Reagerer på Vegvesenet sine trafikkprognosar: – Fører Stortinget bak lyset

Det er uklart om nye motorvegar inn til byen vil gi mindre eller meir trafikkvekst enn utrekningane frå Vegvesenet viser. – Dei overdriv samfunnsnytten, meiner SV.

Svegatjørn - Rådal, dronebilde, 26. november 2020

MEIR ELLER MINDRE VEKST: Statens vegvesen gir ulike svar på om trafikkprognosane for nye motorvegar inn mot Bergen er for høge eller for låge. Neste år opnar motorvegen som blir ny E39 til Bergen frå Os i sør.

Foto: Statens vegvesen / Hawkeye

Stortinget skal i dag vedta Nasjonal transportplan (NTP), som legg rammene for samferdsleutbyggingar dei neste tolv åra.

Arne Nævra i Sosialistisk Venstreparti meiner at Statens vegvesen leverer oppblåste trafikkprognosar for store vegutbyggingar.

– Viss trafikktala er høge, gir det veldig godt resultat i samfunnsnytte-modellen. Då er det klart det ligg tendensar til å blåse opp den forventa trafikkmengda.

Arne Nævra (og Lars Haltbrekken) i SV

«ALT ER GALE»: Arne Nævra (SV) meiner motorvegar hindrar nullvekstmålet, men at oppblåste trafikkprognosar samtidig overdriv samfunnsnytten og fører Stortinget bak lyset.

Foto: ARNE NAEVRA

Kva blir trafikkveksten?

Bakgrunnen er at NRK nyleg fortalde om eit paradoks i Bergen og fire nabokommunar.

Byregionen har forplikta seg til nullvekst i privatbilismen, samstundes som staten bygger eller planlegg firefelts innfartsårer i alle himmelretningar rundt byen.

Spørsmålet er kor mykje trafikk det blir på dei nye innfartsårene. Men svaret er ikkje opplagt.

Vegvesenet har ikkje laga trafikkprognosar for den samla effekten av fire-fem nye innfartsårer.

Dronefoto frå Rådalen, ny E39 Svegatjørn-Rådalen.

NESTEN DOBLING: På den nye E39 her i Rådalen vil 28.000 køyretøy passere dagleg om 30 år, ifølge Vegvesenet. På dagens veg frå sør er det vel 15.000 køyretøy.

Foto: Statens vegvesen

Veganalytikaren: – Truleg lågare

Vegprognosane summert gir minst 40.000 fleire bilpasseringar dagleg i «nullvekstbyen», basert på dagens trafikkteljingar og vegvesenets prognosar.

Men ifølge Statens vegvesen sin leiande transportanalytikar, senioringeniør Erik Johannessen, er talet truleg for høgt. Summering av prosjekta gir ikkje eit rett bilete, meiner han.

Enkelt forklart kan du jo berre bu éin stad. Ein ny veg vil ikkje få like stor trafikkvekst når det også blir bygt gode vegar i tre andre retningar der folk kan velje å bu eller arbeide.

Arne Nævra i SV reagerer på at Vegvesenet meiner det summerte talet blir for høgt.

Det er nemleg trafikkprognosane stortingspolitikarane legg stor vekt på når dei skal vedta Nasjonal transportplan for den neste tolvårsperioden. Er trafikkprognosane høge, vil vegprosjektet vere til nytte for fleire.

Nævra fryktar dei tek avgjerder på feil grunnlag.

– Langt på veg vil eg seie at Stortinget blir ført bak lyset, seier Nævra.

Heftig e-postutveksling i Vegvesenet

Etter NRK publiserte saka om nye motorvegar og nullvekstmål, har det vore ein intern diskusjon i Statens vegvesen.

Det fortel vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.

– Det var ei heftig e-postutveksling hjå oss etter NRK-saka, seier ho.

Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland

TRUR PÅ MEIR: Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland i Statens vegvesen seier trafikkveksten vanlegvis blir større enn prognosane deira viser på førehand.

Foto: Knut Opeide

Hovland avviser at Vegvesenet leverer overdrivne anslag på trafikkvekst og dermed kor samfunnsøkonomisk lønsame vegutbyggingane er.

Tvert om seier ho at prognosane vanlegvis er for låge.

– I det store og heile er nok våre trafikkprognosar litt konservative. Erfaringa viser at trafikkveksten blir høgare enn det som normalt blir lagt til grunn, seier vegdirektøren.

– Du og din eigen transportanalytikar gir tilsynelatande motsette konklusjonar?

– Stort sett pleier trafikkprognosane frå Vegvesenet å stemme godt, men som sagt er dei konservative, svarar Hovland.

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

FIRE GONGER MEIR? Den fem kilometer lange E39-brua som er planlagd over Bjørnafjorden kan ifølge Vegvesenet gi 10.000 fleire køyretøy dagleg i bergensregionen, der målet er nullvekst i privatbilismen.

Illustrasjon: Statens vegvesen/Dissing+Weitling

SV kritisk til samfunnsnytten

Silje Hjemdal, stortingsrepresentant frå Framstegspartiet, seier at dei er for vegutbygging uavhengig av prognosane.

– Andre parti meiner kanskje det er noko som skal lage usikkerheit rundt prosjekta våre. Men vi er for vegutbygging. Det blir prioritert av oss uansett om anslaga er for låge eller for høge, seier stortingsrepresentant Silje Hjemdal.

– Frp treng ikkje utgreiingar eller analysar, men vil ha veg uansett?

– Vi kan ikkje ha utgreiingar og omkampar. Det vil ikkje gjere ein forskjell for oss. Og nullvekstmålet meiner vi bør bli skrota.

Nævra i SV peiker på at dei store byområda har avtalar med staten om at biltrafikken i byane ikkje skal auke. Derfor meiner han at Stortinget må skrote storstilt motorvegutbygging.

– Vi klarer ikkje å nå nullvekstmålet når nye motorvegar berre matar fleire bilar inn i byane. Med regjeringas motorvegpolitikk må ein skrinlegge målet om nullvekst i byane. Det er ein tragedie som også strir mot klimaambisjonane, meiner han.