Hopp til innhold

Marius har vore med i tre redningsaksjonar på kort tid – berre fordi han var i nærleiken

Redningsleiarar vil at fleire som jobbar langs kysten stiller seg tilgjengelege for redningsoppdrag. Men då må dei først registrere seg.

Marius Strømmen på Godfisken

STOR KRAN: Marius Strømmen fekk god bruk for krana om bord på servicebåten, då ein fiskar kantra ved Måløy.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Servicebåten «Godfisken» køyrer dagleg til ulike oppdrettsanlegg langs kysten.

I fjor haust vart det dramatisk.

I løpet av få veker vart skipper Marius Strømmen kalla ut til tre ulike redningsoppdrag, fordi han var i nærleiken alle gongane.

– Du er ikkje så tøff i trynet når du ligg i sjøen og treng hjelp. Tida kan vere avgjerande.

Redningsaksjon i Måløy

DELTOK I AKSJON: Då fritidsbåten til ein fiskar kantra ved Måløy i fjor, vart servicebåten «Godfisken» viktig i redningsarbeidet.

Foto: Marius Strømmen

Alle hendingane var utfordrande på ulike måtar.

Ved ulykka i Måløy vart servicebåten viktig, ettersom den har store kraner som kan utføre tunge løft.

– Når vi er på sjøen, hjelper vi kvarandre. Om det er fritidsbåt, yrkesfiskar eller lastebåt, seier skipperen.

Marius Strømmen - skipper på Godfisken

FLEIRE REDNINGSOPPDRAG: I løpet av tre månader deltok Marius Strømmen på tre redningsaksjonar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vil ha fleire i register

Redningsleiar ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg, Andreas Bull, seier fleire som jobbar langs kysten bør stille seg tilgjengeleg for redningsoppdrag.

Han trekker fram oppdrettsnæringa som døme.

– Oppdrettsnæringa har veldig gode båtar. Dei kan slepe, dei har kran og pumper om bord. Dei ligg spreidd langs heile kysten og kan ofte vere først på staden. Då er det viktig å kunne kome raskt i kontakt med dei.

Andreas Bull, redningsleiar ved HRS

VIL HA FLEIRE PÅ LISTE: Redningsleiar Andreas Bull vil ha fleire sivile båtar med i Felles ressursregister.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Når oppkallinga skjer over skipsradioen, har dei som høyrer og oppheld seg i nærleiken plikt til å hjelpe.

Problemet oppstår når båtar som ligg langs land ikkje får med seg kva som blir sagt.

I Felles ressursregister kan redningsleiarane, raskt, finne ut kva båtar som er i nærleiken – og ringe dei direkte.

Men mange sivile båtar er ikkje registrerte der.

Det finst ikkje eksakte tal, men Hovudredningssentralen anslår at berre 10 prosent av sivile båtar er oppført i registeret.

Samstundes ser dei kor viktig registeret er når dei kan ringe båten som ligg nærast.

– Kanskje kan dei vere først på staden. Eller kanskje kan dei vente på staden til ein større ressurs kjem fram, og dermed sikre ein trygg redningsaksjon.

Også næringa sjølv har dei siste åra i større grad vore oppteken av å kunne bidra inn mot redningstenesta.

Fryktar skipshavari

Større hendingar har gjort redningsleiarane meir bevisste på kva dei faktisk har av ressursar.

I mars 2019 hamna cruiseskipet «Viking Sky» i havsnaud med 915 passasjerar.

Den gongen klarte redningspersonell å evakuere 479 med helikopter før skipet gjekk inn til Molde med dei andre passasjerane.

Viking Sky

DRAMATISK: Då «Viking Sky» Hovudredningssentralen meiner det er viktig å kartlegge kva som fi

Foto: Åse Grete Farstad

Men i ein liknande situasjon på ein annan stad, med eit anna ver, kan det bli stort behov for båtar.

Frykta er å vite at det finst båtar i nærleiken, utan å kunne kome i kontakt med eigar.

– Vi må vere førebudde på dei store hendingane. Får vi til dømes ei ny stor cruise-hending i ytre Sognefjorden, så ligg det godt med båtar i nærleiken. Då er det viktig for oss å kome raskt i kontakt med dei, seier Bull.

Reint praktisk fungerer registeret slik at det er eigar av båten som skriv inn naudsynte opplysningar. Dermed er opplysningane tilgjengelege for Hovudredningssentralen, men også for naudetatane elles i landet.

Treng politi, brann eller Kystverket ein båt, så kan dei finne det i ressursregisteret.