Hopp til innhold

Treng 15 milliardar til vegane våre

Det vil koste minst 15 milliardar kroner å få riks- og europavegane i Sogn og Fjordane opp på den standarden politikarane ønskjer.

Dalsfjordbrua slik ho etter planen skal sjå ut

STORT PROSJEKT: Dalsfjordbrua er mellom mange vegprosjekt i Sogn og Fjordane som treng pengar. Totalt ha rfylket behov for 15 milliardar for å få vegstandarden opp på eit godt nivå.

Utrekningar NRK Sogn og Fjordane har gjort syner at politikarane i fylket dei neste 20 åra treng minst 15 milliardar kroner, dersom riks- og europavegane skal opp på den ønskjelege standarden.

- Vil ta minst 50 år

Politikarane håpar å få på plass ei rekkje store prosjekt i løpet av 20 år - altså innan 2030:

Prislappen på 15 milliardar inkluderer både påbegynte prosjekt som til dømes Kvivsvegen, ei mogleg ferjefri kryssing av Nordfjorden og ei tunnelløysing under Vikafjellet. I tillegg kjem ny og betre veg på det øvrige riks- og europavegnettet.

Åge Starheim frå Framstegspartiet meiner det heile er eit gedigent luftslott.

- Alle som klarer å rekne vil finne ut at dette ikkje er mogleg. Eg vil påstå at det vil ta minst 50 år, seier han.

Ikkje overraska over prisen

Utrekningane NRK har gjort er understøtta av fagfolk, og syner at gul stripe frå Lavik til fylkesgrensa mot Møre og Romsdal - inkludert ferjefri kryssing av Nordfjorden - åleine vil koste 10 milliardar kroner.

I tillegg kjem betre vegar i Lærdalsdalen over Filefjell, rassikring i Aurland, og opprusting av Riksveg 13 frå Leikanger til Voss.

Jenny Følling i stamvegutvalet jobbar for E39, men innser at dette truleg vil ta meir enn 20 år. Ho er ikkje overraska over prislappen.

- Eg trur det er vanskeleg å komme i mål på 20 år, ja. Men eg trur det er viktig å komme i gang, seier Følling.

Mange prosjekt i det blå

Men: Vil det ta lang tid å bygge stamvegane, vil det truleg ta endå lenger tid med fylkesvegane.

Så snart Bremangersambandet og Dalsfjordbrua er ferdig, er kassa til nye investeringar tom fram til og med 2019. Det betyr at til dømes riksveg 60 i Stryn og Hornindal, Atløysambandet, 45-minuttsregionen og ni andre prosjekt på marginallista i praksis er heilt i det blå.

- Kan ta ein mannsalder

Åge Starheim er oppgitt på regjeringa, og meiner at med dagens løyvingar manglar mykje av samferdsledebatten realisme. Han kan tenkje seg at Norge gjer som Sverige, og frikoplar veginvesteringane frå statsbudsjettet og heller opprettar eit eige fond på 300 milliardar kroner - der avkastinga går til veg.

Elles fryktar han det kan ta ein mannsalder før vegstandarden er god nok.

- Det finst ikkje noko betre utviklingshjelp til både næringsliv og folk som bur her enn å ruste opp infrastrukturen, seier Starheim.