Opp gjennom åra har ulike sørvisbygg, rasteplassar og tilrettelagde utsiktspunkt kome opp langs nasjonale turistvegar i Noreg.
I Hardanger er to rasteplassar under oppføring. Til ein prislapp på nesten 60 millionar kroner.
Det skaper reaksjonar.
Mellom anna fordi prosjekta ligg i område med dårleg vegstandard.
– Trygg veg og gode arbeidsforhold og fasilitetar for dei som har vegen som arbeidsplass først, og design-toalett etterpå, meiner Geir Mo, som er leiar i Noregs Lastebileigarforbund.
– Tre toalett
På riksveg 13, like sør for Lofthus, finn du rasteplassen Espenes, teikna av arkitektfirmaet Code Arkitektur.
Her reiser det seg ein 64 meter lang stålkonstruksjon, som skal innehalde eit sørvisbygg med tre toalett.
Rasteplassen til Nasjonal turistveg skal stå klar i slutten av august.
Og prislappen? 41 millionar kroner.
Det er 40 millionar koner meir enn kva milliondoen på Sognefjellet på den populære rasteplassen på Oscarshaug kosta.
TRE TOALETT: Store stålplater har blitt sveisa saman til eit ni meter høgt sørvisbygg med tre toalett. Rasteplassen skal stå ferdig i august.
Foto: Tale Hauso / NRKHar ein bismak
– Det er flotte rasteplassar, men vi trur dei reisande har meir nytte av ein plass å stoppa og eit toalett som fungerer og er reint, heile året, framfor ein stålkonstruksjon frå Kina som er pen å sjå på, seier Geir Mo i Lastebileigarforbundet.
Han legg til at prosjekta ikkje høyrer heime på Statens vegvesen sitt budsjett, men burde heller vera under Næringsdepartementet, som har ansvar for reiselivet.
NY: Slik ser teikningane over den nye rasteplassen på Espenes ut. Her kjem det parkering for bussar og personbilar. Og bord og benkar som folk kan bruka.
Illustrasjon: Code Arkitektur17 millionar kroner
Om vi reiser til Kvam, i ei lita bukt utanfor Ålvik ved Hardangerfjorden, har rasteplassen Tyrvefjøra fått eit toalett ingen har sett maken til.
Rasteplassen er designa av arkitektfirmaet Helen & Hard.
Det tyske paret Elisabeth og Alfred Grotke har tatt turen til den nyopna rasteplassen.
Dei tippar anlegget har kosta om lag ein million norske kroner.
Då dei får vite at svaret er 17 millionar kroner, gispar dei i kor.
– Oj, det var veldig dyrt.
Dei synest plassen er vakker og at arkitekturen er stilig, men det viktigaste er ryddige rasteplassar og reine toalett.
TURISTANE: Det tyske paret Elisabeth Grotke og Alfred Grotke nyttar den nye rasteplassen.
Foto: Tale Hauso / NRK– Ein attraksjon
– Eg synest det er altfor mykje pengar å bruka på ein rasteplass. Det er stilig, men det er ikkje verdt 17 millionar kroner, seier Jarle Garen frå Ålvik.
Bygget er laga av 70 furustammer som står opp ned og held eit betongtak med grus og rullesteinar.
Garen er spent på å sjå kor mange som kjem til å stoppa ved det nye anlegget.
– Om det blir ein oppsiktsvekkande turistattraksjon, så hadde jo det vore kult då, legg han til.
– Eg synest at det vart veldig fint. Eg trur det blir ein turistattraksjon, seier Gerd Mo frå Ålvik.
POPULÆR: Mange hadde tatt turen for å få med seg opninga av den nye rasteplassen til Nasjonal turistveg.
Foto: Tale Hauso / NRKSå langt gjennomført 164 prosjekt
I løpet av eit par år vil det vera over 200 installasjonar langs dei 18 turistvegane i Noreg.
Hittil har designsatsinga kosta i overkant av 4,2 milliardar kroner.
Statens vegvesen er overtydde om at satsinga vil gje langt meir igjen i kroner og øre for reiselivsbedriftene langs vegane og reiselivet generelt.
– Vi ser at turistvegsatsinga bidreg til fleire besøkande, auka lønsemd blant bedriftene langs strekningane, i tillegg til å styrka omdømmet internasjonalt med bruk av moderne arkitektur i storslegen natur, seier Per Ritzler, pressesjef i Nasjonale turistvegar.
Per Ritzler i Nasjonal turistveg.
Foto: Tale Hauso / NRKIkkje berre eit toalett
Nasjonal turistveg forstår at det kjem spørsmål om pengebruken.
– Det er naturleg med reaksjonar på attraksjonar som Espenes og Tyrvefjøra som begge er prototypar som ikkje er bygd før. Men det er så mykje meir enn berre eit toalett. Det er eit signalbygg i eit statleg design- og arkitekturprogram, seier Ritzler.
Han svarar at pengane uansett ikkje hadde gått til dømes til vegutbetring.
– Vi har eit heilt eige budsjett for å utvikla attraksjonane, seier Ritzler.
– Men pengane som går til nasjonale turistvegar kjem jo frå same pengesekk frå staten?
– Det er regjeringa sine budsjettforhandlingar som avgjer. Så får vi tru og håpa at departementet har full kontroll på korleis pengane bør fordelast.