Hopp til innhold

– Vi blir ført bak lyset av vegvesenet

Ingen har fått sjå alle konsekvensar ein ny ferjefri E39 sørover frå Bergen får for landskapet langs heile traséen, før høyringsfristen for planen går ut. Det får naboar og miljøvernarar til å rase.

Bjørn Høvik

BEKYMRA: Bjarte Høvik har fått eit kart der den raude streken viser at han vil miste huset sitt dersom planane for ny ferjefri E39 blir realitet. Likevel etterlyser han meir informasjon om kva motorvegen vil gjere med landskapet på Stord, Tysnes og Os.

Foto: Leif Rune Løland/NRK

Nye ferjefri E39 kan bli det største vegprosjektet i noregshistoria. På ferjeavløysingsprosjektet Hordfast mellom Os, Tysnes og Stord er det planlagd fire-felts motorveg for 110 km/t, og spektakulære bruer. Likevel har ikkje vegvesenet laga nokon tredimensjonal film som viser aktuelle traséar.

Dermed har ikkje offentlegheita fått sjå korleis alle dei store inngrepa i landskapet i dei tre kommunane vil ta seg ut.

Høyringsfristen for den statleg kommunedelplanen er 20. januar.

– Ei grov unnlatingssynd

– Det er ei grov unnlatingssynd at Statens vegvesen let vere å lage ein tredimensjonal film av korleis Hordfast vil øydeleggje fjordlandskapet, meiner leiar Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.

– Vi krev at det blir utarbeidd ein usminka film som viser dei enorme naturinngrepa på naturskjønne Søre Os, Reksteren og Tysnes og langs austsida av Stordøya.

Flytebru over Bjørnafjorden, E39

ILLUSTRASJON: Slike illustrasjonar av bruer har vegvesenet laga. Naboar etterlyser illustrasjonar som òg viser korleis landskapet blir.

Foto: Illustrasjon: Statens Vegvesen

Bjarte Høvik har hus på Flatåker på Tysnes, og karta vegvesenet har lagt fram for denne strekninga viser at huset hans ligg midt i det som blir motorveg. Likevel er Høvik frustrert over manglande informasjon om korleis landskapet vil sjå ut langs Hordfast dersom planane blir realisert.

– Vegvesenet let med vilje vere å vise store, kontroversielle naturinngrep, meiner Høvik.

Etterlyser animasjonsfilmar

I planane for Hordfast finst det bilete av bruforslag over Bjørnafjorden og Langenuen, samt enkle perspektivskisser av utvalde stader på land. I andre store vegprosjekt har vegvesenet derimot ofte laga tredimensjonale animasjonsfilmar.

– Noko slikt har vi aldri sett. Kvifor får vi ikkje vite korleis dette blir? Skal vegvesenet kome med det etterpå, når planane er avgjort og ingen kan seie noko? spør Høvik.

Bjørn Høvik

KREV 3D-FILM: – Kvifor er det ikkje laga slik film om Hordfast? seier Bjørn Høvik, som ser eit døme på animasjonsfilm av ny E134 mellom Ølen og Etne.

Foto: Leif Rune Løland/NRK

Ordførar i Tysnes, Kåre Martin Kleppe, er òg usikker på kva konsekvensane blir i landskapet.

– Det er klart at det er vanskeleg å sjå føre seg heilt korleis det blir.

Kleppe understrekar samstundes at vegprosjektet er ei svært god moglegheit for Tysnes.

Hordfast, alternativ F: Søreidstjørnkrysset på Tysnes

KANSKJE SLIK: Vegvesenet har laga slike enkle illustrasjonar for utvalde stader langs moglege Hordfast-traséar. Her eit planlagd kryss ved Søreidtjørn på Tysnes.

Foto: Ill: Henrik Bekkewold/Statens Vegvesen

– Kan fort bli misvisande

Prosjektleiar for Hordfast, Signe Eikenes i vegvesenet, meiner animasjonsfilmar fort kan tolkast feil.

– Tredimensjonale filmar kan fort bli misvisande, fordi traséen ikkje er fastsett. Det kan føre til at folk får bilete på netthinna som truleg ikkje stemmer med det som blir resultatet til slutt, seier Eikenes.

Signe Eikenes, prosjektleiar i Hordfast, Statens Vegvesen

MISVISANDE: Prosjektleiar for Hordfast, Signe Eikenes, meiner animasjonsfilmar som naboar etterlyser kan gi eit feil inntrykk av korleis vegen blir til slutt.

Foto: Leif Rune Løland/NRK

Høvik er ikkje einig.

– No får ikkje folk inntrykk av kor store dimensjonar denne vegen får, før det er for seint, seier han.

Høvik fryktar for huset og tomta si, og omtalar det som «det tapte paradis».

– Vegvesenet fører folk bak lyset, og berre durar på.

– Dette er ein overordna plan. Vi vil sjølvsagt lage gode illustrasjonar når vi detaljerer dette ut i reguleringsplanen, seier Eikenes.