Eit samrøystes kommunestyre vedtok å gå for ny veg langs strandlinja.
Dermed blir den kronglete nedkøyringa til ferjekaia via sentrum, på folkemunne kalla «Griserumpa» historie.
LES OGSÅ:
– Flagget skal heisast
– Flagget skal heisast. Dette må feirast, jubla Høgre-representant Monica Tjønnås, busett i Lavik, etter vedtaket.
Etter at fleirtalet i kommunestyret først vedtok å utbetre eksisterande tilkomstveg til kaia, gjekk ho i bresjen for ein folkeaksjon i Lavik. Dei samla i vinter inn nok underskrifter til at kommunen vart pliktig til å handsame saka på nytt.
– Dette viser at 300 personar kan gjere om på ei sak, seier Tjønnås til avisa Firda.
Sentrum vs strandlinja
Striden om plassering og tilkomst til Lavik ferjekai har stått mellom å utbetre dagens trasé gjennom sentrum, og dermed halde på «Griserumpa», eller å byggje ein ny trasé langs strandlinja på nedsida av sentrum.
Høyanger kommunestyre gjekk i 2001 inn for å satse på ny tilkomst til ferjekaia via strandlinja. Men planen vart stoppa av Statens vegvesen som meinte at kommunen sitt ønske om avkøyringsveg til Lavik sentrum ikkje var tilrådeleg.
No har dei folkevalde alstå snudd i saka, og ny veg skal byggjast langs strandlinja, i tråd med vegvesenet sine krav.
Bensinstasjonen tapte
Eigaren av Lavik Autosenter, Torbjørn Lavik, har gjentekne gonger uttalt at han vil slutte med bensinstasjon som ligg kloss inntil dagens E39, dersom ein gjekk for strandlinjealternativet..
Lavik ferjekai.
Foto: Stian Sjursen / NRK