Hopp til innhold

Staten halverer støtte til bru: – Håpar det er ein skrivefeil

Ny utrekningsmåte gjer at øyfolket får 11 i staden for 27 millionar i ferjeavløysingsmiddel. Stortingsrepresentant krev at statsråden grip inn.

Atløyna (også kalt Atløy) er ei øy i Askvoll kommune i Vestland fylke, nord for munningen av Dalsfjorden.

NY REKNEMÅTE: Nye utrekningar viser at dei nesten tretti millionane til Åtløysambandet har blitt til 11.4 millionar kroner.

Foto: Gustav Skaar

– Her trur eg dei har bomma ganske radikalt, seier Bjørn Arne Mjåseth, ein av 450 innbyggarar som bur på øya Atløy i Sogn og Fjordane.

I fleire år har han gleda seg til at øya skal bli forbunde med fastlandet. For tre år sidan berekna Kommunal- og moderniseringsdepartementet at kommunen ville få 27,8 millionar kroner i årlege ferjeavløysingsmiddel.

No ville brua endeleg kome, tenkte Mjåseth.

Ferjeavløysingsmiddel er det staten er villige til å spytte inn i ei brukryssing, og svarer til det staten elles ville brukt på å sponse ferjedrift.

Men i år kom eit nytt overslag frå staten. Nye utrekningar viste at dei nesten tretti millionane har blitt til...

11,4 millionar kroner.

– Eg håpar det er ein skrivefeil frå departementet, seier fylkestingsrepresentant for Frp, Frank Willy Djuvik.

Men det er det ikkje. Halveringa, og meir enn det, er reell.

– Uverkeleg, seier Ole Andre Clausen (H), som er ordførar i Askvoll, og ynskjer at kommunen skal henge betre saman.

Prisen på brua har vore rekna til om lag ein milliard kronar.

Ber statsråden om finne ei løysing

Måndag denne veka vart saka løfta til nasjonalt nivå då stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) sende skriftleg spørsmål til kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

I brevet ber han statsråden om «finne ei løysing for Atløysambandet» og om å «sikre det nivået på tilskottet som var førespegla tidlegare».

Jubelen sto i taket då kommunalminister Jan Tore Sanner presenterte ideen om ferjeavløysingsmiddel i 2015.

Ordninga med å byggje bru eller undersjøisk tunnel for pengane som elles ville gått til ferjedrift hadde då vore etterlengta i kystfylka i fleire år.

Sidan har ferjeavløysingspengane bidrege til eit avgrensa utval bruer.

Nikolai Astrup

TILBAKE TIL START: Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) ber kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (bildet) om å «sikre det nivået på tilskottet som var førespegla tidlegare».

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ingen merknadar til justeringane

Ei tilbakevendande problemstilling har vore korleis beløpa skal reknast ut.

I 2018 vart kriteriet for rammetilskot endra frå at kvart ferjesamband utløyste et likt beløp, til at ferjemidla differensierast etter trafikktal, sambandslengde og type farvatn.

I den første versjonen av normerte ferjekostnader var ikkje lengda på ferjesamband med fleire enn to anløp heilt eintydig definert, noko som gav ein ulik praksis for berekning av normerte ferjekostnader mellom ulike ferjesamband.

Forslaget vart sendt ut på høyring i 2018, utan at Sogn og Fjordane fylkeskommune hadde merknadar til justeringane.

Det er desse som no slår uheldig ut for Atløysambandet.

Andre kjem godt ut av det. Den nye utrekninga gjer for eksempel at Fjelbergsambandet i Kvinnherad hopper frå 2,7 til 21,5 millionar i avløysingspengar.

Ståande applaus frå Sogn og Fjordane Høgre på landsmøtet

STÅANDE APPLAUS: Då kommunalminister Jan Tore Sanner gjekk på talarstolen på Høgre sitt landsmøte i 2015 og sa at pengane som elles ville gått til ferjedrift kan gå til å finansiere bruer og tunnelar, var dette responsen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– For å sikre likebehandling

– Endringar i anslag på årlege ferjeavløysingsmiddel for Atløysambandet skuldast at fylkeskommunen no får mindre i rammetilskot enn ved det førre anslaget, seier Paal Pedersen, som er statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Han legg til at endringane er gjort «for å sikre likebehandling mellom ulike samband og fylkeskommunar».

Atløysambandet - kart

ØYHOPPING: Slik skulle Atløysambandet gå via Prestøyna og knyte Atløy saman med resten av Askvoll kommune

Foto: Rambøll