Hopp til innhold

Regjeringa tvingar gjennom ny E39 i turområde: – Dette er skuffande

STORD (NRK): Departementet går mot lokalsamfunnet ved å bygga ferjefri E39 tvers gjennom turområdet Landåsen på Stord. No vurderer miljøpartiet å gå til rettssak.

Alternativ 4 for ny E39 over Stord

TETT INN MOT TRE VATN: Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vald vegtraseen som ligg i eit turområde tett inn mot Landåsvatnet, Tveitavatnet og Skiphaugsvatnet.

Foto: Statens vegvesen

Med ein kostnad på 340 milliardar kroner er ferjefri E39 det største og dyraste vegprosjektet i Noreg til no. Det har vore sterke diskusjonar om korleis den nye vegen skal bli.

På Stord har det stått mellom fleire alternativ for ny E39, og måndag kom nyheita om at regjeringa vel alternativet som befolkninga ikkje vil ha.

Måndag vedtok Kommunal- og moderniseringsdepartementet at framtidig trasé for E39 på Stord skal følga alternativ 4, med ein kort tunnel under Landåsen.

– Med dette vil ein øydelegga det viktigaste rekreasjonsområdet for stordabuen, med ein firefelts motorveg tvers gjennom Landåsen. Så det er skuffande, seier varaordførar Jakob Bjelland (Sp).

Kommunen gjekk sjølv inn for alternativ 5, som inneber ein lang tunnel under Landåsen for å bevara friluftsområdet. Departementet viser til at kostnadane blei for høge.

Videoen viser kommunedelplanen for E39 Heiane–Ådland/Nordre Tveita som Vegvesenet presenterte 6. februar:

– Natur blir nedprioritert

Vegen som departementet går inn for går i omtrent rett linje mellom Ådland og Heiane, og vil ligga tett inn mot Landåsvatnet, Tveitavatnet og Skiphaugsvatnet.

– Avgjerda til departementet er endå eit eksempel på at natur blir nedprioritert grunna økonomiske konsekvensar, seier varaordførar Bjelland.

Jakob Bjelland

– BLIR NEDPRIORITERT: Varaordførar Jakob Bjelland (Sp) meiner at avgjerda til departementet er endå eit eksempel på at naturen blir nedprioritert framfor økonomien.

Foto: Mette Anthun / NRK

Statssekretær Bjørnar Laabak (Frp) fortel at Kommunal- og moderniseringsdepartementet ønsker ein rettast mogleg strekning, med veg tvers gjennom Landåsen istadenfor tunnel under.

Departementet ønsker likevel å bevara turområdet på best mogleg måte.

– Me har gått inn for alternativ 4 fordi det er rimelegare med kortare tunnel. Men med avbøtande tiltak meiner ein då at alternativ 4 er det best eigna alternatvet.

Alternativ 5 har ein kostnad på rundt 400 millionar kroner meir enn alternativ 4.

Varaordførar Bjelland meiner likevel det kan forsvarast å bruka noko ekstra midlar på alternativet som kommunen vil gå for grunna verdien turområdet har.

– Dette er jo eit område som har skular i nærleiken. Det blir brukt enormt mykje, både av barn, vaksne, til trening, til friluft. Det er folkehelse, og no vil området få ein heilt anna verdi enn det det har hatt.

Vurderer å gå til rettssak

Kommunestyrerepresentant for Miljøpartiet dei Grøne på Stord, John Tonnesen, er frustrert over avgjerda til departementet om å velja trasèalternativ 4.

Kommunestyrerepresentant for Miljøpartiet dei Grøne på Stord, John Tonnesen

John Tonnesen (MDG)

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Det viser at dei ikkje bryr seg om miljøet og dei raudlista artane i området. Heller ikkje om lokaldemokratiet – og kor viktig friluftslivet og folkehelsa er for folk her på Stord.

No vurderer Miljøpartiet dei Grøne i Hordaland å gå til rettssak med miljøparagraf §112 i Grunnlova.

– Me er ikkje ferdig med saka, og eg håpar at lokalsamfunnet her er villige til å protestera og å kjempa. Eg vurderer sjølv å legga meg i lenke, og å laga den neste "Alta-konflikten" av denne saka, fortel Tonnesen.

Tilbyr tiltak med omsyn til turområdet

Kommunalministeren og Vegvesenet vil gjera avbøtande tiltak til om lag 80 millionar kroner for å ikkje øydelegga turområdet.

Tiltaka er å forlenga tunnelen under Lønningsåsen, å etablera lysanlegg på eksisterande skogsvegar, samt oppgradering av eksisterande og bygging av nye skogsvegar.

– Desse tiltaka hadde med på bordet allereie då kommunestyret tok avgjerda i fjor, og dei har me allereie vurdert som ikkje gode nok i forhold til den øydelegginga som denne vegen vil medføra, seier varaordførar Bjelland.

Regiondirektør Helge Eidsnes i Statens vegvesen fortel at alle alternativa uansett vil medføra inngrep i naturen.

Helge Eidsnes

Regiondirektør Helge Eidsnes i Statens vegvesen, Helge Eidsnes

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Heile turområdet vil nok ikkje bli bevart uansett kva alternativ ein går for.

Av kva for eit alternativ som bevarer naturen best, vil ikkje Vegvesenet svara på.

– Fylkesmannen har hatt innvendingar på alternativ 5, og Klima- og miljødepartementet har anbefalt alternativ to, så det har vore ulike syn på akkurat dette, seier Eidsnes.