Hopp til innhold

Fryktar trafikkdød i sommar

Vegvesenet meiner det er berre flaks at ikkje fleire har omkome i trafikkulukker i Sogn og Fjordane.

Bil i fart

Fartssyndarande blir stadig fleire og fartsoverskridinga blir stadig høgare. Illustrasjonsfoto.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Så langt i år har to personar blitt drepne på vegane i Sogn og Fjordane. Distriktsvegsjef Nils Magne Slinde meiner det er berre flaks at ikkje fleire liv har gått tapt i trafikken.

- Ein del trafikkantar køyrer uforsvarleg for fort. Vi køyrer mykje i trafikken alle og ser av og til episoder der vi tenker at det var flaks det gjekk bra. Med så mykje nesten ulukker og uheldige episoder er det berre flaks at det ikkje blir fleire ulukker, seier han.

Over 150 km/t

Trafikkmålingane til vegvesenet viser at det er mange som råkøyrer. Til dømes køyrer det dagleg ein bil i snitt i 120 km/t gjennom 60-sona på E39 inn til Førde. Tre bilar i snitt passerer kvar dag gjennom Fatlatunnelen mellom Sogndal og Leikanger med ein fart på over 150 km/t.

- Det er alldeles uforsvarleg, seier Slinde.

- Spesielt trist er det at dei nye vegane ikkje blir brukt til det dei var meint til; å køyre forsvarleg. Dei nye vegane fører til endå høgare fart enn det som var på vegnettet før, held distriktsvegsjefen fram.

- Unngå tragedier

Fjoråret gav det lågaste dødstalet på vegane i Norge på 54 år , men Statens vegvesen fryktar at fleire liv vil gå tapt i løpet av sommarmånadane i år.

Politiet intensivert jakta på fartssyndarane. Det har gjeve utslag i at langt fleire råkøyrarar blir tekne. I år har fire gonger så mange mista førarkortet i Sogn og Fjordane , samanlikna med fjoråret.

- Det er berre å oppmode folk om å bruke vegnettet på rette måten. Då unngår ein dei veldige tragediane når ungdom og folk i starten av livet misser livet i slike ulukker, seier Slinde.