Hopp til innhold

Uboden gjest drap 3 millionar fisk i fjor

I 2023 døydde 7 millionar fleire fisk i norske oppdrettsanlegg enn i 2022, viser ny rapport. Perlesnormaneta får skulda for auken.

Ei perlesnormanet ligg som ein hårete tråd tvers over biletet.

FISKEDREPAR: Dette er eigentleg ein koloni av maneter. Neslegiften deira drap 3 millionar fisk i fjor, estimerer Havforskningsinstituttet.

Foto: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

I fjor døydde 65 millionar fisk i norske oppdrettsanlegg.

Det er 7 millionar fleire enn året før, estimerer Havforskningsinstituttet i siste risikorapport for norsk fiskeoppdrett.

– Perlesnormaneta kan i stor grad ta på seg ansvaret for den auka, seier forskingssjef for dyrevelferd ved Havforskingsinstituttet, Lars Helge Stien.

Perlesnormaneta ser ut som ein lang tråd, men er eigentleg ein koloni av fleire maneter.

Ho finst ikkje naturleg i Noreg, men kan kome drivande med havstraumar til norskekysten.

Og inn i merdane.

Barbed Wire Jellyfish. Perlesnormanet

Denne «tråden» er eigentleg ein koloni av fleire maneter. Dei kan bryte seg opp, men neslecellene er framleis giftige.

Foto: Rudolf Svensen / Stavanger museum

– Desse trådane bryt opp når dei treff notveggen i merdane. Når dei treffer fisken, så skyt dei ut ein pigg som sprøytar inn neslegift, fortel Stien.

Nokre fiskar døyr momentant.

Andre får svimerke eller anormal åtferd, som kan føre til at dei kjem borti nota og får sår og skadar.

– Så me har både ein akutt dødelegheit, men kanskje òg ein meir langtrekt dødelegheit, seier Stien.

Lars Helge Stien, forskingssjef for dyrevelferd, Havforskingsinstituttet

Forskingssjef for dyrevelferd ved Havforskingsinstituttet, Lars Helge Stien.

Foto: Christine C. Fagerbakke / HI

– Det er jo generelt dødelegheit frå andre ting som sjukdommar, avlusing også vidare, men det som forklarar mykje av forskjellen frå 2022 til 2023 er dette angrepet med perlesnormanet.

I tillegg trekk rapporten fram ei auke i antal oppdrettsfisk og utbrot av pankreassjukdom som forklaringar på auka.

– Vanskeleg å sjå korleis me skal unngå det

– Me ønsker så klart å halde dødelegheita så låg som mogleg, seier direktør for havbruk i Sjømat Norge, Jon Arne Grøttum.

Men næringa veit ikkje korleis dei skal beskytte fisken frå perlesnormaneta.

Jon Arne Grøttum, Sjømat Norge

Direktør for havbruk i Sjømat Norge, Jon Arne Grøttum, seier at presenning rundt nota og såkalla «boblegardingar» er nokre av tiltaka som ligg på bordet.

Foto: Sjømat Norge

– Per i dag har me litt vanskar med å sjå kva metodar eller utstyr me kan bruka for å unngå det, seier Grøttum.

Forskingsfondet til næringa har no sett av midlar til å sjå på problemstillinga.

Dei har mellom anna forsøkt fôringsstopp for å få fisken til å gå djupare i merden, og slik gå under maneta.

– Må vere førebudd

Det er ikkje første gong perlesnormaneta drep norsk oppdrettsfisk.

Barbed Wire Jellyfish, Perlesnormanet

Perlesnormaneta vart først observert i Noreg i 1997, i samband med fiskedød i oppdrettsanlegg.

Foto: Rudolg Svensen / Stavanger museum

Første gong arten blei observert i Noreg i 1997 døydde 10–12 tonn fisk i oppdrettsanlegg på Øygarden og Fedje. Eit ukjent antal tonn vart nødslakta.

Då maneta kom tilbake til norskekysten i 2001, døydde heile 600 tonn oppdrettsfisk.

– Me får håpa at det blir 22 år til neste gong, og kanskje enda lenger også, seier Grøttum.

Gjennom ordninga «Dugnad for havet» har publikum kunna melde inn observasjonar til Havforskningsinstituttet.

Der såg dei ei kraftig auke i observasjonar av perlesnormanet allereie hausten 2022.

Blir perlesnormaneta vanlegare langs norskekysten?

Det har me ikkje sikre data på, men me har fått rapportar frå publikum både i 2021 og 2022, svarar Stien.

– Så me er jo redde for at det går den vegen.

– 60 millionar drepne av andre ting

Rasmus Hansson (MDG) synest 3 millionar fisk drepne av perlesnormanet er ille.

Men det er resten av fiskedøden han aller helst vil snakke om.

– Det er viktig å hugse at over 60 millionar oppdrettslaks blir drepne av andre ting, stort sett knytt til lakselus og avlusing. Sjølv om perlesnormaneta er eksotisk og spanande og drep meiningslaust mykje fisk, er lusa og det den forårsakar suverent mykje viktigare.

No legg MDG fram eit forslag på Stortinget som Hansson meiner vil senke fiskedødelegheita.

Mellom anna ved å oppmuntre næringa til å gå vekk frå opne merdar.

– Å stenge millionar av laks inne i opne merdar der lus og maneter kan kome utanifrå og plage livet av dei, er ein heilt håplaus løysing på lang sikt.

Les også Ny rapport slår alarm om norskekysten

Tareskog