Hopp til innhold

Redaktørar kranglar om E39

Dei var på same møte om E39. Men dei er ikkje samde om kva som kom ut av det.

Flaten og Flatebø

FLATEN VS FLATEBØ: Bengt Flaten i Fjordingen og Tormod Flatebø i Fjordabladet er slett ikkje samde om kva som vart konklusjonen etter møtet i Loen om E39 i førre veke.

Redaktørane i nordfjordavisene Fjordingen og Fjordabladet kranglar om kvar E39 skal gå i området.

I tottane på kvarandre

Det er etter møtet i Nordfjord om kvar E39 skal gå i førre veke at redaktørane går i tottane på kvarandre.

I leiaren i Fjordabladet tysdag har redaktør Tormod Flatebø brukt tittelen «Lågmål av Flaten».

Han skriv;

- At ferjefri E39 over Stigedalen skal greiast ut som et aktuelt alternativ, har fått vår kjære kollega i indre til å gå av hengslene.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

To alternativ

No skal Statens vegvesen vurdere alle innspela som kom inn på møtet som vart halde i Loen onsdag og torsdag i førre veke. Dei held på med ei konseptutvalsutgreiing, og skal levere ein rapport som skal på høyring i løpet av hausten. I mars 2011 skal departementet få oversendt rapporten.

Gjennom to dagar i Loen vart det diskutert kva retning E39 skal ta i Nordfjord.

Kvivsvegen

Det eine alternative, Kvivsvegen, vil gjere vegen ferjefri mellom Festøya i Møre og Romsdal og Lote i Sogn og Fjordane. I tillegg vil det gje eit nytt samband mellom aust og vest mellom indre Nordfjord og Søre Sunnmøre. Denne vegen vil gå inn i kyststamvegen som inkluderer Kristiansund, Bergen, Ålesund og Trondheim.

Stigedalen

Det andre alternativet via Stigedalen vil føre til at det vert ferjefritt på E39 gjennom Eid og Stigedalen. Ei kort bru vidare på vegen vil føre E39 over på Kvivsvegtraseen mot Volda.Det vil krevje utbetring av Leivdalsbrua, eventuelt føre til ei tunnelløysing gjennom Stigedalen med ny tunnel mot Lote. Deretter vil det krevje bru over fjorden til Anda, før ein følgjer dagens trasé med stamvegopprusting til Skei i Jølste.

E39

HER ER DEI TO ALTERNATIVA: Vegen til venstre er Stigedalen, til høgre ser ein forslaget som går via Grodås og Kvivsvegen.

- Fjordabladet lurer folk

For Bengt Flaten skriv i sin leiar måndag at debatten om vegen har teke ei vending som rett og slett lurer menneska i området.

- Er det Fjordabladet som medvite forsøker å lure lesarane sine, eller er det Statens vegvesen som driv med lureri, spør Flaten.

Dette får Flatebø til å kvesse pennen.

Han er oppskaka over at Flaten skuldar Fjordabladet for å lure lesarene sine fordi avisa konkluderte etter møtet med at alternativet over Stigedalen er eit av dei mest aktuelle alternativa.

Opplagt kvar vegen skal gå

Det er heilt tydeleg at redaktørane har oppfatta bodskapen etter møtet i Loen i førre veke svært ulikt.

Flaten meiner at det er opplagt at vegen skal gå gjennom Kvivsvegen. Han viser til at samferdsledepartementet har gjeve klare føringar for dette. Og han peikar på at miljøverndepartementet for ei stund tilbake bestemte seg for at E39 skal gå gjennom Kviven, og ikkje gjennom Stigedalen.

- I dag er milliardprosjektet E39 Kvivsvegen godt i gang, vel konfirmert av så vel regjeringa som Stortinget, skriv han i leiaren sin måndag.

- Legg vekk Stigedalen

Flaten er også tydeleg på at eidarar og glopparar må leggje vekk tanken om E39 gjennom Stigedalen.

- Koplinga mellom Stigedalen og bru Lote-Anda vil berre svekke Lote-Anda som eit reelt alternativ.

Flatebø derimot ser det heile med andre auge, og held ein knapp på Stigedalen som er svært aktuelt alternativ.

- Må halde seg til fakta

- Vi er fullt klar over at Flaten og Fjordingen ikkje liker ein slik konklusjon, men også dei må vel av og til forhalde seg til fakta sjølv om dei ikkje liker det som kjem fram, skriv han.

Han viser til at dei etter vegmøtet om E39 i Loen spurte prosjektleiar Kjell Kvåle i Statens vegvesen kva for alternativ som var mest interessante.

- Han sa det var to alternativ, skriv Flatebø.

Den eine er ferjefri trase over Stigedalen med bru mellom Lote- Anda. Den andre er vidareføring av Kvivsvegen.

Kven lurer kven?

- Vegtrase over Stigedalen i midtre Nordfjord vil utan tvil tene flest nordfjordingar, ikkje minst i dei midtre og ytre so mkan velje ein kortare veg austover over Lærdal og ferjefri tilkomst til opptil fleire flyplassar.

Flatebø avsluttar heile leiaren sin med følgjande;

- Kven som lurer kven gjenstår å sjå, men vårt råd til vår kollega i indre er at av og til kan det vere lurt å sjå utover sin eigen navle.

Høyr dei to kamphanene i diskusjon i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane frå klokka 16.03 i dag tysdag.