Hopp til innhold

Stor snøskredfare i fjellet – NVE åtvarar påsketuristane

Dårleg vêrmelding skremmer ikkje turistane frå fjellet, men NVE åtvarar. I helga har det gått fleire skred i påskefjellet.

Leirvassbu påske 2024

PÅSKESTEMNING: Gråvêr og regn i bygda, men til fjells i Jotunheimen starta påska med eit nytt snøfall. Det er mange i fjellet, samstundes som snøskredfaren er stor.

Foto: Marius Dalseg / DNT

– No har det vore litt ruskevêr i eitt par dagar, seier Terje Sølna.

Han er turistvert ved DNT-hytta Leirvassbu i Jotunheimen.

Medan det har vore ruskevêr i form av regn i bygda, har ruskevêret til fjells kome som snø.

Det kjem godt med når ein driv turisthytte 1400 meter over havet, omkransa av toppturdestinasjonar.

Leirvassbu

Terje og Gitte Sølna driv DNT-hytta Leirvassbu i Jotunheimen.

Foto: Daniel Jacobsen / DNT

Denne helga har det vore nært fullt hus på ei av dei større turisthyttene til DNT i Jotunheimen.

– Det har kome mykje nysnø. Det er nesten pudderalarm her no, seier turistverten.

Men, med nysnø kan snøskredfaren auke.

Skal du på fjellet i påska?

Turistar utløyste snøskred

Medan det er betydeleg snøskredfare på Voss og i Hardanger, er det moderat snøskredfare i mellom anna Jotunheimen, Sunnmøre og Lyngen.

Likevel er det i Jotunheimen og Indre Sogn den vanskelegaste situasjonen er no, ifølgje Gustav Pless, vaktleiar i snøskredvarslinga til NVE.

– Der har vi det vi kallar vedvarande svake lag.

– Det gjer at snødekket generelt opplevast som stabilt, men plutseleg kan det gå store skred.

Laurdag kveld utløyste fire turistar eit stort snøskred i Jotunheimen, nær Olavsbu.

Snøskred nær olavsbu

Laurdag kveld gjekk det eit stort skred frå Rauddalstindane i Jotunheimen. Fire personar vart tatt i skredet, heldigvis gjekk det bra med alle.

Foto: Kristian@NF / Regobs/Varsom.no

Skredet var rundt 300 meter breitt, og alle fire vart tatt av skredet. Det gjekk bra med alle.

– Denne hendinga forsterkar biletet av at det kan vere lett å løyse ut store skred enkelte stader i Jotunheimen, seier han.

Han anbefaler påsketuristar som har tenkt seg på topptur i Jotunheimen og Indre Sogn om å vere varsame.

Her er tips til korleis du kan ferdast trygt i påskefjellet.

Her er tips til korleis du kan ferdast trygt i påskefjellet.

Lytt og sjå etter fareteikn, slik som til dømes drønn. Det er ein sikker indikator på at skredproblemet finst.

Men sjølv om ein ikkje høyrer drønn, betyr ikkje det at snødekket er stabilt.

– Dette skredproblemet er vanskeleg å forhalde seg til. Vi anbefaler generelt at folk ikkje ferdast i snøskredterreng når ein har denne type problem.

Skitur

Ver merksam og ta gode val om du skal på topptur i påska. Det er oppfordringa frå Røde Kors-presidenten.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ta gode turval

Ei ny undersøking utført av Opinion for DNT og Røde Kors, svarar 45 prosent at dei har følgt fjellvettregelen om å snu på tur.

Røde Kors-president Siri Hatlen anbefaler folk å vere merksame på påsketuren.

– Det er viktig å følgje med og ta gode turval, seier ho til NTB.

Fleire tusen frivillige er i beredskap for å kunne trå til om det blir behov under årets påskeferie.

– Veldig mange bruker ferien sin på å kunne hjelpe ferierande både ved sjøen, i nærområda sine og på fjellet, seier Hatlen.

– Eg er stolt av at våre og andre organisasjonars frivillige ikkje tek fri, men vel å vere der for andre gjennom heile påska.

Les også Tek over drifta av Leirvassbu Fjellstue

Leirvassbu