Hopp til innhold

Fleire råkøyrer for å nå ferjene

Stadig fleire av oss bryt fartsgrensa og råkøyrer for å komme fram i tide til ferjene. Fredag miste ein mann lappen etter å ha køyrd i 128 km/t i 80-sona - med fem born i bilen.

Bilkjøring

RÅKØYRER: Stadig fleire trakkar altfor hardt på gasspedalen for å nå ei ferje.

Foto: Rainer Prang / NRK

- Nokre strekningar utmerkar seg: Sjølvsagt E39, men også sør og nord for Bergen køyrer mange altfor fort, seier distriktssjef Leon Nordanger i UP.

Han var i dag sjølv med på utrykkinga, då ein mann med dei fem ungane sine i bilen vart teken på fersken i 128 km/t i 80-sona på Oppedal.

- 29 minutt er ikkje lang venting

No lovar Nordanger at Utrykkingspolitiet vil slå hardt ned på sjåførar som råkøyrer til ferjene i sommar.

For folk som råkøyrer for å komme fram i tide til ferjene er eit aukande problem.

- Er det ikkje forståeleg at folk køyrer på for å nå ferjene?

- Jo, dersom ein seier at 29 minutt å vente på ei ferje er lenge, så har eg forståing for det. Men 29 minutt er ikkje lenge i så måte, seier Noranger.

Skal få bukt med råkøyringa

Distriktssjefen viser til at problemet med råkøyring er særleg stort om sommaren.

No satsar UP på å få ned farten til dei som har dårleg tid til ferjene.

- Både vi på Vestlandet og dei nordover langs kysten til Troms og Finnmark har fokus på denne problemstillinga. Det er eit mål at vi skal vere på hovudfartsårene - og denne typen råkøyring er i fokus, seeir Nordanger.

For familiefaren som teken i 128 km/t enda bilturen på staden. Sertifikatet rauk - og mannen var nær å få fengselsstraff.