Hopp til innhold

Reiselivet merkar at nordmenn er «slavisk» opptekne av vêrmeldinga

Vêr-appar gjer at nordmenn planlegg ferien i «sanntid». Det gjer det sårbart å drive turisthytte på fjellet.

Påskevær i Bø

PÅSKEVÊR: Mange er opptekne av korleis vêret blir i påska. Det påverkar kor nordmenn ferierer.

Foto: Jan-Helge Andersen

– Det har jo alt å seie når vi skal på tur. Vi må sjekke vêrmeldinga fjorten gangar for å sjå på vind, temperatur og snøskredfare, ler Erik Villum.

Han har vore på fjellet i ei årrekke og har alltid vore oppteken av vêret. Det er det mange nordmenn som er.

Reiselivsnæringa trur enkel tilgang på digitale vêrmeldingstenester gjer at nordmenn legg opp ferien etter kor det er fint vêr, gjerne på kort varsel.

– Før høyrde vi på radio i resepsjonen på hytta før frukost og på kvelden. Det var ikkje noko som heitte yr.no da, seier Villum.

Eirik Villum med sønn. Turtagrø i bakgrunnen.

Erik Villum sjekkar vêrmeldinga jamleg når han skal til fjells. I år har han med seg sonen på 16 år til Turtagrø.

Foto: Privat

Sårbare for dårlege vêrmeldingar

På Turtagrø Fjellhotell merkar dei at mange følger nøye med på korleis vêret blir. Dei får fort mange avbestillingar dersom vêrmeldinga ikkje viser godt vêr.

– Nordmenn er ekstremt opptekne av vêret og vêrmeldinga, seier assisterande hotellsjef, Anja Gardli.

At mange endrar ferieplanane i siste liten, har gjort at dei må ha lange avbestillingstider på fjellhotellet.

– Vi må kunne planlegge drifta fram i tid, viss ikkje hadde det vore veldig vanskeleg å drive her om vinteren.

Det same opplever dei litt lengre aust. Eigaren av Sognefjellshytta, Råmund Mundgjeld, merkar godt at mange er opptekne av vêrmeldingane. Kva vêr som er meldt gjer utslag i kor mange bestillingar dei får.

– Det er klart vi er sårbare for vêret og vêrmeldingane.

Fjellhotell på Turtagrø

På fjellhotellet på Turtagrø må merkar dei at avbestillingane kjem når vêrmeldinga er dårleg.

Foto: Privat

– Mange ser an lenger enn før

Terje Alsvik Walløe er meteorolog og har i ei årrekke formidla vêrmeldingane på radio og TV. Han seier nordmenn lenge har vore opptekne av vêret, men at interessa har blitt større.

Auka interesse for vêret gjer truleg at folk i større grad legg opp ferien etter kva han og andre meteorologar melder.

– At vi kan gå inn og sjekke vêret time for time kan kanskje gjere at folk ventar lenger og ser an vêret før dei bestemmer seg for å reise. Før reiste folk oftare av stad og håpte på det beste.

Skiturister på Turtagrø

Starten av påska har gitt sol og gode forhold på Turtagrø i Jotunheimen.

Foto: Privat

Walløe trur mange nordmenn kan sjå seg blinde på at det må vere sol om dei skal ut på tur.

– Folk er veldig opphengd i at det må vere sol og blir veldig skuffa om det blir overskya.

Meteorologen seier det er viktigare å få med seg om det er meldt vind eller farleg vêr. Sjølv med overskya vêr kan fjellet gi gode opplevingar.

– Det er mange fine dagar og fine opplevingar som går bort dersom ein blir veldig opphengd i at det skal vere full sol på yr.no.

Generalsekretær i DNT Dag Terje Klarp Solvang
Marius Dalseg Sætre

Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i Den Norske Turistforeining

– Vi høyrer om betente hytter som får avbestillingar på grunn av vêret. Det er naturlegvis synd og gjer det også vanskelegare for vertskapa våre å drive hyttene.

Bjørn Ove Grønseth
Privat

Bjørn Ove Grønseth, førstelektor i reiseliv og marknadsføring, USN Handelshøgskulen

– Vêr-appane gjer vêret meir tilgjengeleg. Vi sjekkar vêret x-antal gonger om dagen.

Oppdateringar i sanntid med vêr-appar påverkar reisevala.

Anders Nyland
Jan Børge Leirvik

Anders Nyland, Visit Bergen

– Dette har vi ingen som helst empiri på, så dette veit vi rett og slett ikkje noko om.

I Bergen var det faktisk rekord i tilreisande nordmenn i 2023. Så her er det ikkje noko som tyder på nedbørsfrykt!

Portrett av Audun Pettersen bransjedirektør for Virke reiseliv.
Virke

Audun Pettersen, bransjedirektør reiseliv, Houvedorganisasjonen Virke

– Nordmenn er lidenskapeleg opptekne av vêret. Såpass opptekne av vêret at vi lar det styre ferieplanane våre, i alle fall på kort sikt.

Thetravelinspector.no
Odd Roar Lange

Odd Roar Lange, thetravelinspector.no

– I reisesamanheng blir kortreiste, lokale gjestar påverka av vêret fordi dei kan endre reisemønster på kort varsel, eventuelt bli heime og «sjå det an».

Ingeborg Nordbø
Universitetet i Søraust-Noreg

Ingeborg Nordbø, programansvarleg Internasjonal Markedsføring og Reiseliv, USN

Det er ein trend at folk generelt booker seinare, gjerne like før.

Her spelar sjølvsagt vêret og Yr-appen inn.

– Må ikkje bli for kresne

Marte Kjernsholen bruker påskeferien på Sognefjellshytta med familien og ein vennefamilie. At dei skulle hit blei avgjort for fleire veker sidan.

Ho er redd folk er blitt for kresne på kor god vêrmeldinga må vere før dei kjem seg ut på tur.

Du går glipp av veldig mange fine opplevingar om du skal følge yr.no slavisk.

Familie på påsketur, overskyet

Marte Kjernsholen og familien har fine dagar i fjellet sjølv om det er overskya.

Foto: Marte Kjernsholen / Privat