Hopp til innhold

Fryktar fleire elveulukker: – Det perfekte biletet kan vere det siste du tar

Noreg i haustfargar byr på mange freistande tur- og fotomoglegheiter. Erfarne elvereddarar fryktar overmot i møte med det som ser ut som ufarleg vatn.

Øving på elveredning oktober 2020, Eid Raude Kross - elveredningsgruppa

ØVING: Elvereddarane øver jamleg på å handtere situasjonar der folk hamnar i elver.

Foto: Eid Røde Kors

Så langt i år har drukningsulukker kosta 60 menneske livet. Det er høgare enn talet på drepne i trafikken.

1 av 5 drukningar har skjedd i elv, syner tal frå dei siste fem åra frå Redningsselskapet. Så langt i år har 12 omkome i norske elver. I toppåret 2018 var talet oppe på 24.

For elveredningsgruppa i Eid Røde Kors er statistikken ei dyster påminning om behovet for god beredskap.

Gruppa som no tel rundt 15 kvinner og menn har sidan 2013 hatt 17 oppdrag.

Søk- og redningsaksjonane har gjeve erfaring som dei nyttar i utviklingsarbeid. Bruk av treningsdokke under øving simulerer ein menneskekropp som vert frakta med vatnet.

Ove Haugen i Eid Røde Kors

VER VARSAM: Ove Haugen oppmodar dei som ferdast i naturen til å ta omsyn til kreftene i elvevatn.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Ut ifrå oppdraga veit elvereddarane at dei færraste flyt lenger enn 400 meter frå fallstaden.

Jakta på rett kameravinkel eller fylling av vassflasker kan verte katastrofal.

– Å ramle uti ei elv kan vere livsfarleg. Då er det avgjerande med rask redning. Folk må vise varsemd i og ved rennande vatn, seier Ove Haugen i Eid Røde Kors.

– Det perfekte biletet kan vere det siste du tar, seier Haugen.

Livsfarlege elver

I fjor sommar mista ein eitt år gamal gut livet etter å ha ramla i elva. Elveredningsgruppa var mellom dei som bidrog under søket etter guten i Geiranger.

På somme oppdrag er det kjend kvar den sakna har falle uti. Andre gonger må gruppa speide og få oversikt over eit stort område med fleire potensielle ulukkesstader.

Bruk av hundar frå Norske Redningshunder kan lette arbeidet med å finne ein sannsynleg fallstad.

Leiteaksjon etter gut som ramla i elva i Geiranger

MISTA LIVET: I fjor sommar mista ein gut på eitt år livet etter at han ramla i elva. Her frå søk- og redningsaksjonen i Geiranger.

Foto: Synnøve Hole

Trass spisskompetanse på vatn kan terrengtilhøva rundt likevel gjere redningsarbeidet utfordrande.

Med hjelp frå Norske alpine redningsgrupper kan dei ta seg trygt ned til vatnet med tau i område med bratte heng og steinformasjonar.

Thomas Lefdal er ein av dei røynde «svømmarane». Som vaksen og elvereddar har han fått respekt for dei store kreftene i rennande vatn.

– Som ung bada eg på stader eg no ikkje hadde nærma meg utan tryggleiksutstyr, seier han.

Elveredning

SAMARBEID: Redningstenesta er bygd opp av ulike grupper og ressursar som arbeider tett saman i både øving og aksjon.

Foto: Eid Røde Kors

Viktigaste er å varsle

Hovudredningssentralen koordinerer redningsaksjonar i Noreg. Gjennom lokale redningssentralar styrt av politiet vert organisasjonar som Raudekrossen bedne om å bidra.

Elveredningsgruppa skal vere klare til å rykke ut innan 20 minutt.

– Lokale ressursar gjev kort responstid. Det er viktig når vi trykker på den store raude knappen, seier Vincent Roos ved Hovudredningssentralen på Sola.

Elveredningsgruppa håpar det førebyggande arbeidet dei og andre i redningstenesta gjer vil kunne redusere talet på redningsaksjonar. Likevel kan ei mørk og glatt årstid føre til farlege situasjonar og ulukker.

– Om nokon dett uti er det viktigaste å få varsla, og deretter prøve å redde personen utan å setje seg sjølv i fare, fortel Haugen.