Hopp til innhold

Investorar vil ta over Sentrum sør

Ei investorgruppe der mangemillionær Arne Stang er sentral, skal vere villige til å bla opp eit par hundre millionar kroner for å ruste opp bydelen Sentrum sør i Førde.

Sentrum Sør

SENTRUM SØR: Ei rekkje hus på vestsida av Langebruvegen, mellom anna bygge til høgre i biletet, er lagt ut for sal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Føresetnaden er at trafikksituasjonen blir avklara.

Det skriv Firda onsdag.

Seks næringsbygg til sals

– Vi er ei gruppe med tilknyting til Sogn og Fjordane som har lyst å få til noko, og vi ser då på heile området frå Langebruvegen og vestover under eitt, seier Stang avisa.

Store deler av bygningsmassen mellom Langebruvegen og Statoil-stasjonen i Sentrum sør er lagt ut på marknaden, berr eit par år etter at fleire av eigedomane skifta eigarar. Ifølgje Firda er seks næringseigedomar i området til sals.
Han skal mellom anna ha Frank Hjelemeland med på laget. Hjelmeland eig Førde varehus-bygget der også Førde kommune i dag har sin administrasjon.

– Har finansieringa i orden

Og mens det lokalt har vore sterkt fokus på parkeringsvanskar i området, er det tilkomstvegen til E39 Stang ser på som den aller største utfordringa.

– Vi har planar, og vi har finansieringa i orden, men føresetnaden er at vi får gode og føreseilelege rammevilkår. Spesielt gjeld dette trafikksituasjonen og avkøyrsla til E39, seier Stang til Firda.

62-åringen med røter i Stongfjorden i Askvoll har bygd seg opp ei formue med tilknyting til aluminiumsindustrien, fiskemjøl og olje. Ifølgje skattelistene varStang i 2008 god for ei formue på over 100 millionar kroner.