Kommunal- og distriktsdepartementet gav tysdag beskjed til Vestland fylkeskommune om at Atløysambandet vil få «om lag» 17,7 millionar kroner i årlege ferjeavløysingsmidlar i 45 år.
Det same sambandet låg tidlegare an til å få 11 millionar kroner i tilsvarande støtte.
Tanken bak ferjeavløysingsmiddel er at staten har interesse av å hjelpe fylka med bruprosjekt framfor å sponse dei med ferje-pengar til «evig tid» (sjå faktaboks).
«Regjeringa prioriterer folk langs kysten», skriv departementet i ei pressemelding.
– Eg er glad for at ferjeavløysingsmidlar kan vere med å finansiere fastlandssamband for dei som bur på Atløy, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp). Her saman med Askvoll-ordførar Ole Andre Klausen (H).
Foto: Aril M. Olset– Håpar det er ein skrivefeil
Jubelen stod i taket då kommunalminister Jan Tore Sanner presenterte ideen om ferjeavløysingsmiddel i 2015.
Men for to år sidan vart det rabalder fleire stader langs kysten då ein ny utrekningsmåte vart lagt til grunn.
Nokre bruprosjekt kom betre ut i den nye modellen, medan øyfolket på Atløy gjekk frå eit løfte på 27,8 millionar kroner i årlege ferjeavløysingsmiddel – til 11 millionar kroner.
– Håpar det er ein skrivefeil, kvitterte fylkestingsrepresentant for Frp, Frank Willy Djuvik.
I dag gler han seg over den siste omdreiinga i saka, men minner om at det framleis er langt opp til dei 27 millionane som først vart førespegla.
– Atløysambandet er eit så bra prosjekt, at det truleg kan realiserast med 17,7 millionar i året, men det vil gå noko lenger tid å betale det ned, seier han.
Prisen på Atløysambandet har vore rekna til i overkant av ein milliard kronar (1,245 milliardar kroner i 2022-kroner).
Foto: Rambøll– Det er eit godt tal
I Askvoll blir nyheita om prosjektet, som fekk sin første reguleringsplan i 1989, godt motteke.
– Det er eit godt tal. Etter å ha rekna på det raskt trur eg både renter og avdrag er innbetalt før 45 år er gått, seier Ole Andre Klausen (H), som er ordførar i kommunen.
Bjørn Arne Mjåseth, ein av 450 innbyggarar som bur på øya Atløy, er litt meir atterhaldsam:
– Det er positive signal frå Statsråden, men dette dekkar på langt nær dei faktiske kostnadene fylket har med ferjedrifta, seier han.
– Med dette ligg alt til rette for at fylkeskommunen kan realisere brua, seier Aril Magne Olset.
Justeringa av ferjeavløysingsmidlane kjem i forlenginga av kommuneproposisjonen for 2023, som i mai vart lagt fram saman med revidert statsbudsjett.
Det har likevel teke tid å finne ut akkurat kva justeringa inneber, ettersom delar av sambanda vart gratis i andre halvdel av 2022.
Tanken bak ferjeavløysingsmiddel er at staten har interesse av å hjelpe fylka med bruprosjekt framfor å sponse dei med ferje-pengar til «evig tid»
Foto: Rambøll– Dette er ei særs gledeleg melding
I fjor stemde fylkestinget i Vestlandet ja til å sende søknad om ferjeavløysingsmidlar for Atløysambandet til Kommunal- og distriktsdepartementet.
Med dagens nyheit er fylket klart for neste steg, varslar fylkesordførar Jon Askeland (Sp).
– Dette er ei særs gledeleg melding for oss! Me har jobba så lenge med å gje folket på Atløy bru, reguleringsplan er godkjend, men økonomien har vore bøygen.
Han legg til:
– No vil eg gje fylkesadministrasjonen melding om å rekna på nytt og leggja fram sak snaraste råd.
Fjelbergsambandet i Kvinnherad kan no bli realitet. Dagens ferjesambanda fekk el-ferjer i fjor.
Foto: Illustrasjon: LMG Marin AS / Nordwest3D AS