Hopp til innhold

Regjeringa droppar NorthConnect inntil vidare

Stoppar behandlinga av den planlagde sjøkabelen mellom Noreg og Skottland. – Ikkje godt nok grunnlag for konsesjonsbehandling, seier oljeministeren.

Cruiseskip i Eidfjord, august 2019

UT I FJORDEN: NorthConnect ville bygge sjøkabel frå Simadalen, ut i Hardangerfjorden og vidare til kystbyen Peterhead i Skottland.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Olje- og energidepartementet har informert selskapet NorthConnect om at det ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for å fatta vedtak i konsesjonssaka om mellomlandsforbindelsen for kraft, skriv dei i ei pressemelding onsdag.

Den 665 kilometer lange NorthConnect er ein 1.400 megawatt likestraumskabel som er planlagd mellom Simadalen inst i Hardangerfjorden og Peterhead i Skottland.

Den skal frakta straum frå norsk vasskraft vestover og sende straum frå skotsk vindkraft tilbake.

Men regjeringa vil først hauste erfaringar frå dei to andre kablane som er under bygging, før dei seier ja eller nei til Hardanger-kabelen.

– I tida framover skal mellom anna dei to nye kablane til Tyskland og Storbritannia settast i drift. Olje- og energidepartementet har komme til at det ikkje ligg føre tilstrekkeleg grunnlag for å kunne avgjera konsesjonssøknadane frå NorthConnect, slik energilova krev, seier olje- og energiminister Tina Bru.

NVE: – Lønnsam, men dyrare straum

NVE har tidlegare konkludert med at den omstridde sjøkabelen vil bli lønnsam, men gi dyrare straum.

– NorthConnect er eit interessant prosjekt. Men med endringane vi ser i kraftsystemet i dag og som vil kome dei næraste åra, har vi ikkje nok kunnskap no til å vita om fordelane ved prosjektet veg opp for ulempene for allmenne og private interesser som blir råka. Med andre ord er dette verken eit ja eller nei til konsesjonssøknaden, fordi vi ikkje har tilstrekkeleg grunnlag til å fatte ei slik avgjerd no, seier Bru

Straumkabel frå Sima til Skottland

FRÅ SIMA TIL SKOTTLAND: NorthConnect vil føre straum i ei gigantisk kabel under vann.

Foto: NORTHCONNECT

Eidfjord-ordførar overraska

I Eidfjord kommune, der kabelen skal gå frå, har dei lenge vore positive til prosjektet. Ei milliardinvestering i kommunen ville gitt fleire arbeidsplassar og større kraftinntekter.

Fungerande ordførar Aslak Lægreid (H) er skuffa over at regjeringa førebels droppar ei avgjerd om NorthConnect.

– Eg er overraska over at det ikkje blir konsesjonsbehandla. Det er to milliardar kroner som ville blitt investert i kommunen og det ville blitt lagt til rette for høg aktivitet i byggeperioden, seier Lægreid.

Aslak Lægreid (H), fungerande ordførar i Eidfjord kommune.

EIDFJORD: Fungerande ordførar i Eidfjord, Aslak Lægreid (H).

Foto: Tale Hauso / NRK