å kunne finne noko som kasta nytt lys over forsvinninga. Mannen var truleg ved Osstrupen bru for å jobbe med seglbåten sin som låg der.

Søkeområdet laurdag

STORT OMRÅDET: Flora Røde Kors har planlagt søk i eit stort område laurdag.

Foto: Flora Røde Kors

Søket i dag er i regi av Røde Kors, saman med innsatsleiar frå politiet. Lokallag frå Flora, Eid, Selje og Jølster deltek. Søket går frå Osstrupen bru til Skorpa og Bareksta lengst vest for Florø.

Rysjedal seier båtsøk er prioritet, men at det kan vere aktuelt med einskilde strandsøk.

– Det er ein del skjær kring holmane, og det er lett at ting legg seg bak steinar slik at når det no fjærar så kan det ligge ting på land, seier han.

Ny vurdering måndag

Røde Kors

I GANG: Den første båten med leitemannskapet Kjetil Høydal, Arnt Hellevang og Anne Marte Karreman Kleiven gjer seg klar til å starte søket. – Det er eit stort område, med mykje straumar som vekslar frå dag til dag. Ein veit ikkje heilt kor ein skal starte, seier Kleiven.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Blir søket resultatlaust, blir det gjort ny vurdering måndag.

– Mest truleg blir då søket avslutta, men det er ei avgjerd politimeister og stabssjefen som eventuelt tek. Då har det vore søkt i alle tenkjelege område, både på land og i sjøen, seier Hope.

– Krevjande område

Lokallagsleiar i Flora Røde Kors, Arnt Hellevang, håpar søket gir resultat.

– Vi ynskjer at familien kan få ei grav å gå til, seier Hellevang og legg til at det er planlagt ein debrief klokka 18 i ettermiddag. Blir det gjort funn eller vêrforholda blir for krevjande, avsluttar dei søket.

Frivillig i Røde Kors

FRIVILLIG: – Det er eit stort område, med mykje straumar som vekslar frå dag til dag. Ein veit ikkje heilt kor ein skal starte, seier Anne Marte Karreman Kleiven.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Anne Marte Kleiven er ein av dei frivillige som er med i søket. Ho engasjerte seg i Røde Kors i 2013 i Stavanger, men melde i januar seg inn i lokallaget i Flora.

Ho seier søk som i dag er årsaka til at ho engasjerte seg.

– Eg ynskjer å gjere nytte for meg, og no har eg moglegheit til å hjelpe, seier ho.