Hopp til innhold

Forslag om å ta kraftmilliardar «lagt dødt» etter berre éin dag

Nytt forslag om jamnare fordeling av kraftinntekter har det siste døgnet skapt harme og rabalder. No vert forslaget skrinlagt.

Vannkraft

KRAFT-MILLIARDAR: Delar av innstillinga til Inntektssystemutvalet er politisk død, etter berre éin dag.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Det regjeringsoppnemnde Inntektssystemutvalet foreslo måndag at kraftkommunar skal dele 10 prosent av inntektene med andre kommunar.

Vi foreslår ei moderat utjamning av inntektene, sa utvalsleiar Marianne Haraldsvik då ho overleverte rapporten til kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Dagen etter varslar Heidi Greni, kommunalpolitisk talsperson for Senterpartiet, at ho «allereie no vil avlyse store delar av innstillinga».

− Utvalet foreslår ei rekkje endringar som ville ha fungert sentraliserande og gitt lokalsamfunn mindre igjen for naturressursar som blir forvalta i kommunane deira. Ingenting av dette vil skje med Senterpartiet i regjering, seier ho.

Ho legg til at utvalet «fekk mandatet sitt frå ei Høgre-regjering» (Solberg-regjeringa i 2020), og at den nye regjeringa «jobbar for ein anna kurs».

Vi skal motsatt veg, seier ho.

FOQHvkMTHsY

- Eg vil allereie no avlyse store delar av innstillinga, seier Heidi Greni, kommunalpolitisk talsperson for Senterpartiet.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Glad for at stortingsgruppa er så tydeleg

Hurdalsplattforma seiar at lokalsamfunn som stiller naturressursane sine til disposisjon skal få meir att for det.

Anders Vatle (Sp) er ordførar i Eidfjord, som er den tredje største kraftkommunen i landet (etter Suldal og Sirdal).

Eg er glad for at stortingsgruppa kjem med eit så tydleg standpunkt til denne innstillinga, seier han.

Tilsvarande signal kjem frå Frp, Venstre, Raudt og KrF.

For oss er det viktig at folk i heile landet har tilgang på likeverdige og gode velferdstenester. Slik er det ikkje alltid i dag, og det er viktig at vi får sett på dette på ny, seier Lene Vågslid (Ap), som er leiar av Stortingets kommunal- og forvaltningskomité (sjå sitatboks for lengre svar).

Samanfatta: Delar av innstillinga til Inntektssystemutvalet er politisk død, etter berre éin dag.

Høyanger kommune

– Eg er heilt eining med Heidi Greni om at dette framlegget må plasserast i ei skuff, snarast mogeleg, seier ordførar i Høyanger (bilete), Petter Sortland (Ap).

Foto: Visit Norway

Utnytting av lokale naturressursar skal kompenserast

Også tidlegare forsøk på å omfordele norske kraft-milliardar har stranda. I 2020 snudde Solberg-regjeringa etter store protestar frå i alt 200 vasskraftkommunar.

Andre forslag i innstillinga vil vere gjenstand for politisk tautrekking fram til Stortinget skal vedta eit nytt system for inntektsfordeling neste år.

NRK har vore i kontakt med fleire av medlemmane i Inntektssystemutvalet.

På generelt grunnlag er det ingenting oppsiktsvekkjande med at ein rapport frå eit utval blir gjenstand for politisk diskusjon, seier Anne Lise Fimreite, som representerte akademia i utvalet.

Styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, seier til NRK at «sjølv om fire representantar frå kommunesektoren har delteke i utvalet, er ikkje KS nødvendigvis samd i alle konklusjonane i rapporten frå utvalet».

For oss er det framleis viktig at inntektssystemet skal gi grunnlag for likeverdige tenester til innbyggjarane uavhengig av bustad, samtidig som kommunar som stiller areal til rådvelde for utnytting av lokale naturressursar skal kompenserast for dei ulempene det medfører, seier Helgesen.

KS har invitert til eit seminar om forslaget i september.

Vann i fiskefellen ved Fosstveit kraftverk.

– Det er ingenting oppsiktsvekkjande med at ein rapport frå eit utval blir gjenstand for politisk diskusjon, seier medlem i Inntektssystemutvalet.

Foto: Christine Fagerbakke / NRK

Uvissa må ikkje bli ståande for lenge

Vi håpar uvissa utvalet har skapt om framtidige kraftinntekter ikkje blir ståande for lenge, seier Jon Rolf Næss, som er leiar i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK).

Han legg til at dei som vil tene mest på omlegginga er store kommunar som Oslo, Bergen, Stavanger, Kristiansand, Bærum og Asker.

NRK skreiv i går at forslaget vekkjer stor motstand blant norske kraftkommunar.